Forskrift om vern av Prestaksla naturreservat, Nesset kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2016-11-25-1373
PublisertII 2016 hefte 4
Ikrafttredelse25.11.2016
Sist endret
EndrerFOR-2010-03-05-333
Gjelder forNesset kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort28.11.2016   kl. 16.10
KorttittelForskrift om vern av Prestaksla naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 25. november 2016 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med naturreservatet er å bevare eit tilnærma urørt naturområde som har mykje å seie for biologisk mangfald. Høgdegradienten bidrar til eit stort mangfald av arter. Nedst er det artsrik lågurtskog, rike hasselkratt og annan edellauvskog med innslag av alm og ask. I midtre delar er det gammal skog med furu, osp og bjørk. Her er store mengder daud ved. Øvst er bjørk dominerande treslag. Området er representativt for naturleg skogdynamikk på Vestlandet med gamle tre, stormfellingsdynamikk og påfølgjande lauvtreoppslag.

Det er eit mål å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr.: Nesset kommune: 59/1, 59/3, 59/16, 60/1 og 60/2.

Naturreservatet dekker eit totalareal på ca. 1 457 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart datert Klima- og miljødepartementet november 2016. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart skal oppbevarast i Nesset kommune, hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjere noko som skadar verneverdiane som er nemnd i føremålet med vernet.

I naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne plantar, sopp og lav eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre eller annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetting av dyr er forbode.
c)Det må ikkje settast i gong tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker e.l., framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte tilførsler av forureining, tøming av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømmande.
d)Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt og fangst i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Skadefelling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Oppsetting av mellombelse, mobile jakttårn for storviltjakt.
e)Beiting.
f)Merking og vedlikehald av eksisterande stiar vist på vernekartet.
g)Brenning av bål med tørrkvist eller ved som er boren til staden, i samsvar med gjeldande lovverk.
h)Vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar og andre anlegg og innretningar i samsvar med tilstand på vernetidspunktet.
i)Kantrydding i tryggleikssona til fylkesvegen.
j)Drift og vedlikehald, samt naudsynt istandsetting ved akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg.
k)Oppgradering eller fornying av eksisterande kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje krev vesentlege fysiske endringar i høve til verneføremålet.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorferdsel er forbode, medrekna landing og start med luftfartøy
b)Utanom stiane vist på vernekartet, er bruk av sykkel, hest og kjerre samt riding forbode.
§ 6.(generelle unntak frå reglane om ferdsel)

Ferdselsreglane i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- eller forvaltingsoppgåver som er vedteke av forvaltingsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingsverksemd.

Ferdselsreglane i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyretøy som blir nytta skal vere skånsame mot markoverflata. Ein skal gje melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet i forkant av slik køyring.
b)Naudsynt motorferdsel i samband med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Det skal i etterkant sendast melding til forvaltingsstyresmakta.
c)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
d)Landing og start med Forsvarets luftfartøy.
§ 7.(spesifiserte dispensasjonsreglar)

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gi dispensasjon til:

a)Avgrensa bruk av reservatet for aktivitetar nemnd i § 3 d).
b)Hogst og uttak av gran, platanlønn og andre framande treslag.
c)Oppgradering eller fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4.
d)Istandsetting og vedlikehald av kulturminne.
e)Oppføring av gjerde og samleanlegg for beite.
f)Utsetting av saltslikkestein.
g)Nødvendig motorferdsel i samband med drift, vedlikehald, oppgradering og fornying av kraftleidningar.
h)Nødvendig motorferdsel i forbindelse med aktivitetar etter § 4 i og j, og § 7 b, d, e og f.
§ 8.(generelle dispensasjonsreglar)

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom tiltaket ikkje er i strid med vernevedtaket sitt føremål og ikkje kan påverka verneverdiane nemneverdig, eller dersom tryggleiksomsyn og omsyn til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er føremålet med vernet, jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.(forvaltingsplan)

Det skal utarbeidast forvaltingsplan med nærare retningsliner for forvalting av naturreservatet. Forvaltingsplanen kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.(forvaltningsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.(ikraftsetjing)

Denne forskrifta trer i kraft straks. Samtidig blir forskrift 5. mars 2010 nr. 333 om vern av Prestaksla naturreservat, Nesset kommune, Møre og Romsdal oppheva.