Forskrift om vern av Hæstad naturreservat, Fyresdal kommune, Telemark

DatoFOR-2016-11-25-1387
PublisertII 2016 hefte 4
Ikrafttredelse25.11.2016
Sist endret
EndrerFOR-2013-01-25-81
Gjelder forFyresdal kommune, Telemark
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort28.11.2016   kl. 16.10
KorttittelForskrift om vern av Hæstad naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 25. november 2016 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremma av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med naturreservatet er å bevare eit område som representerer ein bestemt type natur i forma av eit stort og samanhengande område med lite påverka og urørd granskog. Vidare er føremålet å bevare eit område som har særskilt naturvitskapleg verdi som eit representativt høgareliggande nordborealt skog- og heiområde i Vest-Telemark og Setesdalsregionen. Området er dominert av fattig barskog, dels i mellomboreal men hovudsakleg i nordboreal sone. Det finst rikare sørberg og område med rasmark med element av lågurtgranskog, rik boreal lauvskog og opne rasmarkparti med lågurt- og høgstaudeflora opp mot 900 m. Kjernepartia inneheld særs gamal grovvoksen og urørd blåbærgranskog. Enkelte stadar finst innslag av stor gamal gadd av furu og mykje læger av bjørk.

Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand og å utvikla dei vidare om det let seg gjera.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr.: Fyresdal kommune: 80/3, 81/1, 81/2.

Naturreservatet dekker eit totalareal på om lag 12 120 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart datert Klima- og miljødepartementet november 2016. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart skal oppbevarast i Fyresdal kommune, hos Fylkesmannen i Telemark, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjere noko som skadar verneverdiane som er nemnde i føremålet med vernet.

I naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter, sopp og lav, eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig uroing. Utsetting av dyr er forbode.
c)Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, tøming av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømande.
d)Bruk av naturreservatet til idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Beiting.
e)Vedlikehald av traktorvegar teikna inn på vernekartet.
f)Naudsynt sikringsarbeid på Hestekvævgruva.
g)Brenning av bål i perioden f.o.m. 15. september t.o.m. 15. april med tørrkvist eller ved ein har med seg, i samsvar med gjeldande lovverk.
h)Oppsetjing av mellombels, mobile jakttårn til storviltjakt.
i)Forsiktig rydding av småbuskar og kvist på postar i samband med jakt etter storvilt.
j)Utsetjing av saltsteinar.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorferdsel til lands og på vatn er forbode, medrekna landing og start med luftfartøy.
b)Utanom eksisterande vegar er bruk av hest og kjerre og riding forbode.
§ 6.(generelle unntak frå reglane om ferdsel)

Reglane om ferdsel i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingskøyring.

Reglane om ferdsel i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Kjøretøy som nyttast skal vera skånsame mot markoverflata. Ein skal gje melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyring.
b)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
c)Naudsynt bruk av snøskuter i samband med preparering av skiløype teikna inn på vernekartet.
d)Naudsynt transport av ved, materialar og utstyr med snøskuter til hytter og stølar på naboeigedomar og til stølane Gullborgdalen (81/1), Øvre Liene og Fistøyl (81/2) og Saupstøyl (80/3) etter fast løypetrasé frå Hæstad gjennom naturreservatet til Ringtjønn.
e)Riding på stig til Auvortjønn avmerkt på vernekartet.
f)Landing og start med Forsvaret sine luftfartøy.
§ 7.(spesifiserte dispensasjonsreglar)

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

a)Avgrensa bruk av reservatet for aktivitetar nemnde i § 3 d.
b)Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
c)Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
d)Merking, rydding og vedlikehald av etablerte stigar, løyper og gamle ferdselsvegar.
e)Hogst av etablerte plantefelt.
f)Uttransport av felt elg og hjort med anna skånsamt køyretøy enn lett beltekøyretøy som nemnd i § 6 andre ledd b.
g)Gjenoppføring av anlegg eller innretningar som har gått tapt ved brann eller naturskade.
h)Mellombels gjerding i samband med beite.
i)Øvingskøyring for formål nemnde i § 6 første ledd.
j)Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar etter § 4 e, f og j og § 7 b, c, e, g og h.
k)Naudsynt motorferdsel transport av ved, materialar og utstyr hytter og stølar på naboeigedomar og til stølane Gullborgdalen (81/1), Øvre Liene og Fistøyl (81/2) og Saupstøyl (80/3) etter fast løypetrasé frå Hæstad gjennom naturreservatet til Ringtjønn.
§ 8.(generelle dispensasjonsreglar)

Forvaltingsstyresmakta kan gjera unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot formålet med vernet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsyn til tryggleik eller til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er formålet med vernet jf. naturmangfoldloven § 47.

§ 10.(forvaltingsplan)

Det kan utarbeidast forvaltingsplan med nærare retningsliner for forvalting av naturreservatet. Forvaltingsplanen kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.(forvaltingsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal vera forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.(ikraftsetjing)

Denne forskrifta trer i kraft straks. Samtidig blir forskrift 25. januar 2013 nr. 81 om vern av Hæstad naturreservat, Fyresdal kommune oppheva.