Forskrift om vern av Tokkeåi naturreservat, Tokke og Vinje kommunar, Telemark

DatoFOR-2016-11-25-1388
PublisertII 2016 hefte 4
Ikrafttredelse25.11.2016
Sist endret
EndrerFOR-2014-12-12-1647
Gjelder forTokke og Vinje kommunar, Telemark
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort28.11.2016   kl. 16.10
KorttittelForskrift om vern av Tokkeåi naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 25. november 2016 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremma av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit særmerkt skogområde med stor variasjon av element som er viktige for det biologiske mangfaldet, i form av eit stort samanhengande kløftesystem med variert topografi og sjeldne naturtypar som fuktige bergveggar og skogmiljø på rasmark, lavrik lauvskog med regnskogpreg og grunnlendte førekomstar av kalkbarskog, og førekomstar av lågurt-eikeskog utanfor kløftesystemet.

Vidare er føremålet å bevare eit område som har særskilt naturvitskapleg verdi som eit av dei største registrerte kløftesystema i Noreg, med uvanleg velutvikla neverlavsamfunn og rike samfunn av mikrolav på alm, og med mange sjeldne og truga artar.

Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og utvikle dei vidare om det let seg gjera.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr.: Tokke kommune: 24/1, 25/1 og 3, 26/1, 7 og 10, 26/2, 39/1, 39/3, 39/10, 40/1, 40/2, 40/4, 41/2, 41/3, 41/5, 41/6, 42/2, 42/3, 43/6, 43/9 43/16. Vinje kommune: 2/1, 3/1, 12/1.

Naturreservatet dekker eit totalareal på ca. 5 687 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart datert Klima- og miljødepartementet november 2016. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart skal oppbevarast i Tokke og Vinje kommunar, hos Fylkesmannen i Telemark, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjere noko som skadar verneverdiane som er nemnde i føremålet med vernet.

I naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (medrekna lav) eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetting av dyr er forbode.
c)Det må ikkje settast i gong tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg, gjerde og andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert forureining, dumping av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømande.
d)Bruk av naturreservatet til idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Beiting.
c)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Oppsetting av mellombelse, mobile jakttårn for storviltjakt.
e)Felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
f)Vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar, anlegg og innretningar slik tilstanden var på vernetidspunktet.
g)Brenning av bål med tørrkvist frå bakken eller ved ein har med seg, i samsvar med gjeldande lovverk.
h)Drift og vedlikehald, samt naudsynt istandsetjing ved akutt utfall av eksisterande energi- og kraftanlegg.
i)Oppgradering eller fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt når dette ikkje føreset vesentlege fysiske endringar i høve til verneføremålet.
j)Forsiktig rydding av småbuskar og kvist på postar i samband med jakt på storvilt.
k)Utsetjing av saltsteinar for bufe og hjortevilt.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorferdsel på land og i vatn er forbode, medrekna landing og start med luftfartøy.
b)Utanom eksisterande vegar er bruk av hest og kjerre og riding forbode.
§ 6.(generelle unntak frå reglane om ferdsel)

Reglane om ferdsel i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er fastsett av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingsverksemd.

Reglane om ferdsel i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsel i samband med uttransport av sjuke og skadde bufe. Kjøretøy som nyttast skal vere skånsame mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før transporten tek til.
b)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett beltekjøretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
c)Naudsynt motorferdsel i samband med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Det skal sendast melding til forvaltingsstyresmakta etter at transporten er gjort.
d)Landing og start med Forsvaret sine luftfartøy.
§ 7.(spesifiserte dispensasjonsreglar)

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gi dispensasjon til:

a)Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
b)Oppgradering eller fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4.
c)Gjenreising av anlegg og innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
d)Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stigar og gamle ferdselsvegar.
e)Rydding og vedlikehald av gamal innmark på husmannsplass på gnr. 43 bnr. 9 i Tokke.
f)Etablering av nye stigar og anna enkel tilrettelegging for friluftsliv, så lenge naturmiljøet ikkje blir skadelidande.
g)Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
h)Avgrensa bruk av reservatet for aktivitetar som nemnde i § 3 d.
i)Mellombels gjerding i samband med beiting.
j)Fjerning av ståande tre eller vindfall som kan vera til skade for naboeigedomar.
k)Øvingskøyring for formål nemnt i § 6 første ledd.
l)Naudsynt motorferdsel i samband med drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg, og oppgradering og fornying av kraftleidningar.
m)Uttransport av felt elg og hjort med anna kjørety enn lett beltekjørety som nemnt i § 6 andre ledd b.
n)Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar etter § 4 f og k og § 7 a, c, g h og i.
§ 8.(generelle dispensasjonsreglar)

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot formålet med vernet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsyn til tryggleik eller til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfoldloven § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er formålet med vernet, jf. naturmangfoldloven § 47.

§ 10.(forvaltingsplan)

Det kan utarbeidast forvaltingsplan med nærmare retningsliner for forvalting av naturreservatet. Forvaltingsplanen kan innehalde nærmare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.(forvaltingsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 12.(iverksetjing)

Denne forskrifta tek til å gjelde straks. Samtidig blir forskrift 12. desember 2012 nr. 1647 om vern av Tokkeåi naturreservat, Tokke og Vinje kommunar, Telemark oppheva.1

1Skal vel vere forskrift 12. desember 2014 nr. 1647, Lovdata sin merknad.