Forskrift om vern av Hålandsdalen naturreservat, Suldal kommune, Rogaland

DatoFOR-2016-11-25-1400
PublisertII 2016 hefte 4
Ikrafttredelse25.11.2016
Sist endret
EndrerFOR-2013-01-25-89
Gjelder forSuldal kommune, Rogaland
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§34, LOV-2009-06-19-100-§37, LOV-2009-06-19-100-§62
Kunngjort28.11.2016   kl. 16.10
KorttittelForskrift om vern av Hålandsdalen naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 25. november 2016 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvalting av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 34, jf. § 37 og § 62. Fremja av Klima- og miljødepartementet.

§ 1.(føremål)

Føremålet med naturreservatet er å bevare eit område som representerer ein bestemt type natur i form av eit stort samanhengande skogsområde frå lågland til fjell med edellauvskog, temperert regnskog og eldre furuskog, som er lite prega av nyare inngrep. Eldre edellauvskog/haustingsskog av ask og andre edellauvtre dominerer langs Storåna og i rasmark og bratte lier, særleg ut mot Hålandsdalen. På stammane finst fleire sjeldsynte, fuktkrevjande og trua lavarter som gjer at skogen kan reknast som regnskog.

Det er eit mål å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand og eventuelt vidareutvikle dei. Om mogleg er det også eit mål å ta vare på kulturpreget i haustingsskogen.

§ 2.(geografisk avgrensing)

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr.: Suldal kommune: 167/1, 159/1, 159/2, 160/4, 165/24, 165/1, 165/2, 164/3.

Naturreservatet dekker eit totalareal på om lag 7 078 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart datert Klima- og miljødepartementet november 2016. Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Verneforskrifta med kart skal oppbevarast i Suldal kommune, hjå Fylkesmannen i Rogaland fylke, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

§ 3.(vernereglar)

I naturreservatet må ingen gjere noko som skadar verneverdiane som er nemnde i føremålet med vernet.

I naturreservatet gjeld følgjande vernereglar:

a)Vegetasjonen, medrekna daude busker og tre, er verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå naturreservatet. Planting eller såing av tre og annan vegetasjon er forbode.
b)Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Utsetjing av dyr er forbode.
c)Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombels innretningar, parkering av campingvogner, brakker el, opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar, kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte ureiningar, plassering av avfall, gjødsling, kalking eller bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga av tiltak er ikkje uttømande.
d)Bruk av naturreservatet til idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.
e)Brenning av bål er forbode.
§ 4.(generelle unntak frå vernereglane)

Vernereglane i § 3 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Sanking av bær og matsopp.
b)Jakt, fangst og fiske i samsvar med gjeldande lovverk.
c)Felling av store rovdyr i samsvar med gjeldande lovverk.
d)Beiting.
e)Vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar og andre anlegg og innretningar i samsvar med tilstand på vernetidspunktet.
f)Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
g)Drift og vedlikehald, samt naudsyn istandsetjing ved akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg.
h)Oppgradering eller fornying av kraftleidningar for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlege fysiske endringar i høve til verneføremålet.
§ 5.(regulering av ferdsel)

All ferdsel skal skje varsamt og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne.

I naturreservatet gjeld følgjande reglar om ferdsel:

a)Motorferdsel på land og på vatn er forbode, medrekna landing og start med luftfartøy.
b)Bruk av sykkel, hest og kjerre, samt riding er forbode.
§ 6.(generelle unntak frå reglane om ferdsel)

Ferdselsreglane i § 5 er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsverksemd, samt gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningsoppgåver som er bestemt av forvaltningsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingskøyring.

Ferdselsreglane i § 5 andre ledd er ikkje til hinder for:

a)Naudsynt motorferdsle for uttransport av sjuke og skadde bufe. Køyretøy som nyttast skal vere skånsamt mot markoverflata. Det skal gjevast melding til ansvarleg oppsyn for verneområdet før køyring skjer.
b)Naudsynt motorferdsle i samanheng med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
c)Naudsynt uttransport av felt elg og hjort med lett beltekøyretøy som ikkje set varige spor i terrenget.
d)Naudsynt motorferdsle i samanheng med drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
e)Landing og start med Forsvarets luftfartøy.
§ 7.(spesifiserte dispensasjonsreglar)

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

a)Avgrensa bruk av reservatet for aktivitetar nemnt i § 3 d.
b)Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
c)Tiltak i samband med forvalting av vilt og fisk.
d)Rydding og vedlikehald av eksisterande stiar.
e)Uttak av bjørkeved til bruk på Hålandsstølen og rydding av einer og tilvekst av bjørk, kring stølen, i medhald av godkjent forvaltingsplan.
f)Oppføring av nye anlegg, flytting av anlegg, og tilbygg til eksisterande anlegg for Kystverket.
g)Gjenoppføring av bygningar, anlegg eller innretningar som er gått tapt ved brann eller naturskade.
h)Oppgradering eller fornying av kraftleidningar som ikkje fell inn under § 4.
i)Naudsynt motorferdsel i samanheng med drift, vedlikehald, oppgradering og fornying av kraftleidningar.
j)Naudsynt transport av material for vedlikehald av hytte, på stitrase mellom Haugland og Hålandsstølen
k)Oppføring av gjerde i samband med beiting.
l)Utsetjing av saltsteinar.
m)Naudsynt motorferdsel for aktivitetar etter § 4 e og § 7 b, c, g, j, k og 1.
§ 8.(generelle dispensasjonsreglar)

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje strir mot føremålet med vernet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom omsynet til tryggleik eller omsynet til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, jf. naturmangfaldlova § 48.

§ 9.(skjøtsel)

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- og kulturtilstanden som er føremålet med vernet, jf. naturmangfaldlova § 47.

§ 10.(forvaltningsplan)

Det skal utarbeidast forvaltingsplan med nærare retningsliner for forvalting av naturreservatet. Forvaltingsplanen kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 11.(forvaltningsstyresmakt)

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltningsstyresmakta etter denne forskrifta.

§ 12.(ikraftsetjing)

Denne forskrifta trer i kraft straks. Samtidig blir forskrift 25. januar 2013 nr. 89 om vern av Hålandsdalen naturreservat, Suldal kommune, Rogaland, oppheva.