Forskrift om konsesjonsvilkår for omsetjing av film og videogram, Tysvær kommune, Rogaland.

DatoFOR-1988-05-10-567
PublisertII 1988 s 326
Ikrafttredelse01.07.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forTysvær kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1987-05-15-21
Kunngjort
KorttittelForskrift om film og videogram, Tysvær

Vedtekne av Tysvær kommunestyre 10. mai 1988 med heimel i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21.

§ 1.Verkeområde

Desse vilkåra gjeld for alle som skal driva omsetjing av film og videogram i Tysvær kommune, eller postordreomsetjing av same, med forretningsadresse i Tysvær.

§ 2.Konsesjonsplikt

Alle som vil driva framsyning eller utleige, sal eller anna omsetjing av film og videogram som del av næring, skal ha kommunal konsesjon.

Unnateke frå dette er sal og/eller utleige til vidare omsetjing (grossistverksemd).

§ 3.Konsesjonsgjevar

I samsvar med § 2 i lov om film og videogram og etter vedtak i Tysvær kommunestyre 10. mai 1988 er det kulturstyret som tildelar konsesjon.

Konsesjonssøkjarar som vert nekta konsesjon, kan anka kulturstyret si avgjerd til formannskapet.

§ 4.Generelle konsesjonsvilkår

Den som får kommunal konsesjon til å omsetje film eller videogram pliktar å setje seg nøye inn i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21 og forskriftene til denne. Vidare pliktar vedkomande å retta seg etter dei føresegner som finst i denne lova og desse forskriftene.

Kulturadministrasjonen pliktar å ha lova og forskriftene tilgjengelege, slik at konsesjonssøkjaren kan få desse utlevert.

§ 5.Særskilde konsesjonsvilkår

I Tysvær kommune gjeld følgjande vilkår i tillegg til dei som følgjer direkte av lova:

A:Ingen kan få konsesjon til omsetjing av film og videogram når ein tidlegare er bøtelagt eller straffa for tilhøve som har med slik omsetjing å gjera, eller på ulovleg måte har drive slik omsetjing utan å vera registrert i Videogramregisteret. I særskilde tilfelle kan det gjerast unntak frå dette.
B:Konsesjon for omsetjing av film og videogram kan gjevast til eigar av firma som driv med dette. Ved skifte i eigartilhøve må det søkjast om ny konsesjon.
C:All omsetjing av film og videogram skal skje over disk, og personale som tek seg av dette skal ha fylt 18 år. Utleigeautomatar vert ikkje tillatne.
D:Utleige av film og videogram direkte til barn kan berre skje når dette er merka med «tilrådd aldersgrense», eller godkjent for ei nærare bestemt aldersgruppe, som samsvarar med den alderen barnet har.
E:Utleige av film og videogram som ikkje er merka i samsvar med § 7 i forskriftene, vert ikkje tillate.
F:Den som har konsesjon pliktar å ha tilgjengeleg eit rimeleg utval av det som finst på marknaden av aktuelle norskproduserte filmar, samt barnefilmar.

Dersom det vert reist tvil om dette vilkåret er overhalde, kan konsesjonsgjevar utføra ei konkret vurdering av filmutvalet, og eventuelt kome med pålegg om eit breiare utval som konsesjonshavar då pliktar å retta seg etter.

§ 6.Kontroll

Kommunen ved kulturstyret kan føreta inspeksjon og kontroll om konsesjonshavar held seg til lov, forskrifter og dei kommunale konsesjonsvilkår.

§ 7.Konsesjonslengde, oppseiing, m.v.

Konsesjon kan gjevast for inntil 4 år. Samtlege konsesjonar i kommunen går ut samstundes. Konsesjonshavar pliktar sjølv å sørga for å sende inn ny søknad om fornying, seinast 4 månader før konsesjonen går ut. Dersom fornya søknad kjem seinare, har søkjaren ikkje krav på å få konsesjonen fornya innan utløp.

Kulturstyret kan når som helst trekkja konsesjonen tilbake, dersom konsesjonshavar set seg ut over dei reglar som følgjer av lov, forskrifter eller dei kommunale konsesjonsvilkåra. Slik avgjerd kan ankast til formannskapet.

§ 8.Iverksetjing

Desse konsesjonsvilkåra for omsetjing av film og videogram i Tysvær kommune, gjeld frå 1. juli 1988.