Forskrift for kommunalt løyve for framsyning og omsetjing av film eller videogram i næring, Åmli kommune, Aust-Agder.

DatoFOR-1988-06-28-718
PublisertII 1988 s 418
Ikrafttredelse28.06.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅmli kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-1987-05-15-21
Kunngjort
KorttittelForskrift for løyve, video m m, Åmli

Vedteke i Åmli kommunestyre 28. juni 1988 med heimel i lov av 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram.

§ 1.Kommunestyret vedtek reglar for kommunalt løyve for framsyning og omsetjing av film eller videogram i næring.
§ 2.Alle som vil drive framsyning og omsetjing av film eller videogram i næring i Åmli kommune, herunder privatpersonar, forretningsmessige selskap og kommunale verksemder, må ha kommunalt løyve. Definisjon av film og videogram er gitt i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21.
§ 3.Hovudutval for kultur gir løyve etter desse reglar i Åmli kommune. Anke over vedtak vert behandla av formannskapet.
§ 4.Løyve kan gjevast til personar over 20 år, og som ikkje dei siste 2 år er straffa i samband med ulovleg framsyning eller omsetjing av film eller videogram. I lokale der det vert seld eller leigd ut filmar eller videogram, skal desse reglane og vedtak om kommunalt løyve gjerast kjent for kundane ved oppslag.
§ 5.Den som har fått løyve plikter å halde seg til dei lover, forskrifter og kommunale reglar for løyve som til ei kvar tid gjeld. Brot på desse, eller vilkår sett i løyvet, kan føre til at løyvet vert trekt attende.
§ 6.Løyvet er gyldig i 5 år frå vedtak. Løyvet vert automatisk forlenga eitt år av gonga dersom det ikkje vert sagt opp minst 3 månader før utløp. Løyvet fell bort ved opphald i verksemda.
§ 7.Dei lokala verksemda skal drivast frå må godkjennast av kommunen. Det må leggast fram erklæring frå teknisk etat på at lokala er godkjende som salslokale.
§ 8.Sal og utleige av videogram skal skje over disk.
§ 9.Løyvehavar etter desse reglar plikter å ha eit variert utval i tilbodet, herunder tilbod om filmar/videogram for born og ungdom og norskproduserte filmar. Minst 5 % av filmtilbodet skal vere filmar godkjend for aldersgruppa 5-10 år av Statens Filmsentral.
§ 10.Desse reglar vert gjort gjeldande straks.