Forskrift om konsesjonsvilkår for visning og omsetning av film og videogram, Sør-Fron kommune, Oppland.

DatoFOR-1988-06-30-1089
PublisertII 1988 s 570
Ikrafttredelse01.07.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forSør-Fron kommune, Oppland
HjemmelLOV-1987-05-15-21-§2
Kunngjort
KorttittelForskrift om film og videogram, Sør-Fron

Vedteke av Sør-Fron kommunestyre 30. juni 1988 med hjemmel i lov av 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram § 2.

§ 1.Virkeområde

Vilkåra gjeld alle som skal drive omsetning av eller vising av film eller videogram i næring i eller frå Sør-Fron kommune. Vilkåra er gjeve med heimel i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21.

§ 2.Verksemd som er konsesjonspliktig

Ingen næringsmessig vising eller omsetning av film og videogram kan finne stad utan kommunal konsesjon. Unntatt herifrå er sal eller utleige til vidareomsetning.

§ 3.Konsesjonsmyndigheit

Med heimel i § 2 i lova er konsesjonsmyndigheita tillagt hovudutvalet for kultur og fritid. Avslag på konsesjonssøknaden kan ankast til formannskapet.

§ 4.Generelle konsesjonsvilkår

Alle konsesjonshaverar pliktar å sette seg inn i og rette seg etter lov om film og videogram og forskriftene til lova. Konsesjonshavarane skal passe på at det:

a)blir betalt avgift til Norsk kino- og filmfond i samsvar med lov og på grunnlag av revidert rekneskap.
b)i næring berre blir vist filmar eller videogram som er sensurerte av Statens filmkontroll og omsett filmar eller videogram som er registrerte i Videogramregisteret og merka. Videogramforhandlarane skal vera registrerte i Videogramregisteret.
§ 5.Spesielle konsesjonsvilkår

I Sør-Fron kommune gjeld i tillegg følgjande konsesjonsvilkår:

a)Konsesjon blir gjeve til enkeltperson som ansvarleg konsesjonshavar. Skifter konsesjonshavaren arbeidsgjevar, eller vil arbeidsgjevaren skifte konsesjonshavar, må det søkjast ny konsesjon.
b)Konsesjon til omsetning eller vising av film eller videogram kan etter særskild vurdering bli nekta søkjar som i løpet av dei siste 5 åra er straffa for å ha sett seg utover § 211 og § 382 i straffelova, eller ha drive verksemd i strid med reglane i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21.
c)Omsetning av film og videogram kan berre gjerast av person som er fylt 18 år.
d)Tilrådde aldersgrenser eller aldersgrenser fastsett av Statens filmkontroll skal gjelde både ved omsetning og vising av film og videogram. Fullmakt frå foreldre/føresette gjev ikkje høve til å leige/kjøpe utan hinder av reglane om aldersgrenser. Videoautomatar er berre tillatt dersom dei er slik plasserte eller innretta at dei berre er tilgjengelege for personar som oppfyller reglane om aldersgrenser.
e)Den som driv vising eller omsetning av film og videogram pliktar å ha tilgjengeleg/vise eit rimeleg utval av det som finst på marknaden av barneprogram og norskproduserte program. Dersom denne føresetnaden ikkje er oppfylt, kan konsesjonsmyndigheita pålegge konsesjonshavaren å supplere tilbodet sitt. Konsesjonsmyndigheita kan sette ned eit eige utval til å avgje innstilling i slike spørsmål.
f)Konsesjon for vising av film og videogram kan bli nekta på bakgrunn av konkurransesituasjonen for alt etablerte kinoar.
§ 6.Kontroll

Kommunen har rett til å foreta kontroll/inspeksjon av verksemda til konsesjonssøkjarane/konsesjonshavarane.

§ 7.Konsesjonsperiode - oppseiing

Konsesjon blir gjeve for inntil 5 år. Alle konsesjonar i kommunen går ut på same tid, og konsesjonshavarane blir varsla av kommunen seinast 4 månader før utløp om at ny konsesjonssøknad må sendast inn. Verksemder som ønskjer å etablere seg i ei konsesjonsperiode, blir gjeve konsesjon fram til den generelle konsesjonsperioda går ut.

Hovudutvalet for kultur og fritid kan trekkje ein konsesjon attende dersom konsesjonsinnehavaren set seg ut over dei reglar som følgjer av lov, forskrifter eller konsesjonsreglar. Vedtak om dette kan påklagast til formannskapet.

§ 8.Iverksetjing

Desse konsesjonsvilkåra trer i kraft 1. juli 1988. Dei som ved denne dato har igang verksemd inna konsesjonsområdet og som er registrerte i Videogramregisteret må søkje om kommunal konsesjon innan 1. juli 1988. Alle andre må søkje konsesjon før verksemd blir sett igang. Igangsetting kan først skje når konsesjon er gjeve.