Forskrift om konsesjonsvilkår for framsyning og omsetning av film og videogram, Tokke kommune, Telemark.

DatoFOR-1988-11-28-1204
PublisertII 1989 9
Ikrafttredelse28.11.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forTokke kommune, Telemark
HjemmelLOV-1987-05-15-21-§2
Kunngjort
KorttittelForskrift om film og videogram, Tokke

Føresegn vedteke av Tokke kommunestyre 28. november 1988 med heimel i lov av 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram § 2.

§ 1.Verkeområde.

Føresegna gjeld framsyning, utleige, sal eller anna omsetjing av film eller videogram i næring i Tokke kommune.

Føresegna gjeld likevel ikkje omsetjing av film eller videogram for vidareomsetjing eller framsyning av film eller videogram med demonstrasjon av produkt, informasjonsprogram og reklame for varer og tenester der det ikkje vert kravd særskild betaling for framsyninga.

§ 2.Kommunal konsesjon. Konsesjonsmakt.

Den som vil vise fram eller omsetje film eller videogram i næring må ha konsesjon frå kommunen.

Konsesjon vert gjeven av hovudutval for kultur som også elles tek seg av kommunen sine gjeremål etter lov om film og videogram med føresegner.

§ 3.Konsesjonsperioden.

Konsesjonsperioden følgjer valperioden for kommunestyret.

Konsesjonshavarane skal ha melding før konsesjonsperioden går ut om at dei innan fastsett frist må sende inn søknad om ny konsesjon. Konsesjonsperioden etter fyrste ledd vert eventuelt forlenga for desse søkjarane til det ligg føre endeleg avgjerd på søknaden om fornying.

§ 4.Konsesjonsvilkår.
a.Generelle vilkår

Konsesjonshavar plikter å setje seg inn i og rette seg etter lov om film og videogram, føresegner gjevne i medhald av lova og kommunale vilkår som er sett for konsesjonen.

b.Krav til konsesjonshavar.

Konsesjonen er personleg og vert gjeve til person som stettar krava til handelsrett etter lov om handelsvirksomhet og som personleg er ansvarleg for verksemda.

Konsesjonshavar som ikkje sjølv står for omsetjing av film og videogram, kan berre overlate dette til person over 18 år som kjenner til føresegnene for omsetjing.

c.Aldersgrenser.

Sal, utleige eller anna omsetjing av film eller videogram kan berre skje til person over 15 år. Omsetjing kan likevel ikkje skje til person yngre enn godkjent eller tilrådd aldersgrense for filmen eller videogrammet. Fullmakt frå foreldre/føresette gjev ikkje høve til å omsetje i strid med desse aldersgrensene.

Framsyning må ikkje skje til personar yngre enn godkjent aldersgrense for filmen eller videogrammet.

d.Forbod mot bruk av automat.

All omsetjing av film og videogram skal skje over disk. Bruk av automat i omsetjinga er ikkje tillate.

e.Repertoar.

Den som driv framsyning eller omsetjing av film eller videogram, skal vise/ha eit rimeleg utval av det som finst på marknaden av barneprogram og norskproduserte program. Dersom dette vilkåret ikkje er oppfylt, kan kommunen gje konsesjonshavaren påbod om å supplere tilbodet sitt.

f.Kontroll.

Konsesjonshavar plikter å gje kontrollør oppnemnd av kommunen tilgjenge til verksemda for kontroll av at lov, føresegner og konsesjonsvilkår vert overhaldne.

g.Andre vilkår.

Konsesjonsmakta kan når særlege grunnar ligg føre, setje andre vilkår for konsesjon.

§ 5.Særlege føresegner om sakshandsaminga.
a.Konsesjonssøknad.

Søknad om konsesjon skal skje på føreskriven søknadsskjema der søkjar på førehand stadfestar at han vil akseptere kommunen sine konsesjonsvilkår.

b.Fråsegn frå politiet.

Før konsesjon vert gjeven, skal politiet ha uttalt seg om søkjar og eventuelle ordensmessige tilhøve.

c.Kontroll.

Kommunen skal som hovudregel føre kontroll med konsesjonshavar minst ein gong i konsesjonsperioden.

§ 6.Kommunen sine vedtak.
a.Vedtak om konsesjon.

Søkjarar som stettar krav i lov og føresegner og som aksepterer ovannemnde konsesjonsvilkår for framsyning og omsetjing av film og videogram, vert gjeve konsesjon dersom konsesjon ikkje vert å nekte etter punkt b.

b.Nekting av konsesjon.

Konsesjon kan nektast dersom det ligg føre grunnar som gjer det truleg at konsesjonen kan verte misbrukt.

Konsesjon skal som hovudregel nektast dersom søkjar eller dagleg leiar har drive verksemd i strid med lov, føresegner eller vilkår om framsyning eller omsetjing av film og videogram.

Konsesjon til framsyning av film og videogram kan nektast ved tilvising til konkurransesituasjonen for etablerte kinoar.

c.Inndraging av konsesjon.

Konsesjon ka trekkjast tilbake for resten av konsesjonsperioden eller kortare tid dersom konsesjonshavar eller dagleg leiar bryt nokon lov, føresegn eller konsesjonsvilkår om framvising eller omsetjing av film eller videogram.

§ 7.Klage.

Part eller annan med rettsleg klageinteresse kan påklage vedtak av konsesjonsmakta inn for formannskapet. For klage gjeld føresegnene i forvaltningslova.

§ 8.Ikraftsetjing.

Denne føresegna vert gjort gjeldande straks.