Forskrift om konsesjonsvilkår for visning og omsetning av film og videogram, Øygarden kommune, Hordaland.

DatoFOR-1988-12-13-1103
PublisertII 1988 579
Ikrafttredelse01.01.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forØygarden kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1987-05-15-21
Kunngjort
KorttittelForskrift om film og videogram, Øygarden

Øygarden kommunestyre har 13. desember 1988 vedteke forskrift om konsesjonsvilkår for omsetjing og framsyning av film og videogram.

§ 1.Verkeområde

Vilkåra gjeld alle som skal omsetja eller vise film og videogram i næring i eller frå Øygarden kommune. Føresegnene er gjeven med heimel i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21.

§ 2.Verksemder som er konsesjonspliktige

Ingen kan syna eller omsetja film og videogram i næring utan kommunal konsesjon. Unnateke frå dette er sal eller utleige til vidareomsetnad.

§ 3.Rett til å gje konsesjon

Med heimel i § 2 i lova er det kommunestyret som har retten til å gje konsesjon. Kommunestyret delegerer denne avgjerda til kulturstyret. Avslag på konsesjon kan klagast til formannskapet.

§ 4.Generelle konsesjonsvilkår

Alle som har konsesjon pliktar å sette seg inn i og rette seg etter lov om film og videogram og føresegnene til lova. Konsesjonshavarane skal særleg sjå til at det:

a)vert betalt avgift til Norsk kino- og filmfond i samsvar med lova og på grunnlag av revidert rekneskap,
b)i næring berre vist filmar og videogram som er sensurert av Statens filmkontroll, og berre omsett filmar eller videogram som er registrerte i Videogramregisteret og merka. Videogramforhandlarane skal vera registrerte i Videogramregisteret.
§ 5.Særskilte konsesjonsvilkår

I Øygarden kommune gjeld i tillegg desse konsesjonsvilkåra:

a)Konsesjon vert gjeve til einskildperson som ansvarleg konsesjonshavar. Om konsesjonshavaren skifter arbeidsgjevar, eller om arbeidsgjevaren vil skifta konsesjonshavar, må det søkjast om ny konsesjon,
b)Konsesjon til å omsetja eller syna film eller videogram kan etter særskilt vurdering nektast søkjar som dei siste 5 åra er straffa for å ha brote § 211 eller § 382 i straffelova, eller har drive verksemd i strid med reglane i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21.
c)Ein person må ha fylt 18 år for å kunna omsetja eller syna film eller videogram.
d)Tilrådde aldersgrenser eller aldersgrenser fastsette av Statens filmkontroll skal følgjast både ved omsetnad og visning av film og videogram. Fullmakt frå foreldre/føresette gjev ikkje høve til å leige/kjøpe i strid med aldersføresegnene. Videoautomatar vert ikkje tillete.
e)Alle som syner eller omset film og videogram pliktar å ha tilgjengeleg/syne eit rimeleg utval av det som finst på marknaden av barneprogram og norskproduserte program.
f)Konsesjon for å syna film eller videogram kan nektast med tilvising til konkurransesituasjonen for etablerte kinoar.
§ 6.Kontroll

Kulturstyret har rett til å kontrollera/inspisera verksemda til dei som har eller søkjer konsesjon.

§ 7.Konsesjonstid - oppseiing

Konsesjonen vert gjeve for inntil 4 år. Samtlege konsesjonar i kommunen går ut på same tid. Dei som har konsesjon vert varsla av kommunen seinast 4 månader før konsesjonstida går ut om at ny konsesjonssøknad må sendast inn. Verksemder som ønskjer å etablere seg i ein konsesjonsperiode, får konsesjon fram til den almene konsesjonstida går ut.

Kulturstyret kan dra ein konsesjon attende dersom konsesjonshavaren set seg ut over dei reglane som følgjer av lov, føresegner eller konsesjonsvilkår. Vedtak om dette kan klagast til formannskapet.

§ 8.Verknad

Desse konsesjonsvilkåra har verknad frå 1. januar 1988. Dei som ved denne datoen har sett igong verksemd innan konsesjonsområdet og som er registrerte i Videogramregisteret må søkje om kommunal konsesjon. Andre må søkja konsesjon før dei startar verksemda. Ei verksemd kan ikkje setjast i gang før ein har fått konsesjon.