Forskrift om konsesjonsvilkår for omsetnad og framsyning av film og videogram i næring, Sund kommune, Hordaland.

DatoFOR-1989-02-01-108
PublisertII 1989 42
Ikrafttredelse01.01.1988
Sist endret
Endrer
Gjelder forSund kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1987-05-15-21-§2
Kunngjort
KorttittelForskrift om film og videogram, Sund

Sund kommunestyre har 1. februar 1989 med hjemmel i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21 vedteke konsesjonvilkår for omsetnad og framsyning av film og videogram i næring.

§ 1.Verkeområde

Vilkåra gjeld alle som skal omsetja eller vise film og videogram i næring i eller frå Sund kommune. Føresegnene er gjevne med heimel i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21.

§ 2.Verksemder som er konsesjonspliktige

Ingen kan vise eller omsetje film og videogram i næring utan kommunal konsesjon. Unnateke frå dette er sal eller utleige til vidareomsetnad.

§ 3.Retten til å gje konsesjon

Med heimel i § 2 i lova er det hovudutvalet for kultur som har retten til å gje konsesjon. Avslag på konsesjonssøknad kan klagast inn for formannskapet.

§ 4.Generelle konsesjonsvilkår

Alle som har konsesjon pliktar å setja seg inn i og rette seg etter lov om film og videogram og føresegnene til lova. Konsesjonshavarane skal særleg sjå til at det:

a)vert betalt avgift til Norsk Kino- og Filmfond i samsvar med lova og på grunnlag av revidert rekneskap,
b)i næring berre vert vist filmar eller videogram som er sensurerte av Statens filmkontroll, og berre omsett filmar eller videogram som er registrerte i Videogramregisteret og merka. Videogramforhandlarane skal vera registrerte i Videogramregisteret.
§ 5.Særskilte konsesjonsvilkår

I Sund kommune gjeld i tillegg desse konsesjonsvilkåra:

a)Konsesjon vert gjeve til einskildperson som ansvarleg konsesjonshavar. Om konsesjonshavaren skiftar arbeidsgjevar, eller om arbeidsgjevaren vil skifte konsesjonshavar, må det søkjast ny konsesjon.
b)Konsesjon til å omsetje eller vise film eller videogram kan etter særskilt vurdering nektast søkjar som dei siste 5 åra er straffa for å ha brote § 211 eller 382 i straffelova, eller har drive verksemd i strid med reglane i lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr. 21.
c)Ein person må ha fylt 18 år for å kunne omsetje eller vise film eller videogram.
d)Tilrådde aldersgrenser eller aldersgrenser fastsette av Statens Filmkontroll skal følgjast både ved omsetnad og vising av film og videogram. Fullmakt frå foreldre/føresette gjev ikkje høve til å leige/kjøpe i strid med aldersføresegnene. Videoautomatar vert ikkje tillete.
e)Alle som viser eller omset film og videogram pliktar å ha tilgjengeleg/syne eit godt kvalitativt og kvantitativt utval av det som finst på markedet av barneprogram og norskproduserte program. Dersom dette vilkåret ikkje er oppfylt, kan konsesjonsgjevaren påleggje konsesjonshavaren å supplere tilbodet. Konsesjonsgjvaren kan oppnemne eit eige utval til å gje tilråding i slike spørsmål.
f)Konsesjon for å vise film eller videogram kan nektast med tilvising til konkurransesituasjonen for etablerte kinoar.

Konsesjonsperioden 1988-91 vert å sjå som ein prøveperiode, og det vert berre tildelt 1 konsesjon for video-omsetnad i denne perioden.

Det kan tildelast inntil 5 løyve for kinoframsyning.

§ 6.Kontroll

Kommunen har rett til å kontrollere/inspisere verksemda til dei som har eller søkjer om konsesjon.

§ 7.Konsesjonstid/oppseiing

Konsesjon vert gjeve for inntil 4 år. Samtlege konsesjonar i kommunen går ut på same tid. Dei som har konsesjon vert varsla av kommunen seinast 4 månader før konsesjonstida går ut om at ny konsesjonssøknad må sendast inn. Verksemder som ønskjer å etablere seg i ein konsesjonsperiode, får konsesjon fram til den almenne konsesjonstida går ut.

Hovedutval for kultur og miljøvern kan dra ein konsesjon attende dersom konsesjonshavaren set seg ut over dei reglane som følgjer av lov, føresegner eller konsesjonsvilkår.

§ 8.Verknad

Desse konsesjonsvilkåra har verknad frå 1. januar 1988. Dei som ved denne datoen har sett i gang verksemd innan konsesjonsområdet og som er registrerte i Videogramregisteret må søkje kommunal konsesjon før dei startar verksemda. Ei verksemd kan ikkje setjast i gang før ein har fått konsesjon.