Forskrift for serveringsstadanes lukkingstider og skjenketider, samt salsstadanes salstider for øl, Bykle kommune, Aust-Agder.

DatoFOR-1990-12-20-1083
PublisertII 1990 435
Ikrafttredelse31.01.1991
Sist endret
Endrer
Gjelder forBykle kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-1989-06-02-27, LOV-1983-06-03-52.
Kunngjort
KorttittelForskrift for serveringsstader, Bykle

Fastsett av Bykle kommunestyre 1. november 1990 i medhald av lov om omsetnad av alkoholholdig drikke m.v. av 2. juni 1989 nr. 27 samt lov om overnattings- og serveringsstadar av 3. juni 1983 nr. 52. Stadfesta av Fylkesmannen i Aust-Agder 20. desember 1990.

§ 1.Virkeområde.

Forskrifta fastset lukkingstida for serveringsstadanes samt skjenketider for serveringsstader med kommunalt skjenkeløyve for øl og vin.

Forskrifta fastset vidare salstider for salsstader med kommunalt salsløyve for øl.

§ 2.Definisjonar.

Med skjenking forstår ein salg for drikking på staden. Som skjenking vert det også reikna når løyveinnehavaren veit om at det vert drukke i hus som han har rådighet over, eller på andre stader han eig eller i næraste omgjevnaden til slik eigedom.

Med sal forstår ein overdraging av alkoholhaldig drikk mot vederlag for drikking utanfor utsalsstaden.

§ 3.Serveringsstadens lukkingstid.

Serveringsstadane skal haldast lukka frå kl. 0100 til 0600 alle dagar.

For slutta selskap kan det haldast ope til kl. 0200. Når det gjeld innskrenkingar utover det som er bestemt i denne paragrafen, vert det visa til lov om heilagsdagsfred av 4. juni 1965 nr. 1.

§ 4.Serveringsstadanes skjenketider.

Av øl og vin vert det fastsett fylgjande skjenketider:

Alle kvardagar frå kl. 0600 - kl. 0100.

Sundagar frå kl. 1300 - kl. 2400.

For serveringsstadar med kommunal bevilling for skjenking av brennevin vert det fastsett fylgjande skjenketider:

Frå kl. 1500 - kl. 2400 alle dager, inkl. fredag/laurdag.

Skjenking av brennevin på sundagar er ikkje tillete, jfr. alkohollovas § 4-4 siste lekken.

§ 5.Salsstadanes salstider for øl.

For salsstader med kommunalt salsløyve for øl vert det fastsett slike salstider:

Tida for sal av øl fylgjer åpningstida for salsstaden, med unnatak av laurdagar der sal av øl er tillete fram til kl. 1400.

Sal av øl frå utsalsstadane på sundag er ikkje tillete.

§ 6.Dispensasjonar.

For enkelte høve kan det etter søknad dispenserast frå det som er bestemt i forskriftas i §§ 3, 4 og 5.

Søknadene handsamast av formannskapet.

Tidlegare gjevne dispensasjonar/innskrenkingar i høve til det som er tillete etter §§ 3 og 4 gjeld framleis.

§ 7.Brot.

Brot på det som er bestemt i denne forskrifta kan straffast i medhald av § 10 i lov om omsetnad av alkoholhaldig drikke m.v.

§ 8.Iverksetjing.

Denne forskrifta har verknad frå kunngjeringsdato.