Forskrift om opningstider for utsalgsstader (for sal av øl), Vaksdal kommune, Hordaland.

DatoFOR-1992-06-29-542
PublisertII 1992 271
Ikrafttredelse01.04.1992
Sist endret
Endrer
Gjelder forVaksdal kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§3-7
Kunngjort
KorttittelForskrift om salstider for øl, Vaksdal

Fastsatt av Vaksdal kommunestyre 29. juni 1992 med hjemmel i alkohollova av 2. juni 1989 nr. 27 §§ 1-1, 3-7, 1-12, 7-1, 1-9 og 1-8.

§ 1.Kommunen har som føremål etter alkohollova; lov av 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholhaldig drikk m.v., å avgrense i størst mogleg utstrekning dei samfunnsmessige og individuelle skadene som alkoholbruk kan medføre. Som eit ledd i dette vert det teke sikte på å redusere og avgrense forbruket av alkoholhaldige drikkevarer.
§ 2.Salstida for øl i skatteklasse 2 vert i samsvar med butikkane sine opningstider.
§ 3.Det vert forbod mot sal av øl når butikkane har søndagsope.
§ 4.Det vert forbod mot sal av øl i skatteklasse 3 dette gjeld både diskesal og formidlingssal.
§ 5.Formannskapet får delegert fullmakt til å godkjenne skifte av løyvehavar i løyveperioden.
§ 6.Kommunestyret fastset ved årsskifte kor stor avgift den enkelte løyvehavar skal betale for komande år.
§ 7.Helse- og sosialstyret får fullmakt til å engasjere kontrollør/-ar etter innstilling fra kontrollutvalet.
§ 8.Det vert teke sikte på eit nært samarbeid med løyvhavarane for å sjå til at gjeldande lov og regelverk vert overhalde.
§ 9.Ved brot på gjeldande lov- og regelverk kan kontrollutvalet kome med sanksjon i form av skriftleg advarsel.

Ved alvorlegare brot på regelverket, som t.d. brot på sals- og skjenketidene, kan formannskapet avgjerde om løyve skal inndragast mellombels eller for resten av løyveperioden.

§ 10.Ved særleg grove brot på lov og regelverk kan rådmannen omgåande inndra løyve fram til saka er ordinært handsama. Rådmannen sitt vedtak kan med oppsetjande verknad påklagast til formannskapet.
§ 11.Forskrifta vert gjeldande for løyve gjeve frå og med 1. april 1992.