Forskrift om torghandel, Hareid kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1993-05-26-858
PublisertAvd II 1993 Nr. 8
Ikrafttredelse21.11.1993
Sist endret
Endrer
Gjelder forHareid kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1980-06-06-21-§3-2
Kunngjort
KorttittelForskrift om torghandel, Hareid

Fastsett av Hareid kommunestyre 26. mai 1993 med heimel i lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet § 3-2.

§ 1.Torgplassen er nord for Hareid rådhus. Torgplassen er nummerert og delt inn i 2 kategoriar:
-kategori 1: 5 x 6 meter
-kategori 2: 5 x 3 meter

Torghandel i Hareid skal berre gå føre seg innanfor dei oppmerka plassane.

Inntil 2 torgplassar kan utleigast på årsbasis.

I perioden 1. - 24. desember kan rådmannen eller den han delegerer til stille meir areal til disposisjon.

§ 2.Torghandlarar får tilvist plass av rådmannen eller den han delegerer til ved førehandsbetaling av torgavgifta.

Ingen må drive handel på torget uten å ha betalt torgavgifta. Kvittering på betalt torgavgift skal på oppfordring framvisast til kommunens representant eller lensmannen.

Tilviste plassar kan ikkje framleigast til andre. Kvar torghandlar kan leige kun ein plass i kategori 1, eller to plassar i kategori 2 dersom der ikkje er ledig kategori A-plassar.

Den som får leige plass, forpliktar seg til å drive aktiv handel på torget.

§ 3.Ingen må legge hindringar i vegen for fri tilgang til utsalsplassane eller på andre måtar uroe for torghandelen.
§ 4.Med torghandel meiner ein omsetning av varer som, t.d. husflid, hage- og jordbruksprodukt i naturleg tilstand, egg, bær, blomar, julenek og ved. Like eins fisk og skalldyr.

Rådmannen eller den han delegerer til kan gi løyve også til omsetjing av andre varer.

All omsetjing av næringsmiddel etter desse føresegnene skal skje etter dei reglar som til kvar tid gjeld om kvalitet, hygiene og reinsemd, eller pålegg frå næringsmiddeltilsynet om dette.

Levande dyr kan ikkje omsettast på torget.

§ 5.Ingen torghandlar må ta opphald på torget tidlegare enn 1 time før fastsett opningstid. Innan 30 minutt etter stengetid må alle varer, vogner, bord m.v. som er brukt ved handelen vere fjerna frå torget. Salsvogner kan likevel stå der dersom det er leigd torgplass for fleire påfølgande dagar.
§ 6.På torgplassen skal det haldast god orden. Kvar torghandlar må halde seg innanfor den nummererte plassen som er tildelt. Det må haldast god orden slik at papir, rusk m.v. ikkje forsøplar omgivnadane.

Etter at torghandelen er avslutta og varer/utstyr er vekkrydda, skal plassen kostast og om nødvendig spylast for å vere ryddig og rein.

§ 7.Den som ikkje rettar seg etter føresegnene kan etter å ha fått ein advarsel frå kommunens representant, lensmannen eller næringsmiddeltilsynet visast bort frå torgplassen.

Ved gjentekne brot på føresegnene kan torghandlarar nektast tilgang til torget. Rådmannen eller den han delegerer til gjer vedtak om kor lang periode nekting av tilgang skal gjelde for.

§ 8.Torgplassen er open for handel alle kvardagar frå kl. 08.30 til kl. 18.00. Torsdagar og alle kvardagar i perioden 1.-23 desember er opningstida frå 08.30 til kl. 20.00.

Påske-, pinse-, jule- og nyttårsaftan er opningstida frå kl. 08.30 til kl. 15.00.

På søndagar, helgedagar og offentlege høgtidsdager er torget stengt.

Formannskapet kan gi dispensasjon for andre opningstider.

§ 9.Torgavgiftene i Hareid vert fastsett til:

Torgplass kategori 1 (5x6 m):

Heilårsplass (1 dag pr. veke): kr. 2.000,-

Gjeld leige 2 eller fleire dagar

pr. veke skal betalast tillegg på kr.  150,- pr. dag
Dagplassar: kr.  200,- pr. dag

Torgplass kategori 2 (5x3 m):

Heilårsplass (1 dag pr. veke): kr. 1.500,-

Gjeld leiga 2 eller fleire dager

pr. veke skal betalast tillegg på kr.  100,- pr. dag.
Dagplassar: kr.  150,- pr. dag.

Ved leige av 2 plassar i kategori 2 skal betalast leige som for 1 plass i kategori 1.

Vert avtale om heilårsplass inngått etter utløpet av januar skal leiga avkortast forholdsvis slik:

Årsavgift. 52 x tal på veker til utløpet av kalendaråret.

§ 10.Endring av føresegnene kan skje etter vedtak i kommunestyret.
§ 11.Føresegnene skal gjelde frå det tidspunkt torgplassen er oppmerka og skilta.
§ 12.Forskrift om torghandel i Hareid kommune er vedteke, med heimel i lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet § 3-2.