Forskrift om forbod mot formidlingssal av øl, Hareid kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1993-09-08-966
PublisertAvd II 1993 Nr. 9
Ikrafttredelse23.12.1993
Sist endret
Endrer
Gjelder forHareid kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§6-4, jfr. § 1-3
Kunngjort
KorttittelForskrift om formidlingssal av øl, Hareid

Fastsett av Hareid kommunestyre 8. september 1993 med heimel i lov av 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk (alkohollova) § 6-4, jfr. § 1-3. 

I Hareid kommune skal det vere forbode for alle handlande og bryggeriagentar å formidle sal av øl til forbrukarar utan at det ligg føre løyve (bevilling).

Forskrifta skal ta til å gjelde frå og med den dagen Hareid kommunale Ølutsal A/S tek til med sal av øl, men med det atterhald at forskrifta må vere kunngjort i samsvar med § 38 i forvaltningslova.