Forskrift om innskrenka utsalstid for øl, Hjelmeland kommune, Rogaland.

DatoFOR-1994-03-01-546
PublisertAvd II 1994 Nr. 5
Ikrafttredelse01.03.1994
Sist endret
EndrerFOR-1992-02-13-436
Gjelder forHjelmeland kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§3-7
Kunngjort
KorttittelForskrift om utsalstid for øl, Hjelmeland

Fastsett av Hjelmeland kommunestyre 1. mars 1994 heimel i lov av 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk § 3-7.

§ 1.Det vert fastsett forbod mot alt sal av øl på følgjande dagar:
-sundagar, høgtids- og helgedagar
-jule-, nyttårs-, påske-, og pinseafta
-røystedagen for stortings-, fylkestings- og kommunestyreval.
§ 2.For dei dagar det er løyve til å selje øl, vanlege kvardagar måndag - fredag, med eventuelle unnatak ifølgje § 1, vert salstida fastsett frå kl. 08.00 til kl. 18.00. For laurdagar, med unnatak ifølgje § 1, vert salstida fastsett frå kl. 08.00 til kl. 13.00.
§ 3.Kommunestyret kan i einskildhøve dispensere frå desse føresegnene.
§ 4.Desse føresegnene vert gjort gjeldande straks.

Tidlegare føresegn av 13. februar 1992 nr. 436 om generell innskrenkning av utsalstida for øl, Hjelmeland vert oppheva.