Forskrift til opningslova/alkohollova, Gol kommune, Buskerud.

DatoFOR-1995-06-29-803
PublisertAvd II 1995 289
Ikrafttredelse09.11.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder forGol kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1989-06-02-27
Kunngjort
KorttittelForskrift til opningslova/alkohollova, Gol

Fastsett av Gol kommunestyre 29. juni 1995 med heimel i lov av 26. april 1985 nr. 20 om åpningstider for utsalgssteder og lov av 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. 

1.Gol kommune blir definert som turistkommune, og ut ifrå dette blir opningstider i medhald av opningstidslova lagd til grunn.
2.Tidlegare kommunestyrevedtak om at det på søn- og heilagdagar skal vere stengt for ølsal i kl. 2 i forretningane, skal framleis gjelde.
3.I h.h.t. alkohollova § 3-7, 2. og 3. ledd vert følgjande forskrift vedtatt av kommunestyret:

I tillegg til at forretningane skal vere stengt for ølsal på søn- og heilagdagar elles, skal forretningane vere stengt for ølsal på følgjande høgtidsdagar: 1. mai, 17. mai, 1. pinsedag, 1. og 2. påskedag, 1. og 2. juledag, 1. nyttårsdag samt valdagen for kommune, fylkestings- og stortingsval.