Forskrift om opningstid/skjenketid for serverings-/skjenkestadar, Volda kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1996-12-05-1388
PublisertII 1996 543
Ikrafttredelse11.02.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forVolda kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§4-4, FOR-1983-06-03-52-§5
Kunngjort
KorttittelForskrift om skjenketider, Volda

Fastsett av Volda kommunestyre 24. oktober 1996 med heimel i lov av 2. juni 1989 nr. 27, alkoholloven, § 4-4 tredje ledd og i forskrift av 3. juni 1983 nr. 52 om orden og stengetid for overnattings- og serveringsstadar § 5. Stadfesta av fylkesmannen i Møre og Romsdal 5. desember 1996.

1.Generelt

I samsvar med alkohollova § 4-4 første ledd kan skjenking av brennevin skje frå kl. 13.00 til kl. 24.00.

Skjenking av vin og øl følgjer opningstida for skjenkestaden. Etter forskrift til hotellova skal serveringsstad vere stengt mellom kl. 01.00 og 06.00. Det vil si skjenking av øl og vin kan skje til kl. 01.00, dersom serveringsstaden er open så lenge og kommunestyret ikkje har vedteke noko anna.

I samsvar med alkohollova § 4-4 fjerde ledd er skjenking av brennevin forbudt på søndagar, 1. og 17. mai, nyttårsdag, langfredag, første påskedag, Kristi Himmelfartsdag, første pinsedag og første juledag og på valdagen for stortingsval, fylkestingsval og kommuneval.

Etter vallova § 93 er skjenking av alkoholholdig drikk forbudt på valdagen.

2.Lenga opningstid/skjenketid

Turisthotell:

Opningstida for turisthotell i Volda kommune vert utvida frå 01.00 til kl. 02.00 natt til laurdagar og natt til søndagar.

Julebordsesongen:

For julebordsesongen, dvs. frå 15. november til 31. desember, kan opningstida for serveringsstadar i Volda kommune utvidast frå kl. 01.00 til kl. 02.00 natt til laurdagar, natt til søndagar og nyttårsaftan.

For julebordsesongen, dvs. frå 15. november til 31. desember, skal skjenketida for kommunale skjenkeløyve likevel ikkje utvidast.

Studentveka:

Opningstida ved Studentkroa kan i samband med studentvekearrangementet utvidast frå kl. 01.00 til kl. 02.00.

Skjenketida vert likevel ikkje utvida i høve desse arrangementa.

3.Enkelthøve elles i året

Formannskapet har mynde til å vedta endra opnings-/skjenketider for enkelthøve elles i året når det gjeld kommunale løyve.

For statlege skjenkeløyve kan fylkesmannen vedta endra opnings-/skjenketider for enkelthøve etter uttale frå kommunen.

4.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå kunngjeringstidspunktet.