Forskrift om opningstider og skjenketider for skjenkestadar, Flora kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1997-01-14-43
PublisertII 1997 11
Ikrafttredelse26.03.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forFlora kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1983-06-03-52-§15, FOR-1983-07-01-1137-§5, FOR-1983-07-01-1137-§6
Kunngjort
KorttittelForskrift om opningstider og skjenketider, Flora

Kapitteloversikt:

Fastsett av Flora bystyre 17. desember 1996 med heimel i forskrift av 1. juli 1983 nr. 1137 om orden og lukningstider for overnattings- og serveringssteder § 5 og § 6, jf. lov av 3. juni 1983 nr. 52 om overnattings- og serveringssteder (hotelloven) § 15. Stadfesta av fylkesmannen i Sogn og Fjordane 14. januar 1997.

A.

Skjenkestadane i Flora kommune kan halde opent til kl. 01.30 på dagane sundag t.o.m. torsdag (natt til komande dag), jfr. lukningsforskriftene § 5, 2. leden. Skjenketida for øl og vin er for desse dagane avgrensa til kl. 01.00, jfr. alkohollova § 4-4, 2. leden.

B.

Skjenkestadane i Flora kommune kan halde opent til kl. 02.30 på dagane fredag t.o.m. laurdag (natt til komande dag) jfr. lukningsforskriftene § 5, 2. leden. Skjenketida for øl og vin er for desse dagane avgrensa til kl. 02.00, jfr. alkohollova § 4-4, 2. leden.

C.

Skjenkestadane i Flora kommune skal følgje hovudregelen i alkohollova vedkomande skjenking av brennevin til kl. 24.00, jfr. 4-4, 1. leden i alkohollova.

D.

Flora formannskap har etter søknad i enkelte tilfelle fullmakt til å utvide skjenketida i samsvar med opningstida, jfr. § 4-4, 2. leden i alkohollova og § 6, 2. leden i lukningsforskriftene til hotellova.

E.

Denne forskrifta gjeld for heile året.

F.

Brot på forskriftene kan føre til at gjevne skjenkeløyve kan bli inndregne av Flora bystyre, jfr. §§ 1-8 og 1-12 i alkohollova og kommunale retningsliner.