Forskrift om opningstid for serveringsstadar/gatekjøkken, Vanylven kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1997-03-24-293
PublisertII 1997 157
Ikrafttredelse28.05.1997
Sist endret
EndrerFOR-1988-10-12-800
Gjelder forVanylven kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1983-06-03-52, FOR-1983-07-01-1137-§5
Kunngjort
KorttittelForskrift om serveringsstader, Vanylven

Fastsett av Vanylven kommunestyre 17. mars 1997 med heimel i forskrift av 1. juli 1983 nr. 1137 om orden og lukningstider for overnattings- og serveringssteder § 5 andre ledd. Stadfesta av fylkesmannen i Møre og Romsdal 24. mars 1997.

1.Serveringsstadar i Vanylven kommune, med unntak av gatekjøkken, skal vere stengde i tida 01.30 - 06.00, med unntak av at det skal vere stengt fram til kl. 10.00 på søndag. Serveringa skal slutte kl. 00.30.
2.Gatekjøkken skal vere stengde i tida frå kl. 01.30 - 06.00, med unntak av søndag då det skal vere stengt fram til kl. 10.00.
3.Ved særskilde høve kan lensmannen gi løyve til å stengje seinare eller opne tidlegare.