Forskrift om skjenketider for alkohol og om stengetider ved serveringsstader, Tokke kommune, Telemark.

DatoFOR-1998-04-27-753
PublisertAvd II 1998 Nr. 9
Ikrafttredelse27.04.1998
Sist endret
EndrerFOR-1993-06-08-1263
Gjelder forTokke kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15, LOV-1989-06-02-27-§4-4, LOV-1989-06-02-27-§1-12
Kunngjort
KorttittelForskrift om skjenketider mv, Tokke

Fastsett av Tokke kommunestyre 27. april 1998 med heimel i lov av 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15 og lov av 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. § 4-4 og § 1-12.

1.Skjenketider

Skjenketid for øl og vin følgjer skjenkestadens opningstid fastsett i denne forskrift, men skal vere avslutta 1/2 time før stengetid.

Skjenking av brennevin kan gå føre seg frå kl. 13.00 til kl. 00.30 på kvardagar og til kl. 01.30 på fredag og laurdag og i høgtider jfr. punkt 2.

Skjenking av brennevin etter alkohollova § 4-4 er forbode på røystedagane for stortingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og folkeavrøysting vedteke ved lov. For overnattingsstader kan det skjenkast øl og vin til overnattingsgjester utan omsyn til det som er fastsett i denne forskrift.

2.Stengetider for serveringsstader

Innandørs

Serveringsstader med løyve til skjenking av alkohol skal halde stengt på kvardagar frå kl. 01.00 til kl. 06.00. På fredag og laurdag og i høgtider - gjeld kvardagar mellom jol og nyttår og påskeveka - frå kl. 02.00 til kl. 06.00.

Utandørs

Serveringsstader med og utan løyve til skjenking av alkohol skal halde stengt frå kl. 01.00 til kl. 06.00.

3.Delegering

Rådmannen får fullmakt til å avgjere søknader om utviding av skjenketider og opningstider i einskilde høve.

Rådmannen får fullmakt til å nytte det ambulerande skjenkeløyve som kommunestyret måtte gjere vedtak om, her og godkjenne skjenkestyrar.

4.Denne forskrifta tek til å gjelde straks.