Forskrift om opnings- og skjenketider, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1998-06-29-655
PublisertII 1998 519
Ikrafttredelse01.07.1998
Sist endretFOR-2007-02-05-1834
Endrer
Gjelder forSykkylven kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15, LOV-1989-06-02-27-§4-4
Kunngjort
KorttittelForskrift om serveringstider, Sykkylven

Kapitteloversikt:

Fastsett av Sykkylven kommunestyre 29. juni 1998 med heimel i lov av 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15 og lov av 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. § 4-4. Endret ved forskrift 5 feb 2007 nr. 1834.

I. Opningstider

§ 1.Innandørs serveringsstadar kan halde ope til kl. 0130 måndag - fredag og søndag.

Innandørs serveringsstader kan halde ope til kl. 0230 på laurdag (natt til søndag).

§ 2.Utandørs serveringsstader kan halde ope til kl. 01.00 måndag-fredag og søndag. Utandørs serveringsstader kan halde ope til kl. 02.00 laurdag (natt til søndag).
0Endret ved forskrift 5 feb 2007 nr. 1834.
§ 3.Serveringsstadar utan skjenkeløyve kan ha same opningstid som skjenkestadane.

II. Skjenketider

§ 4.Skjenking av øl og vin kan skje frå måndag-fredag og søndag til kl. 0100.

Skjenking av øl og vin kan skje laurdag til kl. 0200 (natt til søndag).

§ 5.Utandørs skjenking av øl og vin kan skje til kl. 01.00 måndag-fredag og søndag. Utandørs skjenking av øl og vin kan skje til kl. 02.00 laurdag (natt til søndag).
0Endret ved forskrift 5 feb 2007 nr. 1834.
§ 6.Skjenking av brennevin kan skje frå måndag-fredag og søndag frå kl. 1300 til kl. 0100. Skjenking av brennevin kan skje laurdag frå kl. 1300 til kl. 0200.
§ 7.For utandørs skjenking av brennevin kan kommunestyret fastsetje avvikande skjenketider.

III. Andre bestemmelser

§ 8.Kommunestyret kan fastsetje redusert opningstid og skjenketid for den einskilde serveringsstad.
§ 9.Formannskapet kan gi dispensasjon frå reglane etter særskild søknad når det ligg føre særlege grunnar.

IV. Iverksetjing av forskrifta

§ 10.Forskrifta trer i kraft frå 1. juli 1998.