Forskrift for bevillingssaker etter alkohollova, Vestnes kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1998-11-05-1123
PublisertII 1998 747
Ikrafttredelse23.01.1999
Sist endret
Endrer
Gjelder forVestnes kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§1-7
Kunngjort
KorttittelForskr. om bevillinger etter alkhl., Vestnes

Fastsett av Vestnes kommunestyre 5. november 1998 med heimel i lov av 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. § 1-7d.

1.Planen gir retningsliner for Vestnes kommune sin alkoholpolitikk for tidsrommet 1998 - 2000. Dei einskilde søknader om sals- og skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk vert å handsame i samsvar med dei alkoholpolitiske prinsipp som går fram av handlingsplanen.
2.Vestnes kommune har som målsetting å redusere sosiale og helsemessige skader gjennom redusert forbruk av alkohol.
3.Løyveperioden vert sett til 4 år og følgjer kommunestyrevalperioden.
4.Sals- eller skjenkeløyve skal kunne nektast på grunnlag av negativ uttale frå politi om søkar sin vandel når tilhøvet knyttar seg til alkohollova eller anna lovgjeving som har samanheng med alkohollova sitt føremål, eller uttale frå skatte- og avgiftemyndigheitene om vandel i høve til denne lovgjevinga.
5.Ved tildeling av løyve skal det leggast vekt på om søkar kan sjåast som egna til å ha sals- eller skjenkeløyve. Ved fornying av løyve skal det også takast omsyn til søkjar si tidlegare utøving av løyvet med omsyn til:
-vilkår som er sett for løyvet
-skjenke- og aldersbestemmelsar
-driftskonsept
-ordenstilhøve ved skjenkestaden
-reklamereglar.
6.Avgrensingar:
-Det vert ikkje gjeve alminneleg skjenkeløyve som fast ordning for bevertningsstadar i tilknyting til idrettsanlegg, i idrettshallar, o.l. Det vert ikkje gjeve skjenkeløyve ved idrettsarrangement.
-Det vert ikkje gjeve alminneleg skjenkeløyve for bevertningsstadar i umiddelbar nærleik av skular og barnehagar. Dette må ikkje gjelde allereie etablerte bevertningsstadar.
-Det vert ikkje gjeve alminneleg skjenkeløyve ved arrangement som er berekna bl.a. på barn og unge.
-Det vert ikkje gjeve alminneleg skjenkerett for bevertningstadar i tilknyttning til butikksenter.
7.Ved tildeling av løyve skal skjenkelokalet si plassering, sin storleik og standard samt målgruppe for verksemda tilleggast vekt. Det same gjeld negative erfaringar med tidlegare driftsform, trafikale og ordensmessige problem og omsyn til lokalmiljøet for øvrig.
8.Følgande typer verksemd kan tildelast løyve og med aldersgrense for å kome inn slik det er spesifisert i punkta under:
a)Spiserestaurantar
-Det skal krevast bestilling og servering ved borda. Etter særskilt vurdering kan dette kravet fråvikast.
-Det vert krevd kjøkken som held ope til minimum ein time før ordinær stengetid, kokk og serveringspersonale, fast meny eller à la carte av eit vist omfang med bl.a. varme middagsrettar.
-Brennevinsløyve kan gjevast i tillegg til øl- og vinløyve.
-Aldersgrense 18 år etter kl 22.00.
b)Barar
-Brennevinsløyve kan gjevast i tillegg til løyve for øl og vin.
-Aldersgrense 18 år.
c)Diskotek og restaurantar med dans
-Øl- og vinløyve kan gjevast.
-Aldersgrense 18 år.
d)Pubar
-Øl- og vinløyve kan gjevast.
-Aldersgrense 18 år.
e)Utandørs serveringsareal
-Øl- og vinløyve kan gjevast.
-Aldersgrense 18 år.
f)Selskapslokale
-Løyve kan gjevast til slutta lag.
-Brennevinsløyve kan gjevast i tillegg til øl- og vinløyve.
9.Følgande skjenketider vert fastsett for bevertningsstadar:
a)Spiserestaurantar
-Skjenking skal avsluttast seinast kl 01.00
b)Barar
-Skjenking skal avsluttast seinast kl 01.00
c)Diskotek og restaurantar med dans
-Skjenking skal avsluttast seinast kl 01.00
d)Pubar
-Skjenking skal avsluttast seinast kl 01.00
e)Utandørs serveringsareal
-Skjenking skal avsluttast seinast kl 23.00
f)Selskapslokale
-Skjenking skal avsluttast seinast kl 01.00
g)Fredag og laurdag skal skjenkinga avsluttast kl 01.30.

Konsum av utskjenka alkoholholdig drikk må opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida sitt utløp.

Lukketidspunktet for bevertningsstadane skal vere 30 minutt etter skjenketida sitt utløp.

10.Løyvepliktig øl i butikk kan selgast til kl 20.00 på kvardagar og til kl 18.00 på dagar før søn- og helligdagar.
11.Talet på alminnelege skjenkeløyver for øl, vin og brennevin bør ikkje overstige 4.
12.Talet på salsløyver for øl bør ikkje overstige 9.
13.Kommuen skal informere alle eigarar av forsamlingslokale om lova sitt krav til ambulerande løyve ved alkoholservering. Det skal ikkje skjenkast alkohol i kommunen sine egne lokale. I samarbeid med politiet vert det iverksett tiltak mot ulovleg skjenking.
14.Alle søknadar om løyve skal gjennomgå ei konkret vurdering, mellom anna med omsyn til om normaltidene for sal og skjenking skal kunne fråvikast i einskilde høve.