Forskrift for reaksjonar ved brot på alkohollova med forskrifter, Eidfjord kommune, Hordaland.

DatoFOR-2000-05-24-829
PublisertII 2000 397
Ikrafttredelse24.05.2000
Sist endret
Endrer
Gjelder forEidfjord kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§1-9, FOR-1997-12-11-1292-§10-10
Kunngjort
KorttittelForskrift om alkohollovbrot, Eidfjord

Fastsett av Eidfjord kommunestyre 24. mai 2000 med heimel i forskrift av 11. desember 1997 nr. 1292 om omsetning av alkoholholdig drikk mv. § 10-10. 

Reaksjonar ved brot på alkohollova med forskrifter skal vurderast ved skjøn i kvart einskild tilfelle på grunnlag av gjeldande lover og reglar, og etter fylgjande retningsliner:

1.Ved brot på alkohollova med forskrifter eller på kommunale vedtak med heimel i lova, vert det ved fyrste gongs brot til vanleg reagert med ei skriftleg åtvaring.
2.Ved grove brot kan det verta reagert med inndraging av løyve i minimum 7 dagar alt ved fyrste gongs brot, der verksemda berre har eit løyve for heile skjenkearealet, og med minimum 14 dagar for det aktuelle skjenkearealet i verksemder som har fått godkjent fleire partielle løyve.
3.Som grove brot på reglane om sal/skjenking vert rekna:
a)Sal/skjenking til personar som er under aldersgrensa, jf. alkohollova § 1-5.
b)Sal//skjenking til personar som er openbert rusa, jf. alkohollova § 8-11.
c)Sal/skjenking utover fastsett skjenketid, jf. alkohollova § 4-4.
4.Ved 2. gongs brot kan løyvet verta inndrege for eit tidsrom på 2 veker til 3 månader.
5.Ved ytterlegare brot kan løyvet verta inndrege for heile løyveperioden.
6.Inndraging skal skje straks vedtaket er gyldig. Vedtaket er gyldig når klagefristen er ute og vedtaket er endeleg. Om ikkje anna er fastsett i vedtaket om inndraging, skal inndragingsperioden starta frå tilsvarande vekedag som brotet fann stad. Ved vurdering av tidspunkt og lengde for inndraginga, skal det vurderast om reaksjonen får ein urimeleg verknad som ikkje står i høve til det brotet vedtaket gjeld.
7.Inndraging av løyve for eit fastsett tidsrom på døgeret, t.d etter kl 22.00 for ein lengre periode, kan vera eit alternativ til heil inndraging av løyvet.
8.Rådmann vert delegert fullmakt til å gje åtvaringar i samsvar med pkt 1. Kontrollutvalet etter alkohollova skal ha melding om dei åtvaringar som vert gjevne.
9.Er ikkje omsetningsoppgave levert innan fastsett frist, kan rådmann inndra løyve fram til oppgava er levert.
10.Er ikkje avgift for sal eller skjenking betalt innan fastsett frist, kan rådmann inndra løyve fram til avgifta er betalt.
11.Brot på andre lover og reglar enn alkohollova, kan også føra til inndraging av sals- eller skjenkeløyve, jf. alkohollova § 1-8.
12.Foreldingsfristen for brot vert etter desse retningslinene sett til 2 år.
13.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft straks. Samstundes vert andre kommunale føresegner om sals-, skjenke- og opningstider oppheva.