Forskrift om sals-, skjenke- og opningstider, Lindås kommune, Hordaland.

DatoFOR-2001-06-21-778
PublisertII 2001 hefte 3
Ikrafttredelse11.08.2001
Sist endretFOR-2008-06-12-754 fra 03.08.2008
EndrerFOR-1996-05-02-472
Gjelder forLindås kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§3-7, LOV-1989-06-02-27-§4-4, LOV-1997-06-13-55-§15
Kunngjort11.07.2001
KorttittelForskrift om skjenketider m.m., Lindås

Fastsett av Lindås kommunestyre 21. juni 2001 med heimel i lov av 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. § 3-7 og § 4-4 og lov av 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15. Endret 18 mars 2004 nr. 659, 19 mai 2005 nr. 494, 16 juni 2005 nr. 646, 18 mai 2006 nr. 583, 12 juni 2008 nr. 754 (i kraft 3 aug 2008). 

1.Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk
a.Sal og utlevering av drikk som inneheld høgst 4,7 volumprosent alkohol kan skje frå kl. 0900 til kl. 2000 på kvardagar.
b.Sal og utlevering av drikk som inneheld høgst 4,7 volumprosent alkohol kan skje frå kl. 0900 til kl. 1800 før søn- og helligdagar, med unnatak av dagen før Kristi Himmelfartsdag der sal kan skje fram til kl. 1800. Påske-, pinse-, jule- og nyttårsaften er salstida til kl. 1500.
c.Løyvehavar er ansvarleg for at drikk med alkoholinnhald over 2,50 volumprosent er tildekka/ikkje lenger er tilgjengeleg i butikken ved salstidas slutt. Betaling kan imidlertid skje etter dette tidspunkt dersom kunden har forsynt seg med drikken før salstidas slutt.
d.Sal og utlevering av drikk som inneheld høgst 4,7 volumprosent alkohol skal ikkje skje på søn- og helligdagar, 1. og 17. mai, eller på stemmedagen for stortingsval, fylkestingsval, kommunestyreval og folkeavstemming vedteke med lov.
0Endra ved forskrift 12 juni 2008 nr. 655 (i kraft 3 aug 2008).
 
2.Alminnelege skjenkebestemmelser
a)Skjenketida for all alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent alle dagar frå kl. 0800 til kl. 0100 - med følgjande unnatak:
-Søn- og helligdagar startar skjenking frå kl. 1200.
-Fredagar og laurdagar, 2. juledag og nyttårsafta - til kl. 0200.
b)Skjenketida for alkoholhaldig drikk mellom 22 og 60 volumprosent, frå kl. 1300 til kl. 2400 alle dagar - med følgjande unnatak:
-Fredagar og laurdagar, 2. juledag og nyttårsafta - til kl. 0100.
c)For stader som har løyve til uteservering, er skjenketida for all alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent frå kl. 0900 til kl. 0100. For uteserveringar som har løyve til skjenking av all alkoholhaldig drikk, er skjenketida for alkoholhaldig drikk mellom 22 og 60 volumprosent frå kl. 1300 til kl. 0100.
d)For stader som har skjenkeløyve til slutta selskap, er skjenketida for all alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent frå kl. 0900 til maks. kl. 0200. For alkoholhaldig drikk mellom 22 og 60 volumprosent er skjenketida frå kl. 1300 til maks. kl. 0200 - med opningstid til maks. kl. 0230.
0Endra ved forskrift 12 juni 2008 nr. 655 (i kraft 3 aug 2008).
 
3.Opningstider

Opningstid er ein halv time lengre enn skjenketida - dersom ikkje anna er bestemt. 

4.Konsum av utskjenka alkohol

Konsum av utskjenka alkohol skal opphøyre seinast ein halv time etter skjenketida.

0Endra ved forskrift 18 mars 2004 nr. 659.