Forskrift om opningstider for serveringsstader, Ølen kommune, Hordaland.

DatoFOR-2003-02-04-360
PublisertII 2003 hefte 1
Ikrafttredelse27.03.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forØlen kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15
Kunngjort27.03.2003
KorttittelForskrift om serveringstider, Ølen

Kapitteloversikt:

Fastsett av Ølen kommunestyre 4. februar 2003 med heimel i lov av 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15.

I

Serveringsstader i Ølen kommune kan etter søknad gjevast løyve til å halda ope til kl. 03.30.

Alle serveringsstader skal vera stengt frå kl. 03.30 - 06.00.

Serveringsstader fastset sjølv sine opningstider innafor det tidsrom dei har fått løyve til å halda ope.

II

Forskrifta gjeld frå kunngjeringsdato.