Forskrift for torghandel, Ullensvang herad, Hordaland.

DatoFOR-2004-05-10-731
PublisertII 2004 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forUllensvang kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14, FOR-1997-08-27-980
Kunngjort13.05.2004
KorttittelForskrift for torghandel, Ullensvang

Fastsett av Ullensvang heradsstyre 10. mai 2004 med heimel i forskrift 27. august 1997 nr. 980 om politivedtekt for Ullensvang. 

Med heimel i politivedtektene for Ullensvang herad 27. august 1997 nr. 980, vert det vedteke at det kan drivast torghandel i Ullensvang på desse stadene:

-Kinsarvik sentrum v/heradshuset, gnr. 140 bnr. 14, på merka plassar.
-Lofthus sentrum, Røysa, gnr. 74 bnr. 188, på merka plassar.

Dei som skal driva handel frå offentleg stad har plikt til å melda frå og registrera seg hjå Ullensvang herad.

Dei som ynskjer å driva torghandel må ta kontakt med sekretariatet i heradshuset, for å registrera seg og betala avgift. Avgifta skal vera: 

For heil dag: kr 150.

For halv dag: kr 75.

Kvittering for betalt avgift skal hengja på synleg stad ved salsboda/salsbilen.

Dei som skal driva handel er sjølve ansvarlege for å retta seg etter lover og forskrifter for omsetjing av dei aktuelle produkta, herunder Mattilsynet.

Dei som driv handel frå torgplass skal syta for reinhald på plassen i salstida og etter at salstida er slutt, skal varer, køyretøy, bod og alt avfall vera fjerna frå staden.

Forskrifta tek til å gjelda frå 1. juli 2004.