Forskrift for opnings- og skjenketider for serveringsstadene i Askvoll kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2005-10-07-1268
PublisertII 2005 hefte 5
Ikrafttredelse01.11.2005
Sist endret
EndrerFOR-2004-06-04-1001
Gjelder forAskvoll kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§4-4
Kunngjort10.11.2005
KorttittelForskr. for opnings- og skjenketider, Askvoll

Fastsett av Askvoll kommunestyre 7. oktober 2005 med heimel i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) § 4-4. 

1.Serveringsstadene i Askvoll kommune kan halde ope frå kl. 06.00 til kl. 02.30. Skjenking av alkohol skal opphøyre seinast ein halv time før serveringsstaden si stengetid.
2.For innehavarar av alminneleg skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk med meir enn 2,5 og mindre enn 22 volumprosent alkohol.

Skjenketid: Alle dagar mellom kl. 13.00-02.00.

3.For innehavarar av alminneleg skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk mellom 22 og 60 volumprosent.

Skjenketid: Alle dagar mellom kl. 13.00-01.00.

4.For innehavarar av løyve til å skjenke til slutta lag.

Det kan skjenkast alkoholhaldig drikk mindre enn 22 volumprosent alkohol alle dagar mellom kl. 09.00-02.00. Det kan skjenkast alkoholhaldig drikk mellom 22 og 60 volumprosent alkohol alle dagar mellom kl. 13.00-01.00.

5.Ambulerande løyve.

Det kan skjenkast alkoholhaldig drikk mindre enn 22 volumprosent alkohol alle dagar mellom kl. 09.00-02.00. Det kan skjenkast alkoholhaldig drikk mellom 22 og 60 volumprosent alkohol alle dagar mellom kl. 13.00-01.00.

6.For innehavarar av enkeltløyve.

Det kan skjenkast alkoholhaldig drikk mindre enn 22 volumprosent alkohol alle dagar mellom kl. 09.00-02.00. Det kan skjenkast alkoholhaldig drikk mellom 22 og 60 volumprosent alkohol alle dagar mellom kl. 13.00-01.00. Formannskapet har avgjerslemakt når det gjeld søknader.

7.Skjenking av alkohol i kombinerte anlegg for skule og andre føremål.

Det kan skjenkast alkoholhaldig drikk i samsvar med forskriftene. Det er eit vilkår at anlegget ikkje vert nytta til skuleformål når eventuell skjenking skal føregå.

8.Brot på forskrifta kan føre til at løyvet vert inndrege av Askvoll kommunestyre jf. alkohollova § 1-8.
9.Forskrifta gjeld frå 1. november 2005.

Frå same tid vert forskrift 4. juni 2004 nr. 1001 for opnings- og skjenketider for serveringsstadene, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane, oppheva.