Forskrift om opningstider for serveringsverksemder, Voss kommune, Hordaland

DatoFOR-2007-09-27-1122
PublisertII 2007 hefte 4
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15
Kunngjort11.10.2007   kl. 14.40
KorttittelForskrift om serveringstider, Voss

Fastsett av Voss kommunestyre 27. september 2007 med heimel i lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15.

§ 1.Føremål og verkeområde

Forskrifta sitt føremål er å regulera opningstidene til serveringsverksemder av omsyn til næringa, gjestene og lokalsamfunnet elles.

Forskrifta gjeld serveringsverksemder som er omfatta av serveringslova sine føresegner.

§ 2.Opningstider
1.Serveringsverksemder kan etter søknad halde ope mellom kl. 06.00 og kl. 03.00.
2.Kommunestyret eller det organ som har fått slik mynde kan fastsetja reduserte opningstider for den einskilde serveringsverksemda.
3.Etter søknad kan kommunestyret eller det organ som har fått slik mynde, når særlege grunnar føreligg, gje løyve til å lukka seinare eller opna tidlegare enn til dei tider som er fastsett i denne forskrifta.
4.Etter søknad kan administrasjonen gje løyve til utvida opningstider ved einskilde høve og/eller arrangement.
§ 3.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2008.

Frå same tid vert tidlegare vedtak om utvida opningstid oppheva.