Forskrift om typiske turiststader, Vinje kommune, Telemark

DatoFOR-2008-02-28-207
PublisertII 2008 hefte 1
Ikrafttredelse28.02.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forVinje kommune, Telemark
HjemmelLOV-1995-02-24-12-§5
Kunngjort06.03.2008   kl. 14.20
KorttittelForskrift om typiske turiststader, Vinje

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Telemark 28. februar 2008 med heimel i lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred § 5 sjette ledd. 

Rauland, Edland/Haukeli sentrum og Åmot sentrum i Vinje kommune skal reknast som typiske turiststader i tida 20. desember til 20. april og 1. juni til 31. august. Grensene for området Rauland er innanfor den gamle kommunegrensa.

Utsalsstadene her er unntatt frå hovudregelen i helgedagslova § 5 om at faste utsalsstader som sel varer til forbrukarar skal halde stengt på helgedagar og høgtidsdagar. Unntaket gjeld i tida 20. desember til 20. april og 1. juni til 31 august.

Denne forskrifta tar til å gjelde straks.