Forskrift om salstid for alkoholholdig drikke med alkoholinnhald inntil 4,75 volumprosent, Fjaler kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2008-05-19-1685
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse19.05.2008
Sist endret
EndrerFOR-1993-08-31-965
Gjelder forFjaler kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1989-06-02-27
Kunngjort10.12.2009   kl. 16.50
KorttittelForskrift om salstid for alkohol, Fjaler

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fjaler kommunestyre 19. mai 2008 med heimel i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkohollova).

I

Salstida for alkoholhaldige drikke vert for heile kommunen sett til 08.00-20.00 på vanlege kvardagar og 08.00-18.00 på dagar før søn- og helgedagar. For butikkar med kortare opningstid vert salstida sett lik opningstid.

Løyvehavarane vert pålagde å syte for tydeleg skilje mellom alkoholhaldige og alkoholfrie drikke, og syte for naudsynt merking som tydeleggjer dette for kundane.

II

Forskrifta tek til å gjelde straks.

Frå same tid vert forskrift 31. august 1993 nr. 965 om tidsavgrensing av ølsalet, Fjaler kommune, Sogn og Fjordane oppheva.