Forskrift om opningstider for serveringsverksemder, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2008-06-12-653
PublisertII 2008 hefte 3
Ikrafttredelse12.06.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogndal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15
Kunngjort26.06.2008   kl. 15.40
KorttittelForskrift om serveringstider, Sogndal

Heimel: Fastsett av Sogndal kommunestyre 12. juni 2008 med heimel i lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15.

§ 1.Føremål og verkeområde

Forskrifta sitt føremål er å regulera opningstidene til serveringsverksemder av omsyn til næringa, gjestene og lokalsamfunnet elles.

Forskrifta gjeld serveringsverksemder som kjem inn under serveringslova sine reglar.

§ 2.Opningstider
1.Serveringsverksemder kan halda ope mellom kl. 06.00 og kl. 02.00. Natt til laurdag og natt til søndag kan det haldast ope til kl. 03.00.
2.Kommunestyre eller det organ som har fått mynde, kan etter søknad og i einskilde høve når særlege grunnar føreligg gje løyve til tidlegare opning og/eller seinare lukking.
§ 3.Iverksetjing
1.Forskrifta trer i kraft 12. juni 2008.