Forskrift om opningstider for serveringsstader, Stord kommune, Hordaland

DatoFOR-2009-01-21-93
PublisertII 2009 hefte 1
Ikrafttredelse01.05.2009
Sist endretFOR-2013-11-28-1770
Endrer
Gjelder forStord kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15
Kunngjort05.02.2009   kl. 14.30
KorttittelForskrift om serveringstider, Stord

Heimel: Fastsett av Stord formannskap 21. januar 2009 med heimel i lov 13. juni 1997 nr. 55 om om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15 første ledd. Endra med forskrift 28 november 2013 nr. 1770.

§ 1.Mål

Målet med forskrifta er å gi serveringsstadene gode rammevilkår gjennom rimelege opningstider samstundes som forskrifta inngår som eit ledd i kommunen sin samla innsats for å redusera vald og andre ordensforstyrringar på offentleg stad.

§ 2.Virkeområde

Med serveringsstad meiner ein «alle serveringssteder der det foregår servering av mat og/eller drikke og hvor forholdene ligger til rette for fortæring på stedet», jf. serveringslova § 2, første avsnitt.

Forskrifta omfattar såleis serveringsstader som ikkje er gitt skjenkeløyve etter alkohollova, dvs. restaurantar, spisestader, pub, kafear, storkioskar, gatekjøkken, potetvogner, «pølsekioskar», bensinstasjonar o.l.

Opningstidene for såkalla skjenkestader, dvs. serveringsstader som er gitt skjenkeløyve etter alkohollova, samsvarer med skjenketidene som er fastsette i Stord kommune sine alkoholpolitiske retningsliner.

§ 3.Opningstider

Serveringsstader kan halda ope mellom kl. 06.00 til kl. 02.00; likevel til kl. 03.30 natt til laurdag og natt til søndag.

Serveringsstader kan ikkje servera utandørs etter kl. 24.00 nokon dagar.

På følgjande dagar/datoar er opningstidene slik:

- onsdag før skjærtorsdag- til kl. 03.30 den påfølgjande dagen
- 30. april (dagen før 1. mai)- til kl. 03.30 den påfølgjande dagen
- 16. mai (dagen før grunnlovsdagen)- til kl. 03.30 den påfølgjande dagen
- 26. desember (2. juledag)- til kl. 03.30 den påfølgjande dagen
- 27. desember- til kl. 03.30 den påfølgjande dagen
- 31. desember (nyttårsaften)- til kl. 03.30 den påfølgjande dagen.

Løyve til å halda ope til kl. 03.30 gjeld like vel ikkje langfredag og heller ikkje 1. juledag sjølv om denne dagen fell på ein fredag eller laurdag.

0Endra med forskrift 28 november 2013 nr. 1770.
§ 4.Overnattingsstader

Overnattingsstader kan servera mat heile døgnet til overnattingsgjestar.

§ 5.Bensinstasjonar

Opningstidene som er fastsett i § 3, gjeld ikkje for bensinstasjonar i Stord kommune.

§ 6.Iverksetting

Forskrifta trer i kraft frå 1. mai 2009. Frå same tid blir tidlegare vedtak oppheva for dei serveringsstadene som har fått innvilga utvida opningstider.