Forskrift om opningstid for serveringsstader, Øystre Slidre kommune, Oppland

DatoFOR-2009-10-08-1269
PublisertII 2009 hefte 5
Ikrafttredelse08.10.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forØystre Slidre kommune, Oppland
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15
Kunngjort15.10.2009   kl. 14.15
KorttittelForskrift om serveringtider, Øystre Slidre

Heimel: Fastsett av Formannskapet i Øystre Slidre kommune 8. oktober 2009 med heimel i lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15.

§ 1.Opningstid for serveringsstader

Serveringsstader i Øystre Slidre kommune kan halde ope frå kl. 0600 til kl. 0200. Det kan fattast vedtak om innskrenking og utviding i opningstida for det einskilde serveringsstad når serlege grunnar ligg føre.

§ 2.Denne forskrifta trer i kraft straks, og gjeld inntil vidare.