Forskrift om opningstider for serveringsstader, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-05-10-692
PublisertII 2010 hefte 3
Ikrafttredelse20.05.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forGloppen kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15
Kunngjort20.05.2010   kl. 14.20
KorttittelForskrift om serveringsstider, Gloppen

Heimel: Fastsett av Gloppen kommunestyre 10. mai 2010 med heimel i lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15.

§ 1.Heimel og verkeområde

Denne forskrifta er fastsett i medhald av § 15 i serveringslova, og gjeld for alle verksemder som har serveringsløyve i Gloppen kommune.

§ 2.Opningstider

Opningstidene for serveringsverksemdene skal vere mellom kl. 06.00 og kl. 03.00.

§ 3.Iverksetting

Forskrifta gjeld frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend og blir iverksett den 10. august 2010, som er tre månader etter vedtaksdato.