Forskrift om opnings- og stengetider for serveringsstader, Fyresdal kommune, Telemark

DatoFOR-2012-03-29-291
PublisertII 2012 hefte 1
Ikrafttredelse29.06.2012
Sist endret
EndrerFOR-1982-07-29-1264
Gjelder forFyresdal kommune, Telemark
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15
Kunngjort12.04.2012   kl. 14.35
KorttittelForskrift om serveringstider, Fyresdal

Heimel: Fastsett av Fyresdal kommunestyre 29. mars 2012 med heimel i lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15. 

Med heimel i serveringslova § 15 som opnar for at kommunen i forskrift kan fastsette opningstider for dei serveringsstadene som ligg i kommunen vedtek Fyresdal kommune fylgjande stengevedtekter for serveringsstader slik at dei samsvarar med opningstidene for skjenking av alkohol men med utvida opningstid på 3 timar.

Opningstidene blir då som fylgjer:

-Serveringsstader innan Fyresdal kommune skal vera stengde måndag tom sundag frå kl. 02.00 til kl. 07.00.

Opningstidene gjeld også påske, pinse og nyttårseftadagar og for servering inne i lokale og uteservering.

Opningstidene gjeld ikkje servering ved overnattingsstader til overnattingsgjester.

Forskrifta tek til å gjelde tre månader etter at vedtaket er fastsett og frå same tid blir forskrift 29. juli 1982 nr. 1264 om åpnings- og lukningstider for serveringssteder i Fyresdal kommune, Telemark oppheva.