Forskrift om opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk, Sandøy kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2012-04-12-353
PublisertII 2012 hefte 2
Ikrafttredelse01.07.2012
Sist endret
EndrerFOR-1996-05-09-540
Gjelder forSandøy kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15, LOV-1989-06-02-27-§3-7, LOV-1989-06-02-27-§4-4
Kunngjort26.04.2012   kl. 14.40
KorttittelForskrift om serveringstider mv. Sandøy

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Sandøy kommunestyre 12. april 2012 med heimel i lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15 og lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) § 3-7 og § 4-4.

1. Salstider

§ 1.Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 (dvs. drikk over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol kan skje frå kl. 09.00 og fram til kl. 20.00 på kvardagar og til kl. 18.00 på dagar før søn- og helgedagar, med unntak av dagen før Kristi himmelfartsdag då sal kan skje fram til kl. 20.00.
§ 2.På julaftan, nyttårsaftan, påske- og pinseaftan er salstida avgrensa til kl. 15.00.
§ 3.Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 skal ikkje skje på søn- og helgedagar, 1. og 17. mai, på røystedagen for stortingsval, fylkestingsval, kommunestyreval og folkeavstemming vedteke ved lov.
§ 4.Sal av alkoholhaldig drikk må vere registrert i kassa før salstidas slutt.

2. Skjenketider

§ 5.Serveringsstader kan halde ope frå kl. 06.00 til kl. 03.00.
§ 6.Skjenking av alkoholhaldig drikk i gruppe 1, dvs. drikk som inneheld høgst 4,7 volumprosent alkohol, kan skje frå kl. 08.00 til kl. 02.00.
§ 7.Skjenking av alkoholhaldig drikk i gruppe 2, dvs. drikk som inneheld over 4,7 og mindre enn 22 volumprosent alkohol, kan skje frå kl. 08.00 til kl. 02.00.
§ 8.Skjenking av alkoholhaldig drikk i gruppe 3, dvs. drikk som inneheld mellom 22 og 60 volumprosent alkohol, kan skje frå kl. 13.00 til kl. 02.00.
§ 9.Ved ambulerande løyve kan skjenking skje til kl. 01.00 for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2. Skjenkeslutt kl. 24.00 for alkoholhaldig drikk i gruppe 3.
§ 10.Skjenking ved enkelthøve, der målgruppe, type og varigheit kan samanliknast med ambulerande løyve, kan skje til kl. 01.00 for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2.

Skjenkeslutt kl. 24.00 for alkoholhaldig drikk i gruppe 3.

§ 11.Skjenking utandørs kan skje på kvardagar frå kl. 11.00 til kl. 24.00, med stengt kl. 00.30. På søn- og helgedagar kan skjenking skje frå kl. 13.00 til kl. 23.00, med stengt kl. 23.30.
§ 12.Kommunestyret kan innskrenke tida for skjenking i forhold til det som går fram ovanfor for den enkelte skjenkestad.
§ 13.Skjenketid er lik utleveringstid. Konsum av utskjenka alkoholhaldig drikk må opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketidas utløp.

3. Andre serveringsstader

§ 14.Serveringsstader utan alkoholservering kan ha same opningstid som skjenkestadene.

4. Dispensasjonar

§ 15.Dispensasjon frå § 6, § 7 og § 8 kan gjevast for enkelthøve. Skjenking av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 er likevel forbode mellom kl. 03.00 og kl. 06.00.

Skjenking av alkoholhaldig drikk i gruppe 3 er forbode mellom kl. 03.00 og kl. 13.00.

5. Iverksetjing

§ 16.Forskrifta trer i kraft frå og med 1. juli 2012.