Forskrift for sals-, skjenke- og opningstider samt retningslinjer for sals- og skjenkeløyve, Eidfjord kommune, Hordaland

DatoFOR-2012-05-14-479
PublisertII 2012 hefte 2
Ikrafttredelse01.07.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forEidfjord kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1989-06-02-27, LOV-1997-06-13-55
Kunngjort07.06.2012   kl. 16.45
KorttittelForskrift om skjenketider mv., Eidfjord

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Eidfjord kommunestyre 14. mai 2012 med heimel i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) og lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven).

§ 1.Retningslinjer for salsløyve 

Generelt for alle salsløyva:

-Skjenke- og salsløyva gjeld for perioden 1. juli 2012 til 30. juni 2016.
-Sal av alkohol gr. 1 kan berre skje innanfor denne tidsramma:

Måndag til fredag kl. 08.00 til 20.00

Dagen før Kristi himmelfartsdag kl. 08.00 til 20.00

Laurdag og dagen før heilagdag kl. 08.00 til 18.00

Sal og utlevering av alkohol gr. 1 skal ikkje skje på:

-søndagar og heilagdagar
-1. mai og 17. mai
-valdagar for stortingsval, fylkestingsval, kommuneval
-dag for folkeavstemming.

For alle salsløyva gjeld:

-for løyva skal det betalast ei årleg avgift for sal/skjenking av alkoholhaldig drikk med heimel i alkohollova § 7-1.
-Løyvehavar pliktar til ei kvar tid å kjenna dei reglar som gjeld for løyvet og gje melding til løyvemynde om endringar i driftkonsept/sentrale personar/eigarforhold mv. jf. § 1-10.
-Løyvet kan inndragast dersom andre godkjenningar for verksemda ikkje gjeld.
-Vidare kan løyvet inndragast om løyvehavar og personar ikkje stettar vandelskrava jf. § 1-7 b og c, ikkje følgjer krav etter brannlov, pålegg frå matmiddeltilsyn/arbeidstilsyn, ikkje svarar skatt og avgifter eller bryt andre relevante lover.
§ 2.Opningstid for serveringsbedrifter i Eidfjord kommune

Maksimal opningstid vert sett frå kl. 06.00 til 03.00.

§ 3.Retningslinjer for skjenkeløyve.

Generelt for alle skjenkeløyva:

-Skjenkeløyva gjeld for perioden 1. juli 2012 til 30. juni 2016.
-Skjenking kan skje til desse tider:
a.Skjenking for alkohol gruppe 1 og 2 mellom klokka 08.00–02.00 alle dagar, med unntak av sun- og heilag- og offentlege høgtidsdagar då skjenketida er mellom 13.00–02.00.
b.Skjenketid for alkohol gruppe 3 er mellom klokka 13.00–02.00 alle dagar.
c.Skjenketid for uteservering er mellom klokka 08.00 og 24.00 alle dagar, med unntak av sun-, heilag- og offentleg høgtidsdagar då skjenketida er mellom 13.00 og 24.00.

Skjenking for uteservering på fredagar, laurdagar og dagar før heilagdagar vert sett frå klokka 08.00 til 02.00.

d.Skjenking er forbode på stemmedagen for stortingsval, fylkestingsval, kommunestyreval og folkeavstemming vedtatt ved lov. (Lovfesta).
e.Skjenketidene gjeld ikkje for overnattingsgjester. (Lovfesta).
f.I tillegg til skjenketida har gjestene ein ½ time til å drikka ut utskjenkt alkoholhaldig drikke som er skjenkt ut før utløpet av vedteken skjenketid.

For alle løyva gjeld:

For alle skjenkeløyva gjeld:

-for løyva skal det betalast ei årleg avgift for sal/skjenking av alkoholhaldig drikk med heimel i alkohollova § 7-1.
-Løyvehavar pliktar til ei kvar tid å kjenna dei reglar som gjeld for løyvet og gje melding til løyvemynde om endringar i driftkonsept/sentrale personar/eigarforhold mv. jf. § 1-10.
-Løyvet kan inndragast dersom andre godkjenningar for verksemda ikkje lenger gjeld.
-Vidare kan løyvet inndragast om løyvehavar og personar ikkje stettar vandelskrava jf. § 1-7b og § 1-7c, ikkje følgjer krav etter brannlov, pålegg frå matmiddeltilsyn/arbeidstilsyn, ikkje svarar skatt og avgifter eller bryt andre relevante lover.
§ 4.Desse får ikkje skjenkeløyve
a.Stader eller arrangement som er særskilt retta inn mot born og ungdom
b.Stader eller arrangement som er særskilt retta inn mot motortrafikantar
c.Idrettsarrangement
d.Kantiner/kafear/restaurantar i tilknyting til bensinstasjonar og trafikkstasjonar m.m.
§ 5.Løyve for tilverknad av alkohol gr. 1. og 2.

Ved lovendring i 2003 kan skjenkeløyve no utvidast til å omfatta tilverknad av øl og vin eller innførsel av dei typar alkohol som løyvet gjeld for, for skjenking i eiga verksemd.

Søknad om slik tilverknad vert å handsama som einskildsak i samsvar med reglane i alkohollova og gjeldande delegasjonsreglement.

§ 6.Slutta selskap

Omgrepet «slutta selskap» er sentralt i vurderinga av tildeling av ambulerande løyve, og ved løyvefri skjenking. Eidfjord legg rundskriv I-6/98 til grunn for forståing av omgrepet. Konkret inneber dette at eit slutta selskap må vera tufta på personleg invitasjon frå den/dei som inviterer til selskapet, og at det er heilt klårt før skjenkinga tek til kven som har takka ja. Ingen andre skal ha tilgang til selskapet. Skjenkinga må vera vederlagsfri. Dette inneber at utgifter til alkohol heller ikkje kan vera innbakt i t.d. inngangspengar.

§ 7.Ambulerande skjenkeløyve

Det er oppretta eit ambulerande skjenkeløyve som kan tildelast etter søknad i samsvar med alkohollova § 4-5. Slikt løyve kan berre tildelast i eit einskild høve ved skjenking til deltakar i slutta lag. Når vilkåret «slutta lag» er oppfylt inneber slikt løyve ei forenkla sakshandsaming.

Skjenketid for ambulerande løyve vert sett inntil kl. 02.00. I tillegg kjem ½ time fortæringstid. Det vert krevd avgift for slikt løyve i samsvar med gjeldande avgiftssatsar.

§ 8.Løyve i einskildhøve

Etter alkohollova § 1-6, 3. ledd kan det gjevast løyve til skjenking av alkohol for eit einskild bestemt høve. Slikt løyve kan gjevast der vilkåret til slutta lag ikkje er oppfylt. Slikt løyve føreset ikkje vederlagsfri skjenking, og avgifta er gradert, jf. pkt. 8. Døme på slikt løyve er ope arrangement i t.d. festlokale.

§ 9.Gebyr for ambulerande løyve og einskildløyve

Forskrift 11. desember 1997 nr. 1292 om omsetning av alkoholhaldig drikk mv. vart endra frå 21. juni 2005. Den endringa som er relevant i denne samanheng, er endringa av gebyrsatsane for skjenkeløyve for einskild høve i forskrifta sitt kapittel 6. 

Frå lova § 6-2:

Gebyret skal betalast etter følgende satser:

Sal:

0,17 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikke i gruppe 1.

Skjenking:

0,34 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 1

0,94 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 2

3,07 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 3.

Bevillingsgebyret utgjør pr. år minimum kr 1200,- for sal og 3500 for skjenking.

Bevillingsmyndigheten kan likevel i særlige tilfeller bestemme at gebyret kan settes lavere. For ambulerende bevilling kan bevillingsmyndigheten krevje et gebyr på inntil kr 250,- pr. gang.

Dette tyder at løyve for eit einskilt høve avgiftsmessig er likestilt med eit alminneleg løyve. Forskrifta seier då at kommunen kan krevja kr 3500,- for kvar einskildløyve. Når det gjeld avgift for ambulerande løyve er det ikkje noko endring frå tidlegare.

Det er likevel ein opning for å setja gebyret lågare ved at ein i særlege høve kan setja ned gebyret ved t.d. å skilja mellom store og små arrangement.

Ved fastsetjing av avgifter for einskildløyve vert følgjande retningslinjer lagt til grunn i Eidfjord kommune:

-Ved vederlagsfri skjenking kr 250,-
-Arrangement med inntil 100 deltakarar kr 600,-
-Arrangement med inntil 250 deltakarar kr 1200,-
-Arrangement med over 250 deltakarar kr 3500,-.
§ 10.Delegering

Rådmannen får etter lova § 1-6 og § 4-4 slikt avgjerdsmynde:

a.Tildeling av ambulerande skjenkeløyve
b.Skjenking ved einskildhøve
c.Handsaming av søknader om utvida opnings- skjenketid
d.Utviding av skjenkeområde for einskildhøve jf. alkohollova § 4-2
e.Godkjenning av styrar stedfortredar
f.Å inndra løyve mellombels på grunn av at det ikkje er sendt inn oppgåve som grunnlag for fastsetjing av årleg avgift, eller å ikkje ha betalt inn avgift innan forfall.

Godkjenning av mellombelsløyve i inntil 3 månader vert avgjort i formannskapet.

§ 11.Ikrafttredelse

Forskrifta trer i kraft 1. juli 2012, samstundes vert forskrift 24. mai 2000 nr. 828 om sals-, skjenke- og opningstider m.v., Eidfjord kommune, Hordaland oppheva.

Vedlegg. Kontroll med sal og skjenkeløyve

1.Skjenkekontroll

Oppgåvene ovanfor er ivaretekne av den interkommunale skjenkekontrollen.

Kommunen er ansvarleg for å gjennomføra kunnskapsprøvar for styrar og nestansvarlege i verksemder som har eller søkjer om kommunalt sals- og skjenkeløyve jf. § 1-7c i alkohollova. Kommunen kan også halda slike kunnskapsprøvar for kandidatar som ikkje er knytte til verksemder med løyve. Sosial- og helsedepartementet har fastsett forskrift om dokumentasjon av kva kunnskap som vert kravd.

2.Reaksjonsreglement

Ved brot på gjeldande vilkår for tildeling av løyve gjeld følgjande reaksjonsreglement:

2.1 Ved brot på alkohollova vert det normalt reagert med ei skriftleg åtvaring for løyvehavar ved fyrste gongs brot. Ved grove brot kan det reagerast med inndraging med ein gong.
2.2 Som alvorlege brot vert rekna:
-Brot på aldersgrense for sal og skjenking
-Brot på sals- og skjenketider
-Sal eller skjenking til openbart rusa person eller skjenking slik at vedkomande vert openbart rusa.
2.3 Ved andre gongs brot kan løyvet verta inndrege for eit nærare fastsett tidsrom. Dette tidsrommet kan vera t.d. inndraging av sal- eller skjenkeløyve fredag og/eller laurdag frå ei helg til ein månad, eller inndraging alle dagar for eit tidsrom på 1 til 3 månader eller for resten av løyveperioden.
2.4 Rådmannen får fullmakt til å gje åtvaringar i samsvar med pkt. 1. Formannskapet får melding om åtvaringar som er gjevne. Formannskapet gjev tilråding i reaksjonssaker. Slike saker vert avgjorde av kommunestyret.
2.5 Dersom oppgåvene over omsette vareliter som grunnlag for fastsetjing av avgift eller at avgift ikkje er innbetalt til fastsett frist, vert løyvet inndrege inntil tilhøvet er ordna.