Forskrift om sals- og skjenketider, Stranda kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2012-05-23-1051
PublisertII 2012 hefte 4
Ikrafttredelse23.05.2012
Sist endret
EndrerFOR-2008-09-10-1662
Gjelder forStranda kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15, LOV-1989-06-02-27-§4-4
Kunngjort15.11.2012   kl. 16.10
KorttittelForskrift om sals- og skjenketider, Stranda

Heimel: Fastsett av Stranda kommunestyre 23. mai 2012 med heimel i lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15 og lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) § 4-4.

§ 1.Ølutsal i matvarebutikkar

Salstider for øl i butikkane:

-09.00–20.00 på kvardagar og dagen før Kristi Himmelfartsdag
-09.00–18.00 på dagar før sun- og helgedagar
-på påske-, pinse-, jule- og nyttårsafta vert salstida lik opningstida for den enkelte butikk, men maksimalt kl. 09.00–17.00
-det er ikkje lov med sal på søn-, helge- og høgtidsdagar.

Salstidene for øl vert fastsett ved forskrift.

§ 2.Skjenketider

Konsum av skjenka alkoholhaldig drikk må opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida er slutt, jf. alkohollova § 4-4. 

Øl og vin etter kommunalt løyveKl. 10.00–kl. 02.00 for innandørs servering
Kl. 10.00–kl. 01.00 for utandørs servering
Brennevin etter kommunalt løyveKl. 13.00–kl. 02.00 for innandørs servering
Kl. 13.00–kl. 01.00 for utandørs servering
Sommartid
I Norge stiller vi fram frå klokka 2 til 3 siste søndag i mars, og attende frå 3 til 2 siste søndag i oktober
Ved sommartid føl ein den til ei kvar tid gjeldande klokke. Dette vil sei:
1. Ved innføring av sommartid siste søndag i mars vert skjenking slutt kl. 02.00 (kl. 02.00 vert klokka stilt til 03.00).
2. Ved slutt på sommartid siste søndag i oktober kan skjenkast til kl. 02.00 etter vanleg «sommartid» (kl. 03.00 vert klokka stilt til 02:00).

Skjenketidene for alkoholhaldig drikk i gr. 1, 2 og 3 vert fastsett i form av forskrift. 

Forskrifta gjeld frå 23. mai 2012. Frå same tid blir forskrift 10. september 2008 nr. 1662 om sals- og skjenketider, Stranda kommune, Møre og Romsdal oppheva.