Forskrift om opningstider for serveringsverksemder, Stranda kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2012-06-20-1052
PublisertII 2012 hefte 4
Ikrafttredelse01.07.2012
Sist endret
EndrerFOR-2008-12-18-1663
Gjelder forStranda kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1997-06-13-55-§15
Kunngjort15.11.2012   kl. 16.10
KorttittelForskrift om serveringstider, Stranda

Heimel: Fastsett av Stranda kommunestyre 20. juni 2012 med heimel i lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15.

§ 1.Føremål og virkeområde

Forskrifta sitt føremål er å regulere opningstidene til serveringsverksemder i Stranda kommune.

Forskrifta gjeld serveringsverksemder som er omfatta av serveringslova sine føresegner.

§ 2.Innandørs serveringsverksemder kan halde ope frå kl. 06.00 til kl. 02.30.

Utandørs serveringsverksemder kan halde ope frå kl. 06.00 til kl. 01.00.

Dersom skjenketida vert utvida ved særskilte høve, vert opningstida utvida tilsvarande.

§ 3.Kommunestyret kan, når særlege grunnar ligg føre, fastsetje redusert opningstid for den enkelte serveringsverksemd.
§ 4.Kommunestyret kan etter søknad, og i einskilde høve når særlege grunnar ligg føre, å gi løyve til tidlegare opning og/eller seinare lukking.
§ 5.Saksbehandling

Delegeringsreglementet ligg til grunn for ansvarsdeling mellom kommunestyret - formannskapet - hovudutval - rådmannen. Jf. KOM-sak 4. juli 2007.

§ 6.Forskrifta vert sett i verk frå 1. juli 2012. Frå same tid blir forskrift 18. desember 2008 nr. 1663 om opningstider for serveringsverksemder, Stranda kommune, Møre og Romsdal oppheva.