Forskrift om sals- og skjenketider for alkohol, Luster kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2012-07-27-920
PublisertII 2012 hefte 4
Ikrafttredelse04.10.2012
Sist endret
EndrerFOR-2008-10-23-1151
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§3-7, LOV-1989-06-02-27-§4-4
Kunngjort04.10.2012   kl. 16.40
KorttittelForskrift om sals- og skjenketider, Luster

Heimel: Fastsett av Luster kommunestyre 27. juli 2012 med heimel i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) § 3-7 og § 4-4.

§ 1.Med heimel i alkohollova 2. juni 1989 nr. 27 § 3-7, vert det fastsett fylgjande salstider for øl frå forretningar:
1.På vanlege kvardagar kan det seljast øl mellom kl. 09.00 og kl. 20.00.
2.På dagar før søn- og helgedagar mellom kl. 09.00 og kl. 18.00.
§ 2.Med heimel i alkohollova 2. juni 1989 nr. 27 § 4-4 vert det fastsett følgjande skjenketider:
1.Skjenking av brennevin skal vere avslutta kl. 01.00.
2.Skjenking av øl og vin skal vere avslutta kl. 01.30.
3.Skjenking av øl, vin og brennevin utandørs skal vere avslutta kl. 23.00.

Formannskapet får fullmakt til å tillate felles skjenketid ute og inne ved dei skjenkestader det ligg til rette for det.

Det må vere ei restriktiv handsaming av søknadene som kjem inn.

Kvar søknad skal handsamast individuelt.

Forskrifta tek til å gjelda frå kunngjeringsdato.

Forskrift 23. oktober 2008 nr. 1151 om sals- og skjenketider, Luster kommune, Sogn og Fjordane, vert oppheva.