Forskrift om godkjenning av Lærdal som typisk turiststad, Lærdal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-01-20-1906
PublisertII 2016 hefte 1
Ikrafttredelse20.01.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forLærdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1995-02-24-12-§5
Kunngjort31.03.2016   kl. 14.10
KorttittelForskrift om turiststaden Lærdal

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 20. januar 2015 med heimel i lov 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred § 5 sjette ledd, jf. andre ledd nr. 4.

§ 1.Lærdal kommune skal reknast som typisk turiststad i perioden 1. juni til 15. september.

Verknaden av dette er at Lærdal kommune er unnateken frå reglane om opningstider i lov om helligdager og helligdagsfred § 5 første ledd i perioden 1. juni til 15. september.

§ 2.Forskrifta trer i kraft straks.