Forskrift om sals- og skjenketider ved omsetning av alkoholhaldig drikk, Fjell kommune, Hordaland

DatoFOR-2016-05-26-879
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse07.07.2016
Sist endret
EndrerFOR-2012-06-21-782
Gjelder forFjell kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§3-7, LOV-1989-06-02-27-§4-4
Kunngjort07.07.2016   kl. 14.00
KorttittelForskrift om sals- og skjenketider, Fjell

Heimel: Fastsett av Fjell kommunestyre 26. mai 2016 med heimel i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) § 3-7 og § 4-4.

§ 1.Salstider for alkohol

Sal og utlevering av alkoholholdig drikk gruppe 1 (frå 2,5 til 4,7 volumprosent alkohol) kan i Fjell kommune skje til følgjande tider:

Kvardagar (måndag til fredag) frå kl. 07.00 til kl. 20.00.

Dagar før søn- og helgedagar frå kl. 07.00 til kl. 18.00. Dette gjeld ikkje dagen før Kristi Himmelfartsdag. Sal og utlevering av alkoholholdig drikk kan ikkje skje på stemmedagar for Stortingsval, fylkestingsval, kommunestyreval og folkeavstemmingar vedteke ved lov.

§ 2.Skjenketider for alkohol

Skjenking av alkohol kan i Fjell kommune skje til følgjande tider:

Alkoholgruppe 1 og 2 (frå 2,5 til 21 volumprosent alkohol) frå kl. 08.00 til kl. 02.00.

Alkoholgruppe 3 (mellom 22 og 60 volumprosent alkohol) frå kl. 13.00 til kl. 02.00.

§ 3.Ikrafttreden

Denne forskrift trer i kraft straks den er kunngjort.

Frå same tid vert forskrift 21. juni 2012 nr. 782 om opningstid for utsalsstader, Fjell kommune, oppheva.