Forskrift om opnings- og skjenketider for serveringsstadar, og salstid for alkohol med inntil 4,7 volumprosent i forretningar, Selje kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2016-09-15-1103
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse01.10.2016
Sist endret
EndrerFOR-2012-04-23-435
Gjelder forSelje kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§3-7, LOV-1989-06-02-27-§4-4, LOV-1997-06-13-55-§15
Kunngjort29.09.2016   kl. 15.30
KorttittelForskrift om opnings- og skjenketider, Selje

Heimel: Fastsett av Selje kommunestyre 15. september 2016 med heimel i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) § 3-7 og § 4-4 og lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15.

§ 1.Verkeområde

Forskrifta regulerer:

a)Opnings- og skjenketider for serveringsstader med løyve til skjenking av øl, vin og brennevin.
b)Salstid for alkohol med inntil 4,7 volumprosent i daglegvareforretningar med slikt løyve.
c)Kontroll med kommunale løyve til sal og skjenking av alkohol.
d)Sanksjonar i samband med brot på alkohollova, og forskrifter og/eller andre relevante lover og forskrifter som kan føre til reaksjonar ovanfor gjevne sals- og serveringsløyve for alkohol.
§ 2.Opnings- og skjenketider for serveringsstadar med løyve til skjenking av øl, vin og brennevin
a)Opnings- og stengetider

Serveringsstadar i kommunen med løyve til skjenking av øl, vin og brennevin skal halde stengt mellom klokka 0300 og klokka 0600.

b)Skjenketider

Serveringsstader med alkoholløyve kan skjenke alkohol i gruppe 1 og 2 (øl og vin) mellom klokka 0800 og klokka 0200. Skjenking av alkohol i gruppe 3 (brennevin) kan skje mellom klokka 1300 og klokka 0200. Utandørs servering føl same tidene.

§ 3.Salstider for alkohol med inntil 4,7 volumprosent alkohol i forretningar med salsløyve

Salstidene føl opningstidene i butikkane og skal ikkje overskride fylgjande tider:

- KvardagarKlokka 0800–2000
- LaurdagarKlokka 0800–1800
- Julaftan, påskeaftan, pinseaftan, nyttårsaftanKlokka 0800–1600

Det er stengt for alkoholsal alle helgedagar.

§ 4.Ambulerande skjenkeløyve og løyve for eitt enkelt høve

Rådmannen har delegert mynde til å dele ut ambulerande skjenkeløyve til slutta lag og løyve for eitt einskild høve. Løyva skal vere i samsvar med Alkohollova med forskrift og kommunal forskrift. Løyve til slik skjenking vert gitt etter skriftleg søknad på fastsett skjema. Søknadsfristen er to veker før løyvet skal nyttast.

§ 5.Kontroll og inspeksjon

Formannskapet er kommunen sitt kontrollutval i skjenkesaker.

Kommunen engasjerer kontrollørar til kontrolloppgåver i sals- og skjenkestadar med sals- og skjenkeløyve for alkohol.

Kontrolloppgåvene skal minst omfatte:

-opnings- og stengetider
-brot på alderskrav
-system for internkontroll.

Kontrollrapportar vert sendt på fastsett formular til kommunen og løyvehavarane. Rapportane skal leggjast fram for formannskapet.

§ 6.Sanksjonar

Brot på reglane i denne forskrifta vert handsama i samsvar med retningslinjene i kapittel 10 i forskrift til alkohollova.

§ 7.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå 1. oktober 2016.

Denne forskrifta erstattar forskrift 23. april 2012 nr. 435 om opnings- og skjenketider for serveringsstadar og salstid for alkohol med inntil 4,7 volumprosent i forretningar, Selje kommune, Sogn og Fjordane.