Forskrift om sal, skjenking og opningstider for alkoholhaldig drikke, Radøy kommune, Hordaland

DatoFOR-2016-09-21-1108
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse01.10.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forRadøy kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1989-06-02-27-§3-7, LOV-1989-06-02-27-§4-4
Kunngjort29.09.2016   kl. 15.30
KorttittelForskrift om sal, skjenking og opningstider, Radøy

Heimel: Fastsett av Radøy kommunestyre 21. september 2016 med heimel i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) § 3-7 og § 4-4.

§ 1.Bevillingsperiode

Det er ikkje naudsynt å søkje om fornying av innvilga sals- og skjenkeløyve i Radøy kommune, jf. alkohollova § 1-6, 3. ledd.

§ 2.Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk (gruppe 1 – høgst 4,7 volumprosent)
a.Sal og utlevering kan skje frå kl. 09.00 til kl. 20.00 på kvardagar.
b.Dagar før søn- og helgedagar unntatt dagen før Kristi himmelfartsdag kan sal og utlevering skje frå kl. 08.00 til kl. 18.00.
c.Sal og utlevering påske-, pinse- og nyttårsaftan kan skje mellom kl. 08.00 og 16.00.
d.Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk skal ikkje skje på søn- og helgedagar, 1. og 17. mai vedteke ved lov, jf. alkohollova § 3-7 tredje ledd.
e.Det er ikkje tillate med sal og utlevering av alkoholhaldige drikkevarer på julafta.
§ 3.Alminnelege skjenkevedtekter
a.Skjenketida for øl og vin (under 22 volumprosent) er frå kl. 08.00 til kl. 01.00 – med unnatak av søn- og helgedagar då skjenketida er frå kl. 12.00. På fredagar og lørdagar og på kvardagar før helgedagar er skjenketida for øl og vin frå kl. 08.00 til kl. 02.00.
b.Skjenketida for brennevin (mellom 22 og 60 volumprosent) er frå kl. 13.00 til kl. 24.00. På fredagar og lørdagar og kvardagar før helgedagar er skjenketida for brennevin frå kl. 13.00 til kl. 01.00.
c.Skjenking utandørs følgjer som hovudregel den generelle skjenketida. Dersom tilhøva på staden tilseier det, vil skjenketida for uteservering kunna innskrenkast.
d.For stader som har skjenkeløyve til slutta selskap, er skjenketida for øl og vin frå kl. 09.00 til maks. kl. 02.00. For brennevin er skjenketida frå kl. 13.00 til maks. kl. 02.00 med opningstid til maks. kl. 02.30.
§ 4.Opningstider

Opningstid er ein halv time lengre enn skjenketida.

§ 5.Konsum av skjenkt alkohol

Konsum av skjenkt alkoholhaldig drikk må opphøyra seinast 30 minuttar etter utløp av skjenketida.

§ 6.Ikraftsetjing

Forskrifta tek til å gjelde 1. oktober 2016.