Gå til bokmålsversjon

Kongeriket Noregs grunnlov

DatoLOV-1814-05-17
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
Sist endretFOR-2016-06-10-615 fra 24.05.2016
Publisert
Ikrafttredelse
Endrer
Kunngjort
KorttittelGrunnlova - Grl. - nynorsk

Kapitteloversikt:

gjeven i riksforsamlinga på Eidsvoll den 17. mai 1814,

slik ho lyder etter seinare endringar,

seinast stortingsvedtak av 24. mai 2016. 

Grunnlovas tittel endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613. 

A. Om statsforma

0Overskriften endra med grunnlovsvedtak 21 mai 2012 kunngjort med res. 15 juni 2012 nr. 522, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 1.

Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike. Regjeringsforma er avgrensa og arveleg monarkisk.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 2.

Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.

0Endra med grunnlovsvedtak 21 juli 1851, 3 aug 1897, 1 nov 1956 kunngjort 23 nov 1956, 4 mai 1964 kunngjort 29 mai 1964, 21 mai 2012 kunngjort med res. 15 juni 2012 nr. 522, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.

B. Om den utøvande makta, om kongen og den kongelege familien og om religionen

0Overskrifta endra med grunnlovsvedtak 21 mai 2012 kunngjort med res. 15 juni 2012 nr. 522, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 3.

Den utøvande makta er hos kongen, eller hos dronninga dersom ho har fått krona etter reglane i § 6, § 7 eller § 48 i denne grunnlova. Når den utøvande makta såleis er hos dronninga, har ho alle rettar og plikter som kongen har etter denne grunnlova og lovene i landet.

0Endra med grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 4.

Kongen skal alltid vedkjenne seg den evangelisk-lutherske religionen.

0Endra med grunnlovsvedtak 21 mai 2012 kunngjort med res. 15 juni 2012 nr. 522, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 5.

Kongens person er heilag; han kan ikkje lastast eller skuldast for noko. Ansvaret ligg på rådet hans.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 6.

Arvefølgja er lineal. Berre barn av ei dronning eller ein konge, eller av nokon som sjølv har arverett, kan arve, og barnet må vere født i lovleg ekteskap. Den nærare lina går føre den fjernare og den eldre i lina føre den yngre.

Den ufødde har òg arverett, og tek sin plass i arvefølgja så snart ho eller han kjem til verda.

Arverett har likevel berre dei som ættar frå foreldra til den sist regjerande dronninga eller kongen.

Når ei prinsesse eller ein prins med arverett til Noregs krone blir fødd, skal namnet og fødselstidspunktet gjerast kjent for Stortinget og førast inn i protokollen der.

For dei som er fødde før 1971, gjeld likevel § 6 slik han vart vedteken den 18. november 1905. For dei som er fødde før 1990, gjeld likevel at mann går føre kvinne.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 7.

Finst det ingen prinsesser eller prinsar med arverett, kan kongen gjere framlegg om etterfølgjar for Stortinget, som kan avgjere valet dersom framlegget frå kongen ikkje blir stødd.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 8.

Myndig alder for kongen blir fastsett i lov.

Så snart kongen har nådd den lovfeste alderen, lyser han seg myndig.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 9.

Så snart kongen, som myndig, tek til med regjeringa, gjer han denne eiden for Stortinget: «Eg lovar og sver at eg vil regjere Kongeriket Noreg i samsvar med konstitusjonen og lovene, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!»

Er det ikkje samla noko storting på den tida, blir eiden gjeven skriftleg i statsrådet, og kongen tek han høgtidleg opp att på fyrste storting.

0Endra ved grunnlovsvedtak 19 aug 1908, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 10.

(Oppheva med grunnlovsvedtak 14 mars 1908.)

§ 11.

Kongen skal bu i riket og kan ikkje utan samtykke frå Stortinget vere utanfor riket meir enn seks månader om gongen utan at han personleg misser retten til krona.

Kongen må ikkje ta imot ei anna krone eller regjering utan samtykke frå Stortinget, og til det krevst to tredjedelar av røystene.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 19 aug 1908, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 12.

Kongen vel sjølv eit råd av røysteføre norske borgarar. I dette rådet skal det vere ein statsminister og minst sju andre medlemmer.

Kongen fordeler gjeremåla mellom medlemmene av statsrådet slik han meiner det er tenleg. Til å ta sete i statsrådet ved sida av dei faste medlemmene kan kongen i særlege høve kalle inn andre norske borgarar, men ingen medlemmer av Stortinget.

Ektefolk, foreldre og born eller to sysken må ikkje ha sete i statsrådet samstundes.

0Endra med grunnlovsvedtak 5 juni 1873, 30 juni 1891, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 8 apr 1916 kunngjort 28 apr 1916, 5 mai 1919 kunngjort 24 mai 1919, 15 apr 1975 kunngjort 2 mai 1975, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 21 mai 2012 kunngjort med res. 15 juni 2012 nr. 522, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 13.

For den tida kongen reiser i riket, kan han overlate styringa av riket til statsrådet. Dette skal føre regjeringa i kongens namn og på hans vegner. Det skal ubryteleg følgje så vel føresegnene i denne grunnlova som dei særskilde instruksane som kongen gjev i samsvar med dei.

Sakene blir avgjorde med røysting. Står røystene likt, har statsministeren eller, om han er borte, den fyrste av statsrådane som er til stades, to røyster.

Statsrådet skal gje melding til kongen om dei sakene som blir avgjorde på denne måten.

0Endra med grunnlovsvedtak 5 juni 1873, 30 juni 1891, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 18 aug 1911, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 14.

Kongen kan utnemne statssekretærar til å hjelpe medlemmene av statsrådet med gjeremåla deira utanfor statsrådet. Kvar statssekretær handlar på vegner av den medlemmen av statsrådet som ho eller han er knytt til, så langt denne medlemmen fastset.

0Oppheva med grunnlovsvedtak 30 juni 1891, føyd til med grunnlovsvedtak 1 juni 1976 kunngjort 18 juni 1976, endra med grunnlovsvedtak 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 15.

Kvar medlem av statsrådet har plikt til å levere avskilssøknad etter at Stortinget har gjort vedtak om mistillit til denne statsråden åleine eller til heile statsrådet.

Kongen skal gje avskil etter ein slik søknad.

Når Stortinget har gjort vedtak om mistillit, kan statsrådet berre utføre dei gjeremåla som trengst for forsvarleg embetsutøving.

0Oppheva med vedtak 18 nov 1905, føyd til med grunnlovsvedtak 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 364, endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 16.

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.

0Endra med grunnlovsvedtak 21 mai 2012 kunngjort med res. 15 juni 2012 nr. 522, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 17.

Kongen kan gje og oppheve provisoriske lover om handel, toll, næringsvegar og offentleg forvaltning og regulering. Dei må ikkje stri mot konstitusjonen eller dei lovene Stortinget har gjeve. Dei gjeld til neste storting.

0Endra med grunnlovsvedtak 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 365 (ikr. 1 okt 2009), 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 18.

Kongen lèt i regelen krevje inn dei skattane og avgiftene som Stortinget fastset.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 19.

Kongen ser til at eigedomane og regala til staten blir nytta og forvalta slik Stortinget har fastsett, og på den måten som er nyttigast for samfunnet.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 20.

Kongen har i statsrådet rett til å gje forbrytarar nåde etter at dom er fallen. Forbrytaren kan velje å ta imot kongens nåde eller ta den idømde straffa.

I saker som Stortinget reiser for Riksretten, kan det ikkje gjevast annan nåde enn fritak frå idømd dødsstraff, om ikkje Stortinget har gjeve samtykke til noko anna.

0Endra med grunnlovsvedtak 29 nov 1862, 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 364, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 21.

Kongen vel og utnemner alle sivile og militære embetsmenn etter å ha høyrt statsrådet. Før innsetjinga skal dei sverje eller, om dei ved lov er fritekne frå å gjere eid, høgtidleg love lydnad og truskap til konstitusjonen og kongen. Embetsmenn som ikkje er norske borgarar, kan i lov få fritak frå denne plikta. Dei kongelege prinsessene og prinsane kan ikkje ha sivile embete.

0Endra med grunnlovsvedtak 28 juni 1889, 30 juni 1891, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 26 mars 1980 kunngjort 2 mai 1980, 21 mai 2012 kunngjort med res. 15 juni 2012 nr. 522, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 22.

Statsministeren, dei andre medlemmene av statsrådet og statssekretærane kan, utan dom, få avskil av kongen etter at han har høyrt kva statsrådet meiner om det. Det same gjeld for dei embetsmennene som er tilsette ved statsrådskontora eller i utanrikstenesta, sivile overøvrigheitspersonar, sjefar for regiment og andre militære korps, kommandantar på festningar og høgstbefalande på krigsskip. Om embetsmenn som såleis er avsette, skal få pensjon, blir avgjort av det neste stortinget. I mellomtida får dei to tredjedelar av løna dei hadde før.

Andre embetsmenn kan berre suspenderast av kongen og skal då straks stemnast for domstolane. Dei kan ikkje avsetjast utan etter dom eller overflyttast mot sin vilje.

Alle embetsmenn kan gjevast avskil utan dom når dei har nådd ei aldersgrense fastsett i lov. Det kan fastsetjast i lov at visse embetsmenn, men ikkje dommarar, kan utnemnast på åremål.

0Endra med grunnlovsvedtak 5 juni 1873, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 18 aug 1911, 1 juni 1976 kunngjort 18 juni 1976, 7 apr 1992 kunngjort med res. 8 mai 1992 nr. 317, 21 mai 2012 kunngjort med res. 15 juni 2012 nr. 522, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 23.

Kongen kan gje ordenar til kven han vil, til påskjøning for framifrå forteneste, som må kunngjerast offentleg. Kongen kan ikkje tildele annan rang og tittel enn den eit embete fører med seg. Ordenen fritek ingen for dei plikter og bører som er sams for statsborgarane, og gjev heller ikkje førerett til statlege embete. Embetsmenn som får avskil i nåde, får ha den tittelen og rangen dei hadde i embetet. Dette gjeld ikkje medlemmene av statsrådet eller statssekretærane.

Ingen må heretter få arvelege særrettar, personlege eller blanda.

0Endra med grunnlovsvedtak 11 mai 1920 kunngjort 21 mai 1920, 1 juni 1976 kunngjort 18 juni 1976, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 24.

Kongen vel og avset etter eige skjøn hoffstaten sin og hoffbetjentane sine.

0Endra ved grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 25.

Kongen har høgste befalinga over forsvarsmakta til riket. Denne makta må ikkje aukast eller minkast utan samtykke frå Stortinget. Ho må ikkje overlatast i framande makters teneste, og ingen krigsfolk frå framande makter, så nær som troppar til hjelp mot fiendsleg overfall, må dragast inn i riket utan samtykke frå Stortinget.

Landvernet og andre troppar som ikkje kan reknast som linetroppar, må aldri brukast utanfor riksgrensene utan samtykke frå Stortinget.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 14 mars 1908, 29 okt 1917 kunngjort 9 nov 1917, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 26.

Kongen har rett til å kalle saman troppar, byrje krig til forsvar av landet og slutte fred, inngå og seie opp folkerettslege avtaler og sende og ta imot sendemenn.

Traktatar om særleg viktige saker blir fyrst bindande når Stortinget har gjeve samtykke til det. Det same gjeld alle traktatar som etter konstitusjonen ikkje kan setjast i verk utan ei ny lov eller eit nytt stortingsvedtak.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 29 okt 1917 kunngjort 9 nov 1917, 26 mars 1931 kunngjort 10 apr 1931, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 27.

Alle medlemmene av statsrådet skal møte i statsrådet når dei ikkje har lovleg forfall. Inga avgjerd må takast i statsrådet når ikkje over helvta av medlemmene er til stades.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 15 mai 1919 kunngjort 24 mai 1919, 21 mai 2012 kunngjort med res. 15 juni 2012 nr. 522, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 28.

Tilrådingar om embetsutnemningar og andre viktige saker skal målberast i statsrådet av den medlemmen som har det fagområdet dei høyrer til. Ho eller han skal ekspedere sakene i samsvar med avgjerda i statsrådet. Det kan gjerast unntak frå behandling i statsråd for eigentlege militære kommandosaker i den mon kongen fastset.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 mars 1911, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 29.

Hindrar lovleg forfall ein statsråd i å møte og målbere saker som tilhøyrer hennar eller hans fagområde, skal sakene målberast av ein annan statsråd, som kongen konstituerer til det.

Hindrar lovleg forfall så mange frå å møte at ikkje fleire enn helvta av det fastsette talet på medlemmer er til stades, skal så mange andre personar som naudsynt konstituerast til å ta sete i statsrådet.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 1 mars 1922 kunngjort 10 mars 1922, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 30.

I statsrådet blir det ført protokoll over alle saker som blir behandla der. Dei diplomatiske sakene som statsrådet vedtek å halde løynde, blir førte inn i ein særskild protokoll. Det same gjeld dei militære kommandosakene som statsrådet vedtek å halde løynde.

Kvar den som sit i statsrådet, har plikt til å seie si meining med frimod. Kongen har plikt til å høyre den, men kan ta avgjerd etter eige omdømme.

Meiner nokon medlem av statsrådet at avgjerda til kongen strir mot statsforma eller lovene i landet, har ho eller han plikt til å ta kraftig til motmæle og skrive si meining i protokollen. Den som ikkje har protestert såleis, blir rekna for å ha vore samd med kongen og er ansvarleg for det, slik som det sidan blir fastsett, og Stortinget kan setje vedkommande under tiltale for Riksretten.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 mars 1911, 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 364, 27 mai 2010 kunngjort med res. 18 juni 2010 nr. 823, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 31.

Alle avgjerder kongen ferdar ut, må kontrasignerast for å bli gyldige. I militære kommandosaker skal avgjerdene kontrasignerast av den som har målbore saka, men elles av statsministeren, og om statsministeren ikkje var til stades i statsrådet, av den fyrste av dei medlemmene som var det.

0Endra med grunnlovsvedtak 5 juni 1873, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 15 aug 1911, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 32.

Dei avgjerdene regjeringa tek når kongen ikkje er til stades, blir utferda i kongens namn og underskrivne av statsrådet.

0Endra med grunnlovsvedtak 5 juni 1873, 30 juni 1891, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 33.

Noregs Bank er sentralbanken i landet.

0Oppheva med grunnlovsvedtak 24 okt 1908, føyd til att med grunnlovsvedtak 24 mai 2016 kunngjort med res. 10 juni 2016 nr. 615.
§ 34.

Kongen gjev føresegner om titlar for dei som har arverett til krona.

0Endra med grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 35.

Så snart tronarvingen har fylt 18 år, har ho eller han rett til å ta sete i statsrådet, men utan røyst eller ansvar.

0Endra med grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 36.

Ei prinsesse eller ein prins med arverett til Noregs krone må ikkje gifte seg utan løyve frå kongen. Ho eller han må heller ikkje ta imot ei anna krone eller regjering utan samtykke frå kongen og Stortinget. Samtykke frå Stortinget krev to tredjedelar av røystene.

Handlar ho eller han i strid med dette, misser vedkommande retten til Noregs trone for seg så vel som for etterkommarane sine.

0Endra med grunnlovsvedtak 19 aug 1908, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 37.

Dei kongelege prinsessene og prinsane skal for sine personar ikkje svare for andre enn kongen eller den han set til dommar over dei.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 38.

(Oppheva med vedtak 18 nov 1905.)

§ 39.

Om kongen døyr og tronfølgjaren enno er umyndig, skal statsrådet straks kalle inn Stortinget.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 40.

Til dess Stortinget kjem saman og innrettar regjeringa for den tida kongen er mindreårig, skal statsrådet stå for styringa av riket, i samsvar med Grunnlova.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 41.

Er kongen utanfor riket utan å vere i felt, eller er han så sjuk at han ikkje kan ta seg av regjeringa, skal den næraste arvingen til trona stå for regjeringa som mellombels utøvar av kongemakta, men berre så framt ho eller han har nådd myndig alder for kongen. I motsett fall er det statsrådet som står for styringa av riket.

0Endra med grunnlovsvedtak 10 jan 1863, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 42.

(Oppheva med vedtak 18 nov 1905.)

§ 43.

Stortinget skal velje formyndarar til å stå for regjeringa for den umyndige kongen.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 44.

Den prinsessa eller prinsen som står for regjeringa i dei tilfella som er nemnde i § 41, skal skriftleg gjere denne eiden for Stortinget: «Eg lovar og sver at eg skal stå for regjeringa i samsvar med konstitusjonen og lovene, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!»

Blir det ikkje halde storting på denne tida, skal eiden gjevast skriftleg i statsrådet og sidan sendast til neste storting.

Den prinsessa eller prinsen som har gjort eiden, tek han ikkje opp att seinare.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 19 aug 1908, 8 apr 1910, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 45.

Dei som mellombels har stått for statsstyringa etter §§ 40, 41, 43 eller 48, skal så snart ho er over, gjere rekneskap for henne til kongen og Stortinget.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 46.

Om ikkje statsrådet straks kallar saman Stortinget etter § 39, har Høgsterett så snart det er gått fire veker, ei vilkårslaus plikt til å syte for innkalling.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 47.

Stortinget fastset korleis oppsedinga av den umyndige kongen skal styrast dersom begge foreldra er døde og ingen av dei har late etter seg ei skriftleg føresegn om det.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 11 juni 1951 kunngjort 22 juni 1951, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 48.

Er kongsætta utdøydd og ingen tronfølgjar kåra, skal Stortinget velje ny dronning eller konge. I mellomtida gjeld § 40 for den utøvande makta.

0Endra med vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.

C. Om borgarretten og den lovgjevande makta

0Overskrifta endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 49.

Folket utøver den lovgjevande makta gjennom Stortinget. Stortingsrepresentantane blir valde gjennom frie og hemmelege val.

Innbyggjarane har rett til å styre lokale tilhøve gjennom lokale folkevalde organ. Nærare føresegner om det lokale folkevalde nivået blir fastsette i lov.

0Endra med grunnlovsvedtak 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 365 (ikr. 1 okt 2009), 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, 31 mars 2016 kunngjort med res. 22 apr 2016 nr. 404.
§ 50.

Røysterett ved stortingsval har dei norske borgarane som har fylt 18 år eller fyller 18 år i det året valtinget blir halde.

I kva mon norske borgarar som på valdagen er busette utanlands, men elles stettar vilkåra ovanfor, skal ha røysterett, blir fastsett i lov.

Reglar om røysterett for elles røysteføre personar som på valdagen openbert lir av alvorleg psykisk svekking eller nedsett medvit, kan fastsetjast i lov.

0Endra med grunnlovsvedtak ved lov 2 juni 1821, grunnlovsvedtak 4 juli 1884, 30 apr 1898, 1 juli 1907, 11 juni 1913 kunngjort 7 juli 1913, 23 okt 1920 kunngjort 6 nov 1920, 11 mai 1928 kunngjort 29 mai 1928, 5 juni 1946 kunngjort 13 juni 1946, 24 nov 1967 kunngjort 15 des 1967, 30 mai 1972 kunngjort 16 juni 1972, 23 nov 1978 kunngjort 22 des 1978, 17 jan 1980 kunngjort 15 feb 1980, 26 mai 2003 kunngjort med res. 27 juni 2003 nr. 765, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 51.

Reglar om manntalsføringa og om innføringa av dei røysteføre i manntalet blir fastsette i lov.

0Endra med grunnlovsvedtak 28 juni 1889, 16 des 1899, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 52.

(Oppheva med grunnlovsvedtak 26 okt 1954 kunngjort 12 nov 1954.)

§ 53.

Røysteretten misser den som

a.blir dømd for strafflagde handlingar, i samsvar med føresegner om dette i lov,
b.går i teneste for ei framand makt utan samtykke frå regjeringa.
0Endra med grunnlovsvedtak 6 juni 1877, 16 mars 1887, 22 mai 1902, 26 okt 1954 kunngjort 12 nov 1954, 23 apr 1959 kunngjort 15 mai 1959, 17 jan 1980 kunngjort 15 feb 1980, 23 mai 2003 kunngjort med res. 27 juni 2003 nr. 766, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 54.

Valtinga blir haldne fjerdekvart år. Dei skal vere avslutta seinast i september.

0Endra med grunnlovsvedtak 13 aug 1857, 24 apr 1869, 11 juni 1898, 25 mai 1905, 8 juni 1907, 5 apr 1938 kunngjort 22 apr 1938, 10 feb 1959 kunngjort 27 feb 1959, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 55.

Valtinga skal styrast slik det blir fastsett i lov. Valstyret avgjer tvistar om røysterett. Avgjerda kan klagast inn for Stortinget.

0Endra med grunnlovsvedtak 16 des 1899, 25 mai 1905, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 56.

(Oppheva med grunnlovsvedtak 23 mars 1972 kunngjort 21 apr 1972.)

§ 57.

Det skal veljast 169 stortingsrepresentantar.

Riket er inndelt i 19 valdistrikt.

150 av stortingsrepresentantane skal veljast som distriktsrepresentantar og 19 som utjamningsrepresentantar.

Kvart valdistrikt skal ha 1 utjamningsmandat.

Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag av innbyggjartalet og flatevidda i distriktet i høve til innbyggjartalet og flatevidda i heile riket. I denne utrekninga gjev kvar innbyggjar 1 poeng og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng. Utrekninga skal gjerast kvart åttande år.

Nærare føresegner om korleis riket skal delast i valdistrikt, og korleis stortingsmandata skal delast mellom valdistrikta, blir fastsette i lov.

0Endra med grunnlovsvedtak 26 nov 1859, 26 mai 1866, 6 juni 1878, 22 nov 1902, 25 mai 1905, 13 mars 1907, 26 juni 1917 kunngjort 6 juli 1917, 26 nov 1919 kunngjort 5 des 1919, 9 nov 1923 kunngjort 23 nov 1923, 26 nov 1952 kunngjort 12 des 1952, 30 mai 1972 kunngjort 16 juni 1972, 30 mai 1984 kunngjort med res. 27 juli 1984 nr. 1479, 10 mai 1988 kunngjort med res. 10 juni 1988 nr. 455, 26 mai 2003 kunngjort med res. 27 juni 2003 nr. 767, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 58.

Valtinga blir haldne særskilt for kvar kommune. På valtinga blir det røysta direkte på stortingsrepresentantar med vararepresentantar for heile valdistriktet.

0Endra med grunnlovsvedtak 26 nov 1859, 26 mai 1866, 6 juni 1878, 1 juli 1884, 22 nov 1902, 25 mai 1905, 26 juni 1917 kunngjort 6 juli 1917, 26 nov 1919 kunngjort 5 des 1919, 9 nov 1923 kunngjort 23 nov 1923, 26 nov 1952 kunngjort 12 des 1952, 30 mai 1972 kunngjort 16 juni 1972, 30 mai 1984 kunngjort med res. 27 juli 1984 nr. 1479, 10 mai 1988 kunngjort med res. 10 juni 1988 nr. 455, 26 mai 2003 kunngjort med res. 27 juni 2003 nr. 768, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 59.

Valet av distriktsrepresentantar er eit høvestalsval, og mandata blir delte mellom partia etter reglane nedanfor.

Røystetalet for kvart parti i kvart valdistrikt skal delast med 1,4; 3; 5; 7 og så bortetter. Det fyrste mandatet går til det partiet som får den største kvotienten, det neste mandatet går til det partiet som får den nest største kvotienten, og så bortetter til alle mandata er utdelte.

Listesamband er ulovleg.

Med sikte på best mogleg samsvar mellom røystetal og representasjon blir utjamningsmandata delte mellom dei partia som er med i utjamninga, på grunnlag av høvet mellom røystetala deira i heile riket. Kor mange stortingsmandat kvart parti skal ha i alt, finn ein ved å nytte reglane for tildeling av distriktsmandat tilsvarande for heile riket for dei partia som er med i utjamninga. Så får kvart parti tildelt så mange utjamningsmandat attåt distriktsmandata det alt har fått, at det til saman utgjer så mange stortingsmandat som partiet skal ha i alt. Har eit parti alt ved utdelinga av distriktsmandata fått fleire mandat enn det skulle hatt etter framgangsmåten ovanfor, skal utjamningsmandata delast berre mellom dei andre partia, såleis at ein ser bort frå det røystetalet og dei distriktsmandata som det fyrstnemnde partiet har fått.

Ingen parti kan få utjamningsmandat utan å ha fått minst 4 prosent av det samla røystetalet for heile riket.

Nærare føresegner om korleis utjamningsmandata til partia skal delast mellom valdistrikta, blir fastsette i lov.

0Endra med grunnlovsvedtak ved lov 8 feb 1816, grunnlovsvedtak 9 mai 1842, 25 mai 1905, 12 apr 1907, 3 juli 1913 kunngjort 13 juli 1917, 26 nov 1919 kunngjort 5 des 1919, 9 nov 1923 kunngjort 23 nov 1923, 30 mai 1972 kunngjort 16 juni 1972, 10 mai 1988 kunngjort med res. 10 juni 1988 nr. 455, 26 mai 2003 kunngjort med res. 27 juni 2003 nr. 769, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 60.

Om og korleis dei røysteføre kan røyste utan å møte personleg på valtinga, blir fastsett i lov.

0Endra ved grunnlovsvedtak 20 juni 1896, 25 mai 1905, 8 mars 1929 kunngjort 23 mars 1929, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 61.

Ingen kan veljast til representant utan å ha røysterett.

0Endra med grunnlovsvedtak 25 mai 1905, 1 juli 1913 kunngjort 7 juli 1913, 27 jan 1948 kunngjort 6 feb 1948, 26 nov 1952 kunngjort 12 des 1952, 24 nov 1967 kunngjort 15 des 1967, 26 mai 2003 kunngjort med res. 27 juni 2003 nr. 770, 27 mai 2010 kunngjort mved res. 18 juni 2010 nr. 824, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 62.

Tenestemenn som er tilsette ved statsrådskontora, bortsett frå statssekretærar og politiske rådgjevarar, kan ikkje veljast til representantar. Det same gjeld medlemmene av Høgsterett og tenestemenn som er tilsette i utanrikstenesta.

Medlemmer av statsrådet kan ikkje møte på Stortinget som representantar så lenge dei har sete i statsrådet. Heller ikkje statssekretærane kan møte som representantar så lenge dei er i embetet, og dei politiske rådgjevarane ved statsrådskontora kan ikkje møte på Stortinget så lenge dei har stillingane sine.

0Endra med grunnlovsvedtak 1 juli 1913 kunngjort 7 juli 1913, 11 mai 1928 kunngjort 29 mai 1928, 1 juni 1976 kunngjort 18 juni 1976, 26 mai 2003 kunngjort med res. 27 juni 2003 nr. 771, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 63.

Den som blir vald til representant, har plikt til å ta imot valet, om vedkommande ikkje

a)er vald utanfor det valdistriktet der ho eller han har røysterett,
b)har møtt som representant på alle storting etter førre val,
d)er medlem av eit politisk parti og vald på ei valliste som ikkje går ut frå dette partiet.

Frist og framgangsmåte for å gjere retten til å nekte val gjeldande blir fastsett i lov.

Like eins skal det fastsetjast i lov når og korleis ein som er vald til representant for to eller fleire valdistrikt, skal gje fråsegn om kva val ho eller han vil ta imot.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 apr 1869, 1 juli 1884, 25 mai 1905, 26 nov 1919 kunngjort 5 des 1919, 24 juni 1938 kunngjort 15 juli 1938, 26 nov 1952 kunngjort 12 des 1952, 30 mai 1984 kunngjort med res. 27 juli 1984 nr. 1479, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 7 apr 1992 kunngjort med res. 8 mai 1992 nr. 317, 26 mai 2003 kunngjort med res. 27 juni 2003 nr. 772 (bokstav c oppheva), 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 64.

Dei valde representantane får tildelt fullmakter. Stortinget avgjer om fullmaktene er lovlege.

0Endra med grunnlovsvedtak 25 mai 1905, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 65.

Alle representantar og innkalla vararepresentantar får frå statskassa lovfastsett godtgjersle for kostnader til reiser til og frå Stortinget og frå Stortinget til heimen og attende under feriar på minst 14 dagar.

Dessutan får dei lovfastsett godtgjersle for deltaking på Stortinget.

0Endra med grunnlovsvedtak 8 apr 1910, 26 nov 1919 kunngjort 5 des 1919, 15 okt 1923 kunngjort 26 okt 1923, 27 mai 1986 kunngjort med res. 13 juni 1986 nr. 1279, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 66.

På reisa til og frå Stortinget og medan dei er der, er representantane fritekne frå pågriping, om dei ikkje blir gripne i offentlege brotsverk. For meiningar ytra i forsamlingane til Stortinget kan dei ikkje dragast til ansvar utanfor desse forsamlingane. Alle har plikt til å rette seg etter den ordenen som er vedteken av Stortinget.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 67.

Representantane som er valde på den ovannemnde måten, utgjer Kongeriket Noregs storting.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 68.

Stortinget kjem i regelen saman i hovudstaden den fyrste kvardagen i oktober kvart år, om ikkje kongen på grunn av usedvanlege omstende, så som fiendsleg åtak eller smittsam sjukdom, vel ein annan by i riket. Ei slik avgjerd må gjerast kjend i tide.

0Endra med grunnlovsvedtak 13 aug 1857, 24 apr 1869, 11 juni 1898, 8 juni 1907, 10 feb 1959 kunngjort 27 feb 1959, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 69.

Når Stortinget ikkje er samla, kan kongen kalle det saman dersom han meiner det trengst.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 apr 1869, 8 apr 1916 kunngjort 28 apr 1916, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 70.

(Oppheva med grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550.)

§ 71.

Dei valde representantane er medlemmer av Stortinget i fire år på rad.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 apr 1869, 5 apr 1938 kunngjort 22 apr 1938, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 72.

(Oppheva med grunnlovsvedtak 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550.)

§ 73.

Stortinget utnemner ein president, fem visepresidentar og to sekretærar. Storting kan berre haldast dersom minst helvta av medlemmene er til stades. Grunnlovsframlegg kan berre behandlast dersom minst to tredjedelar av medlemmene er til stades.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 apr 1869, 13 apr 1926 kunngjort 30 apr 1926, 1 juni 1931 kunngjort 5 juni 1931, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 365 (ikr. 1 okt 2009), 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 74.

Så snart Stortinget har konstituert seg, opnar kongen eller den han set til det, forhandlingane med ei tale om tilstanden i riket og dei emna han særleg vil gjere Stortinget merksam på. Inga drøfting må skje med kongen til stades.

Når forhandlingane i Stortinget er opna, har statsministeren og statsrådane rett til å møte i Stortinget og til liks med medlemmene der ta del i forhandlingane når dei blir haldne for opne dører, men utan å røyste. I saker som blir behandla for stengde dører, gjeld dette berre når Stortinget gjev løyve til det.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 apr 1869, 1 juli 1884, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 365 (ikr. 1 okt 2009), 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 75.

Det høyrer Stortinget til

a)å gje og oppheve lover; å fastsetje skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører, som likevel ikkje gjeld etter 31. desember året etter om dei ikkje blir uttrykkeleg fornya av eit nytt storting,
b)å ta opp lån på rikets kreditt,
c)å føre oppsyn med pengestellet i riket,
d)å løyve dei pengesummane som trengst til statsutgiftene,
e)å fastsetje kor mykje kongen skal få utbetalt til hoffstaten sin kvart år, og å fastsetje apanasjen til den kongelege familien, som ikkje kan vere i faste eigedommar,
f)å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle offentlege meldingar og papir,
g)å få melding om dei folkerettslege avtalene som kongen har gjort med framande makter for staten,
h)å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast inn dersom dei har embete,
i)å revidere lister over mellombels løner og pensjonar og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst,
k)å utnemne fem revisorar som skal sjå gjennom statsrekneskapane kvart år og kunngjere utdrag av dei på prent; revisorane skal difor få rekneskapane innan seks månader etter utgangen av det året som Stortinget har gjeve løyvingar for; og å gje føresegner om ordninga av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene til staten,
l)å utnemne ein som ikkje er medlem av Stortinget, som etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre kontroll med den offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg teneste, for å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren,
m)å gje innfødsrett.
0Endra med grunnlovsvedtak 13 aug 1857, 24 apr 1869, 22 juni 1880, 30 juni 1891, 11 juni 1898, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 8 juni 1907, 24 mars 1911, 8 apr 1916 kunngjort 28 apr 1916, 7 des 1917 kunngjort 14 des 1917, 10 feb 1959 kunngjort 27 feb 1959, 9 feb 1967 kunngjort 23 feb 1967, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 7 juni 1995 kunngjort med res. 23 juni 1995 nr. 567, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 76.

Alle lovframlegg skal fyrst gjerast på Stortinget, anten av ein stortingsrepresentant eller av regjeringa ved ein statsråd.

Etter at framlegget er vedteke der, skal Stortinget ta det opp til ny vurdering og anten godta eller forkaste det. Blir det forkasta, skal framlegget med merknader frå Stortinget takast opp til vurdering endå ein gong av Stortinget, som anten legg framlegget bort eller vedtek det med dei nemnde merknadene.

Mellom kvar slik behandling må det gå minst tre dagar.

0Endra med grunnlovsvedtak 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 365 (ikr. 1 okt 2009), 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 77.

Når Stortinget har gjort same lovvedtaket to gonger på rad, går det til kongen med oppmoding om sanksjon.

0Endra med grunnlovsvedtak 30 juni 1891, 6 juli 1891, vedtak 18 nov 1905, grunnlovsvedtak 25 juni 1913 kunngjort 7 juli 1913, 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 365 (ikr. 1 okt 2009), 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 78.

Godtek kongen lovvedtaket, skriv han under, og dermed blir det til lov.

Godtek han det ikkje, sender han det attende til Stortinget med dei orda at han for tida ikkje meiner det er tenleg å sanksjonere det. I så fall kan ikkje det stortinget som då er samla, leggje dette vedtaket fram for kongen att.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 apr 1869, 25 juni 1913 kunngjort 7 juli 1913, 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 365 (ikr. 1 okt 2009), 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 79.

Når to storting med eitt val og minst to storting imellom har gjort same lovvedtaket uendra utan at Stortinget i mellomtida har gjort avvikande endeleg lovvedtak, og det då blir lagt fram for kongen med dei orda at Hans Majestet ikkje vil nekte å sanksjonere eit lovvedtak som Stortinget etter ei grundig vurdering held for gagnleg, så blir det til lov endå om kongen ikkje sanksjonerer det før Stortinget skilst.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 apr 1869, 25 juni 1913 kunngjort 7 juli 1913, 5 apr 1938 kunngjort 22 apr 1938, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 80.

Stortinget blir verande samla så lenge det sjølv meiner det trengst, og avsluttar forhandlingane når gjeremåla er fullførte.

I samsvar med reglar i Stortingets forretningsorden kan forhandlingane takast opp att, men dei blir avslutta seinast siste kvardagen i september.

Innan den tid kunngjer kongen for Stortinget avgjerda si om dei lovvedtaka som ikkje alt er avgjorde (jf. §§ 77-79), anten med å stadfeste eller forkaste dei. Dei han ikkje uttrykkeleg godkjenner, blir rekna som forkasta av han.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 apr 1869, 12 mars 1908, 25 juni 1913 kunngjort 7 juli 1913, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 81.

Alle lover (så nær som dei etter § 79) blir utferda i namnet til kongen, under Noregs rikssegl og med desse orda: «Vi N.N. gjer kunnig at Oss er førelagt vedtak frå Stortinget dagsett som lyder slik: (her kjem vedtaket). Vi godkjenner og stadfester dette vedtaket som lov, under Vår hand og riksseglet.»

0Endra med grunnlovsvedtak 27 juni 1908, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 82.

Regjeringa skal gje Stortinget alle dei opplysningane som trengst for behandlinga av dei sakene ho legg fram. Ingen medlemmer av statsrådet må leggje fram urette eller villeiande opplysningar for Stortinget eller eit stortingsorgan.

0Oppheva med grunnlovsvedtak 25 juni 1913 kunngjort 7 juli 1913, føyd til att med grunnlovsvedtak 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 364, endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 83.

Stortinget kan hente inn utgreiing frå Høgsterett om juridiske emne.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 84.

Stortinget blir halde for opne dører, og forhandlingane blir kunngjorde på prent, så nær som i dei tilfella noko anna blir vedteke med røystefleirtal.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 85.

Den som lyder eit påbod som har som føremål å skiple fridommen og tryggleiken til Stortinget, gjer seg skuldig i svik mot fedrelandet.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.

D. Om den dømmande makta

0Overskriften endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 86.

Riksretten dømmer i fyrste og siste instans i dei sakene som Stortinget reiser mot medlemmer av statsrådet, Høgsterett eller Stortinget for eit strafflagt eller anna rettsstridig tilhøve når dei har brote sine konstitusjonelle plikter.

Dei nærare reglane om påtale som Stortinget reiser etter denne paragrafen, blir fastsette i lov. Det kan likevel ikkje setjast kortare foreldingsfrist enn 15 år for høvet til å gjere ansvar gjeldande ved tiltale for Riksretten.

Dommarar i Riksretten er 6 medlemmer valde av Stortinget og dei 5 etter embetsalder eldste fast utnemnde medlemmene av Høgsterett, mellom dei leiaren av Høgsterett. Stortinget vel medlemmene og varamedlemmer for 6 år. Ein medlem av statsrådet eller Stortinget kan ikkje veljast til medlem av Riksretten. I Riksretten har leiaren av Høgsterett forsetet.

Dei som har teke sete i Riksretten som valde av Stortinget, blir sitjande sjølv om tida dei er valde for, går ut før Riksretten har avslutta saka. Like eins blir høgsterettsdommarar sitjande i Riksretten sjølv om dei går av som medlemmer av Høgsterett.

0Endra med grunnlovsvedtak 19 aug 1908, 25 feb 1911, 15 jan 1932 kunngjort 29 jan 1932, 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 364, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 87.

Dei nærare reglane om samansetjinga av Riksretten og om saksbehandlinga blir fastsette i lov.

0Endra med grunnlovsvedtak 15 jan 1932 kunngjort 29 jan 1932, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 20 feb 2007 kunngjort med res. 30 mars 2007 nr. 364, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 88.

Høgsterett dømmer i siste instans. Grenser for høvet til å få Høgsteretts avgjerd kan fastsetjast i lov.

Høgsterett skal vere samansett av ein leiar og minst fire andre medlemmer.

0Endra med grunnlovsvedtak 29 nov 1862, 25 feb 1911, 13 juni 1938 kunngjort 24 juni 1938, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 89.

I saker som blir reiste for domstolane, har domstolane rett og plikt til å prøve om lover og andre avgjerder tekne av dei statlege styresmaktene strir mot Grunnlova.

0Oppheva med grunnlovsvedtak 14 des 1920 kunngjort 17 des 1920, føyd til att med grunnlovsvedtak 1 juni 2015 kunngjort med res. 12 juni 2015 nr. 623.
§ 90.

Høgsterettsdommar kan ikkje i noko tilfelle ankast.

0Endra med grunnlovsvedtak 28 feb 1914 kunngjort 6 mars 1914, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.
§ 91.

Ingen kan utnemnast til høgsterettsdommar før ho eller han er 30 år gammal.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613.

E. Menneskerettar

0Overskrifta endra med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 92.

Dei statlege styresmaktene skal respektere og tryggje menneskerettane slik dei er fastsette i denne grunnlova og i traktatar om menneskerettar som er bindande for Noreg.

0Føyd til med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 93.

Kvart menneske har rett til liv. Ingen kan dømmast til døden.

Ingen må utsetjast for tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

Ingen skal haldast i slaveri eller tvangsarbeid.

Dei statlege styresmaktene skal verne retten til liv og stri mot tortur, slaveri, tvangsarbeid og andre former for umenneskeleg eller nedverdigande behandling.

0Føyd til med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 94.

Ingen må fengslast eller bli fråteken fridommen på anna vis utan i dei tilfella og på den måten som lovene fastset. Fridomstapet må vere naudsynt og ikkje utgjere eit mishøveleg inngrep.

Den pågripne skal snarast råd framstillast for ein domstol. Andre som er fråtekne fridommen, kan få fridomstapet prøvd for domstolane utan grunnlaus dryging.

Dei som utan rett har arrestert nokon eller halde nokon ulovleg fengsla, står til ansvar for vedkommande.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 95.

Alle har rett til å få saka si avgjord av ein uavhengig og upartisk domstol innan rimeleg tid. Rettargangen skal vere rettvis og offentleg. Retten kan likevel stengje rettsmøtet dersom omsynet til privatlivet til partane eller tungtvegande allmenne interesser krev det.

Dei statlege styresmaktene skal sikre at domstolane og dommarane er uavhengige og upartiske.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 96.

Ingen kan dømmast utan etter lov eller straffast utan etter dom.

Alle har rett til å bli rekna som uskuldige til skuld er prova etter lova.

Ingen kan dømmast til å avstå fast eigedom eller heile eiga si om ikkje verdiane er nytta til eller er utbyte frå ei strafflagd handling.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 97.

Inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 98.

Alle er like for lova.

Ikkje noko menneske må utsetjast for usakleg eller mishøveleg forskjellsbehandling.

0Oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 99.

(Oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628.)

§ 100.

Ytringsfridom skal det vere.

Ingen kan haldast rettsleg ansvarleg for å ha motteke eller komme med opplysningar, idear eller bodskapar om det ikkje let seg forsvare halde opp imot den grunngjevinga ytringsfridommen har i sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet. Det rettslege ansvaret skal vere fastsett i lov.

Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst. Det kan berre setjast slike klårt definerte grenser for denne retten der særleg tungtvegande omsyn gjer det forsvarleg halde opp imot grunngjevingane for ytringsfridommen.

Førehandssensur og andre førebyggjande åtgjerder kan ikkje nyttast om det ikkje trengst for å verne born og unge mot skadeleg påverknad frå levande bilete. Brevsensur kan ikkje setjast i verk anna enn i anstaltar.

Alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ. Det kan i lov setjast grenser for denne retten av omsyn til personvern og av andre tungtvegande grunnar.

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

0Endra med grunnlovsvedtak 30 sep 2004 kunngjort med res. 29 okt 2004 nr. 1402, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 271, 27 mai 2010 kunngjort med res. 18 juni 2010 nr. 825, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 101.

Alle har rett til å skipe, melde seg inn i og melde seg ut av foreiningar, medrekna fagforeiningar og politiske parti.

Alle kan møtast i fredelege forsamlingar og demonstrasjonar.

Regjeringa har ikkje rett til å nytte militær makt mot innbyggjarane utan etter lov, med mindre ei forsamling skiplar den offentlege roa og ikkje skilst åt så snart den sivile styresmakta tre gonger har lese lovføresegnene om opprør høgt og tydeleg for henne.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 102.

Alle har rett til respekt for privatlivet og familielivet sitt, for heimen sin og kommunikasjonen sin. Det må ikkje utførast husransakingar, så nær som i kriminelle tilfelle.

Dei statlege styresmaktene skal sikre eit vern om den personlege integriteten.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, opphevet ved grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 103.
0Oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628.
§ 104.

Born har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget.

Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.

Born har rett til vern om den personlege integriteten sin. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for utviklinga til barnet og mellom anna sjå til at det får den økonomiske, sosiale og helsemessige tryggleiken som det treng, helst i sin eigen familie.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 105.

Krev omsyn til samfunnet at nokon må gje frå seg fast eller rørleg eigedom til offentleg bruk, skal ho eller han få fullt vederlag av statskassa.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 106.

Alle som oppheld seg lovleg i riket, kan fritt ferdast innanfor grensene og velje bustad der.

Ingen kan nektast å forlate riket om det ikkje trengst av omsyn til effektiv rettsforfølging eller fordi dei skal gjere verneplikt. Norske statsborgarar kan ikkje nektast tilgjenge til riket.

0Føyd til med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 107.
0Endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, innhaldet i tidlegere § 107 står no i § 117.
§ 108.

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.

0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, innhaldet i tidlegere § 108 står no i § 118, medan innhaldet her tidlegere sto i § 110 a.
§ 109.

Alle har rett til utdanning. Born har rett til å ta imot grunnleggjande opplæring. Opplæringa skal utvikle evnene til kvart barn og ta omsyn til dei behova det har, og fremje respekt for demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.

Dei statlege styresmaktene skal sikre tilgjenge til vidaregåande opplæring og likt høve til høgare utdanning på grunnlag av kvalifikasjonar.

0Føyd til med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 110.

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at kvart arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsverksemda si. Den som ikkje sjølv kan forsyte seg, har rett til stønad frå det offentlege.

Nærare føresegner om medråderetten til dei tilsette på arbeidsplassen blir fastsette i lov.

0Oppheva med grunnlovsvedtak 5 juni 1925 kunngjort 12 juni 1925, føyd til att med grunnlovsvedtak 16 nov 1954 kunngjort 26 nov 1954, endra med grunnlovsvedtak 5 mai 1980 kunngjort 30 mai 1980, 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 111.
0Endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, innhaldet i tidlegere § 111 står no i § 120.
§ 112.

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.

0Føyd til med grunnlovsvedtak 25 mai 1992 kunngjort med res. 19 juni 1992 nr. 463, endra med grunnlovsvedtak 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra paragrafnummer frå § 110 b, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 113.

Styresmaktene må ha grunnlag i lov for å gripe inn overfor einskildmennesket.

0Føyd til med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.

F. Allmenne føresegner

0Overskrifta føyd til med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778.
§ 114.

Til embete i staten kan det berre utnemnast norske borgarar som talar Noregs språk og

a)anten er fødde i riket av foreldre som då var norske statsborgarar,
b)eller er fødde i utlandet av norske foreldre som då ikkje var statsborgarar i noko anna land,
c)eller har opphalde seg i riket i 10 år,
d)eller får innfødsrett av Stortinget.

Andre kan likevel utnemnast til lærarar ved universitetet og dei lærde skulane, til lækjarar og til konsular på framande stader.

0Endra med grunnlovsvedtak 15 juni 1878, 4 juni 1892, 19 mars 1901, 15 mai 1919 kunngjort 24 mai 1919, 10 juni 1952 kunngjort 28 juni 1952, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, endra paragrafnummer frå § 92.
§ 115.

For å sikre internasjonal fred og tryggleik eller fremje internasjonal rettsorden og samarbeid kan Stortinget med tre fjerdedels fleirtal gje samtykke til at ein internasjonal samskipnad som Noreg er tilslutta eller sluttar seg til, på eit sakleg avgrensa område får råderett som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter denne grunnlova, men likevel ikkje rett til å endre denne grunnlova. Når Stortinget skal gje sitt samtykke, skal minst to tredjedelar av medlemmene vere til stades, som ved behandling av grunnlovsframlegg.

Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje deltaking i ein internasjonal samskipnad der avgjerdene berre har reint folkerettsleg verknad for Noreg.

0Oppheva med vedtak 18 nov 1905, føyd til att med grunnlovsvedtak 8 mars 1962 kunngjort 23 mars 1962, endra med grunnlovsvedtak 2 feb 2006 kunngjort med res. 3 mars 2006 nr. 270, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, endra paragrafnummer frå § 93.
§ 116.

Kjøpesummar og inntekter av det benefiserte godset til presteskapet skal berre nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga. Eigedommane til milde stiftingar skal berre nyttast til deira eige gagn.

0Endra med grunnlovsvedtak 27 mai 2010 kunngjort med res. 18 juni 2010 nr. 826, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, endra paragrafnummer frå § 106.
§ 117.

Odels- og åsetesretten må ikkje opphevast. Dei nærare vilkåra for korleis han skal stå ved lag til størst mogleg nytte for staten og gagn for landallmugen, blir fastsett av det fyrste eller andre stortinget.

0Endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, endra paragrafnummer frå § 107.
§ 118.

Heretter kan det ikkje skipast grevskap, baroni, stamhus eller fideikommiss.

0Endra med vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, endra paragrafnummer frå § 108.
§ 119.

Alle statsborgarane har i regelen den same skyldnaden til å verne fedrelandet ei viss tid, utan omsyn til fødsel eller formue.

Korleis denne grunnsetninga skal gjennomførast, og kva unnatak ho skal ha, blir fastsett i lov.

0Endra med grunnlovsvedtak 12 apr 1907, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, endra paragrafnummer frå § 109.
§ 120.

Forma og fargane på det norske flagget blir fastsette i lov.

0Endra med grunnlovsvedtak 21 nov 1905, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, endra paragrafnummer frå § 111.
§ 121.

Viser røynsla at nokon del av denne grunnlova for Kongeriket Noreg bør endrast, skal framlegget om endring leggjast fram på det fyrste, andre eller tredje stortinget etter eit nytt val og kunngjerast på prent. Men det er fyrst det fyrste, andre eller tredje stortinget etter neste val som avgjer om endringa skal gjerast eller ikkje. Ei slik endring må likevel ikkje stri mot prinsippa i denne grunnlova, men berre gjelde modifikasjonar i einskilde føresegner som ikkje endrar ånda i denne konstitusjonen, og to tredjedelar av Stortinget må vere samde i ei slik endring.

Ei grunnlovsføresegn som er vedteken på denne måten, skal underskrivast av Stortingets president og sekretær og sendast til kongen til kunngjering på prent som gjeldande føresegn i Kongeriket Noregs grunnlov.

0Endra med grunnlovsvedtak 24 apr 1869, 9 okt 1905, 16 juli 1907, 11 juni 1913 kunngjort 7 juli 1913, 24 juni 1946 kunngjort 5 juli 1946, 29 mai 1990 kunngjort med res. 13 juli 1990 nr. 550, 6 mai 2014 kunngjort med res. 9 mai 2014 nr. 613, 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, vedtak 27 mai 2014 kunngjort med res. 20 juni 2014 nr. 778, endra paragrafnummer frå § 112.