Lov til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror.

DatoLOV-1936-07-10-6
DepartementLandbruks- og matdepartementet
Sist endretLOV-2009-06-19-99 fra 01.01.2010
Publisert
Ikrafttredelse10.07.1936
Endrer
Kunngjort
KorttittelLov til å fremja umsetnaden av jordbruksvaror.

Jf. tidlegare lover 6 juni 1930 nr. 21, 24 juni 1931 nr. 20 og 29 juni 1934 nr. 16.

§ 1.Fyremålet med lova er gjennom samyrke å fremja umsetnaden av kjøtt av storfe, sau, svin, fjørfe og reinsdyr, korn og oljefrø, mjølk, egg, pelsdyrskinn, poteter, grønsaker, frukt og bær.
0Endra med lover 2 aug 1946 nr. 3, 14 juni 1956 nr. 3, 21 des 2001 nr. 115 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 21 des 2001 nr. 1561), 19 juni 2009 nr. 99 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 19 juni 2009 nr. 816).
§ 2.For å fremja fyremålet etter § 1 skal det vera eit omsetningsråd med 11 medlemer.

Departementet oppnemner medlemer med personlege varamedlemer for kvar av desse:

Norges Bondelag

Norsk Bonde og Småbrukarlag

Ein fellesrepresentant for Handelens- og Servicenæringens Hovedorganisasjon og Coop NKL BA

Tine BA

Nortura BA

Norske Felleskjøp

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund

Fornyings- og administrasjonsdepartementet1

Norsk Landbrukssamvirke

Ein fellesrepresentant for Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund, Norges Frukt- og Grønnsaksgrossisters Forbund, NHO Mat og Drikke og Norkorn

Landbruks- og matdepartementet.

Oppnemninga skjer etter framlegg frå dei overnemnde organisasjonane og institusjonane. Medlemene med personlege varamedlemer vert oppnemnde for fire år. Annakvart år går halve rådet ut, fyrste gongen etter loddtrekking.

0Endra med lover 2 aug 1946 nr. 3, 14 juni 1956 nr. 3, 12 juni 1981 nr. 71, 31 jan 1992 nr. 18, 20 des 1996 nr. 107 (ikr. 1 jan 1997), 21 des 2001 nr. 115 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 21 des 2001 nr. 1561), 19 juni 2009 nr. 99 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 19 juni 2009 nr. 816).
1Departementet er nedlagt, jf. res. 13 des 2013 nr. 1455.
§ 3.Departementet oppnemner leiar og nestleiar. Rådet er vedtaksført når 6 medlemer møter. Millom dei må vera leiaren eller nestleiaren.

Alle vedtak vert gjort med vanleg fleirtal. Står røystene likt, er røysta til leiaren avgjerande.

Rådet sender kvart år rekneskap og melding um arbeidet sitt til departementet og til dei samskipnader som har nemnt upp medlemer.

Departementet kan gjeva nærare fyresegner um rekneskapsuppsetjinga, um emnet for meldinga og um kunngjering av rekneskap og melding. Departementet oppnemner revisor, som skal føre tilsyn med rekneskapa.

Oppgåvene med å førebu sakene for rådet, følgje opp vedtaka og krevje inn og administrere avgiftsmidlane vert lagt til det organet som departementet fastset. Til dette organet kan rådet delegere myndigheit til å treffe vedtak i saker som ikkje er av prinsipiell karakter.

0Endra med lover 14 juni 1956 nr. 3, 11 juni 1971 nr. 57, 12 juni 1981 nr. 71, 11 juli 1986 nr. 51, 31 jan 1992 nr. 18, 21 jan 2000 nr. 7 (ikr. 1 juli 2000, etter res. 21 jan 2000 nr. 95), 21 des 2001 nr. 115 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 21 des 2001 nr. 1561), 19 juni 2009 nr. 99 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 19 juni 2009 nr. 816).
§ 4.Løn, skyss- og kostpengar til dei som er med i rådet, vert fastsett av departementet.

Utgiftene som staten har i samband med rekneskapsrevisjon og dei oppgåvene som nemnde i § 3 siste ledd, skal greidast ut av dei avgiftene som vert pålagde med heimel i denne lova. Departementet kan fastsetja korleis utgiftene skal bytast på dei ymse avgiftene.

0Endra med lover 14 juni 1956 nr. 3 (tidlegare § 3), 21 jan 2000 nr. 7 (ikr. 1 juli 2000, etter res. 21 jan 2000 nr. 95), 19 juni 2009 nr. 99 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 19 juni 2009 nr. 816).
§ 5.Rådet samlar og legg til rette det tilfanget som trengst og gjer framlegg um dei tiltak som bør setjast i verk for å fremja dei fyremåla som er nemnde i § 1.

På grunnlag av dette kan Kongen for upp til 1 år um gongen leggja på avgifter ved umsetnaden av kjøtt av storfe, sau, svin, fjørfe og reinsdyr, korn og oljefrø, mjølk, egg, pelsdyrskinn, poteter, grønsaker, frukt og bær etter dei føresegnene som er nemde nedanfor.

Avgiftene skal produsentane svara når dei sel, leverer eller fær uppgjerd for vara.

Det vert rekna som umsetnad når varor som er nemnde i andre leden vert nytta av produsenten i hans eiga verksemd, utanom vanleg gardsdrift, til foredling eller framstilling av hermetikk eller andre produkt for sal. Avgifta vert då rekna av den mengda som vert nytta til produksjonen, eller av det verdet ho har. I særhøve kan departementet gje føresegner om unntak frå avgiftsplikta etter leden her.

0Endra med lover 2 aug 1946 nr. 3, 14 juni 1956 nr. 3 (tidlegare § 4), 14 juni 1963 nr. 12, 20 des 1996 nr. 107 (ikr. 1 jan 1997), 21 des 2001 nr. 115 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 21 des 2001 nr. 1561), 19 juni 2009 nr. 99 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 19 juni 2009 nr. 816).
§ 5 a.For å setja i verk produksjonsregulerande tiltak for mjølk som er fastsette i medhald av jordbruksavtalen eller Stortinget sitt vedtak, kan Kongen leggje ei avgift på omsetnaden av mjølk ut over tildelt part av den totale produksjonen (kvote), herunder mjølk som er produsert i strid med føresegner gitt i medhald av lova.

Departementet kan gje nærmare føresegner om kvote etter første ledd.

0Føyd til med lov 20 des 1996 nr. 107 (ikr. 1 jan 1997), endra med lov 19 juni 2009 nr. 99 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 19 juni 2009 nr. 816).
§ 6.For å utjamna prisskilnader som har si årsak i ulik bruk av mjølk og geografisk lokalisering av produksjonen, kan departementet fastsetja ei utjamningsavgift på einskilde mjølkeprodukt. Herunder kan departementet gje nærmare føresegner om kva for mjølkeprodukt det skal svarast avgift for og kor store dei ulike avgiftene skal vera.
0Endra med lover 2 aug 1946 nr. 3, 14 juni 1956 nr. 3, 20 des 1996 nr. 107 (ikr. 1 jan 1997).
§ 7.Departementet gjev føresegner um utrekning, betaling og uppkrevjing av avgiftene og um rekneskapsførsla og tilsynet med at avgiftene kjem inn. I fyresegnene kan departementet fastsetja at avgiftene kan krevjast upp hjå handlarar, større forbrukarar og verksemder som kjøper avgiftspliktig vare, tek imot den til sal, lagring, kontroll, foredling eller annan handsaming eller som på vegne av produsenten tek imot uppgjerd for dei leverte varone.

Handlaren eller verksemda og innehavaren og i tilfellet styret eller styraren for verksemda er ansvarlege for avgifta og har skyldnad for at avgiftspengane vert betalt inn på slik måte som departementet fastset.

Eigar og brukar er sams ansvarlege for avgifta.

0Endra med lover 2 aug 1946 nr. 3, 14 juni 1956 nr. 3, 31 jan 1992 nr. 18, 20 des 1996 nr. 107 (ikr. 1 jan 1997).
§ 8.Alle som det vert uppkravt avgift hjå, skal føra dei bøker og gjeva dei uppgåvone som departementet fastset. Departementet kan i særskilde høve gjeva påbod um uppgåveplikt ogso for dei som transporterer varone. Kan det ikkje etter dei uppgåvone og andre upplysningar som ligg fyre, fastsetjast sikkert kor stor avgiftssummen er, skal Omsetningsrådet etter sitt skyn fastsetja summen med endeleg verknad.
0Endra med lov 2 aug 1946 nr. 3.
§ 9.Av pengar som ikkje vert betalt i rett tid skal det svarast renter. Rentefoten skal setjast lik den rentefot som til kvar tid er fastsett av Kongen i medhald av § 3 i lov av 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m.

Avgiftspengane er tvangsgrunnlag for utlegg hjå alle som er ansvarlege for dei. Krav på avgift foreldast etter reglane i lov av 18 mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer § 2.

0Endra med lover 2 aug 1946 nr. 3, 14 juni 1956 nr. 3, 18 mai 1979 nr. 18, 31 jan 1992 nr. 18, 26 juni 1992 nr. 86.
§ 10.(Oppheva med lov 20 des 1996 nr. 107.)
§ 11.Dei pengane som kjem inn etter § 5 og § 5 a går til eit serskild fond for kvar avgift og kan berre nyttast etter vedtak av Omsetningsrådet til å fremja umsetnaden av vedkomande varor. Pengane vert styrde av rådet.

Dei pengane som kjem inn etter § 6 kan berre nyttast til å utjamna prisskilnader som har si årsak i ulik bruk av mjølk og geografisk lokalisering av produksjonen.

Departementet kan fastsetja tilskotssatsar og gje nærmare reglar for bruk av avgiftspengane etter andre ledd, herunder reglar om opplysningsplikt og kontroll. Departementet kan også oppnemna eit rådgjevande utval som skal gje innstilling om praktiseringa av utjamningsordninga.

Departementet kan med endeleg verknad gjera om Omsetningsrådet sine vedtak om bruk av avgiftspengar etter fyrste ledd dersom vedtaket er i strid med lov, føresegner, eller gjeldande jordbruksavtale. Kongen kan gjere om vedtak dersom vedtaket er i strid med samfunnsinteresser.

0Endra med lover 14 juni 1956 nr. 3, 19 juni 1969 nr. 54, 31 jan 1992 nr. 18, 20 des 1996 nr. 107 (ikr. 1 jan 1997), 19 juni 2009 nr. 99 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 19 juni 2009 nr. 816).
§ 12.(Oppheva med lov 19 juni 2009 nr. 99 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 19 juni 2009 nr. 816).)
§ 13.Vedkomande departement gjev fyresegner um fritaking for umsetnings- og utjamningsavgift på mjølk frå mindre bruk, eller der salet er meir tilfelleleg, eller har mindre å segja, eller der serlege tilhøve talar for fritaking.
§ 14.Vedkomande departement gjev nærmare fyresegner til gjenomføring av denne lova.
§ 15.Brot mot denne lova, eller mot dei fyresegner som er ferda ut i samhøve med lova, vert straffa med bøter.
§ 16.Denne lova tek til å gjelda straks.

- - -

§ 17.(Oppheva med lov 21 jan 2000 nr. 7.)
§ 18.Kongen kan gi føresegner for godkjenning av omsetningsverksemder som kan ta del i marknadsordningar for jordbruksvaror som vert sett i verk av departementet.

I føresegnene kan det setjast vilkår til anlegg, storleik, produsentavtaler, måter for omsetnad og andre tilhøve som er naudsynte for å gjennomføre ein effektiv marknadsføring og marknadsregulering.

Produsentar og godkjende omsetningsverksemder som tar del i marknadsordninga kan i føresegnene påleggjast å gi opplysningar om produksjon, produksjonsplanar og omsetning.

0Føyd til med lov 12 juni 1981 nr. 71.
§ 19.Til å gjennomføre tiltak som er fastsett i jordbruksavtala kan Kongen gjeve føresegner om at produsent av jordbruksvarer må oppfylle fastsette vilkår for å få tilskott frå staten og/eller den avtalefesta prisen som er knytt til levering av varer.
0Føyd til med lov 8 juni 1984 nr. 69.