Lov om fullmakt for Kongen, eller den han gjev fullmakt, til å forby at norske skip blir nytta til å føra folk som eslar seg i krig, våpen, loty, fly eller partar derav til framandland.

DatoLOV-1937-04-16
DepartementUtenriksdepartementet
Sist endret
Publisert
Ikrafttredelse16.04.1937
Endrer
Kunngjort
KorttittelLov om forbud mot frakt av våpen m.m.

§ 1.Kongen eller den som han gjev fullmakt kan forby at norske skip blir nytta til å føra folk som eslar seg i krig, våpen, loty, fly eller partar derav til framandland og kan ferda ut turvande forskrifter til å halda forbodet uppe, derunder forskrifter om rett og skyldnad til å gjera om inkje ein fraktavtale so framt fraktaren nyttar eller har nytta skipet på ein måte som er i strid med forbodet.
§ 2.Brot på slikt eit forbod eller på dei fyresegnene som er utferda i samsvar med § 1, blir straffa med bot eller med fengsel upp til tri månader.
§ 3.Denne lova tek straks til å gjelda.