Lov om Norsk Lysingsblad.

DatoLOV-1946-10-11-1
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
Sist endret
PublisertI 1946 s 624
Ikrafttredelse01.01.1948
EndrerLOV-1882-06-19-2
Kunngjort
KorttittelLov om Norsk Lysingsblad

§ 1.Staten gjev ut eit offentleg lysingsblad. Namnet skal vera Norsk Lysingsblad.
§ 2.Bladet tek inn lysingar som skal eller kan kunngjerast med heimel i lov. Når embete og andre statsstillingar skal kunngjerast ledige, skal dei lysast ut i Norsk Lysingsblad dersom Kongen ikkje har fastsett noko anna.
§ 3.Kongen fastsett reglar for bladdrifta, soleis også reglar for kva lysingar som kan takast inn i bladet.
§ 4.Denne lova gjeld frå den dagen Kongen fastsett.1 - - -
1Frå 1 jan 1948, etter res. 5 des 1947.