Lov om oreigning av fast eigedom [oreigningslova].

DatoLOV-1959-10-23-3
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
Sist endretLOV-2016-04-22-3
PublisertISBN 82-504-1130-7
Ikrafttredelse01.07.1960
Endrer
Kunngjort
KorttittelOreigningslova - orl.

Kapitteloversikt:

Jf. Grl. § 105, lov 1 juni 1917 nr. 1 kap. 2, lov 6 apr 1984 nr. 17 og lovene som er nemnde i § 30 her. - Jf. tidlegare placat 31 juli 1801, lover 23 juli 1894 nr. 7, 22 juni 1917 nr. 3, 29 juli 1918 nr. 4, 11 juli 1918 nr. 1, 11 juli 1919 nr. 5, 27 mars 1920 nr. 3, 25 juni 1937 nr. 17, 24 juni 1938 nr. 2, 19 juli 1946 nr. 17, 27 juni 1947 nr. 6 og dei einskildføresegnene som er nemnde i Norsk Lovtidend 1959, 1. avd. s. 1148-1154.

Kapitel I. Om kva som kan oreignast og kva det kan oreignast til. Vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep.

§ 1. Oreigningsinngrep er det etter denne lova når eigedomsretten til fast eigedom eller til bygning eller anna som har fast tilknyting til slik eigedom, vert teken med tvang, eller når bruksrett, servitutt eller annan rett til, i eller over fast eigedom vert teken, brigda, overførd eller avløyst med tvang, såleis og forbod mot å nytta eigedomen på ein viss måte.
§ 2. Mot vederlag etter skjøn til den det råkar, kan oreigningsinngrep setjast i verk etter vedtak av eller samtykke frå Kongen, så langt det trengst til eller for:
1.Kyrkje og gravplass.
2.Universitet og høgskule.
3.Skule.
4.Museum.
5.Kringkasting.
6.Fengselstell.
7.Poststell.
8.Tollstell.
9.Telefon- og telegrafstell.
10.Fyrstell.
11.Hamnestell.
12.Brannstell.
13.Politistell.
14.Arbeidslæger for vernepliktige sivilarbeidarar.
15.Militærstell.
16.Luftferdsle.
17.Jarnveg, sporveg, kabelbane og hengjebane.
18.Bilrutedrift.
19.Varmekraftverk, vindkraftverk, kraftliner, transformatorstasjonar og andre elektriske anlegg.
20.Tiltak som tryggjer at kraftverk og kraftliner ikkje vert skadde eller øydelagde i ufredstid.
21.Tiltak som tryggjer at lager eller verk for drivemne ikkje vert skadde eller øydelagde i ufredstid.
22.Rettsrom.
23.Kontorrom for det offentlege.
24.Apotek.
25.Sjukehus og annan medisinal eller psykiatrisk heim og liknande.
26.Kommunale tiltak.
27.Samyrketiltak.
28.Fiske, fangst av sjødyr, akvakultur og verksemd i samband med slikt, medrekna undervisning, forskning og utvikling.
29.Velte- og opplagsplass for skogsvyrke, og tiltak for fløting.
30.Utnytting av skogsvyrke.
31.Bustadbygging eller å få eigar- eller bruksrett til tuft som det står hus på når huseigaren ikkje eig grunnen.
32.Industritiltak.
33.Hotell, herberge, matstove og liknande.
34.Møtehus og annan sams tilstelnad av liknande slag.
35.Barneheim, barnehage, leikeplass og liknande for born.
36.Ferieheim, helseheim, kvileheim og liknande.
37.Frimark, naturpark og anna markestykke der kven det er kan lauga seg eller halda til i friluft.
38.Idrottsplass.
39.Skibakke.
40.Skytebane.
41.Stasjon som tek imot oljerestar frå farkostar.
42.Opplagsplass eller destruksjonsverk for søppel eller anna avfall.
43.Plass til å grava ned, øydeleggja eller sterilisera dyreskrottar, smitteførande ting og liknande.
44.Atomverk.
45.Undersøking etter og utvinning av petroleum, og bygging og drift av røyrleidningar for transport av petroleum og av petroleumsprodukter med anlegg og sikringsfelt som høyrer til slike.
46.Kulturminnetiltak.
47.Vassforsyning og avløp.
48.Fjernvarmeanlegg
49.Vern og kultivering av anadrome laksefisk og innlandsfisk, og tiltak for fiske og anna verksemd i samband med dette.
50.Senking av grunnvassnivået.
51.Vasskraftproduksjon.
52.Tiltak for ferdsel og transport i vassdrag.
53.Tiltak til vern mot flom eller utrasing i vassdrag.
54.Øvrige vassdragstiltak som ikkje vert omfatta av nr. 29, 47 eller 50-53.
55.Skjøtsel og istandsetjing til naturvernformål.

Vedtak eller samtykke kan ikkje gjerast eller gjevast utan det må reknast med at inngrepet tvillaust er til meir gagn enn skade.

0Endra med lover 2 apr 1965 nr. 3, 18 juni 1965 nr. 7, 4 mai 1973 nr. 21, 9 juni 1978 nr. 50, 13 mars 1981 nr. 6, 14 juni 1985 nr. 68, 18 apr 1986 nr. 10, 12 juni 1987 nr. 52, 9 juni 1989 nr. 36, 15 mai 1992 nr. 47, 31 mars 2000 nr. 18 (ikr. 1 mai 2000, etter res. 31 mars 2000 nr. 295), 24 nov 2000 nr. 82 (ikr. 1 jan 2001, etter res. 24 nov 2000 nr. 1169), 21 des 2000 nr. 118 (ikr. 1 jan 2001, etter res. 21 des 2000 nr. 1355), 17 juni 2005 nr. 79 (ikr. 1 jan 2006), 19 juni 2009 nr. 100 (ikr. 1 juli 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 704), 26 aug 2011 nr. 40 (ikr. 1 jan 2012, etter res. 26 aug 2011 nr. 866).
§ 3.Andre enn staten og kommunar kan ikkje få rett til å gjera inngrep etter § 2 utan Kongen i riksråd har gjeve føresegner som fastset noko anna. Føresegnene kan òg gå ut på at serskilt nemnde institusjonar, lag, samskipnader og liknande skal kunne få samtykke til inngrep einast etter visse nummer i § 2. På same måten kan Kongen fastsetja at kommunar ikkje skal kunna få samtykke til inngrep etter visse nummer i § 2.
§ 4.Eigar til og rettshavar i slik eigedom som er nemnd i § 1, lyt tola at det på eigedomen vert gjort mæling, utstikking og andre førehandsundersøkingar til bruk for eit påtenkt oreigningsinngrep. Ingen må gå i gang med slike førehandsundersøkingar før eigar eller brukar er varsla. Løyve til å gjera førehandsundersøkingar vert gjeve av den styremakt Kongen fastset. I løyvet skal det stå kva tid førehandsundersøkingane kan gjerast.

Om gjennomføringa av førehandsundersøkingar etter fyrste ledd gjeld § 15 i forvaltningslova.

Lid eigar eller rettshavar tap av di førehandsundersøkingar som nemnd i fyrste ledd, gjer skade eller valdar ulempe, har skadelidde rett til skadebot, jf. § 19.

Eit endeleg vedtak som gjev løyve til å gjera førehandsundersøkingar etter fyrste ledd, er eit særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13.

0Endra med lover 19 juni 1969 nr. 54, 5 juni 2015 nr. 38.
§ 5.Kongen kan lata eit departement få fullmakt til å gjera vedtak om eller gjeva samtykke til oreigningsinngrep. Når serlege grunnar er for det kan jamvel anna undergjeve sentralt styringsorgan få slik fullmakt. Vidare kan fylkesmannen få fullmakt til å gjeva samtykke til oreigningsinngrep.

Klage over vedtak som er gjort etter fullmakt etter første leden har utsetjande verknad, om ikkje underinstansen eller overinstansen gjer vedtak om noko anna. Slikt vedtak kan berre gjerast i serlege høve om det kjem til å føra til urimeleg hefte om klaga skulle ha utsetjande verknad.

I vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep kan Kongen, eller styringsorgan med fullmakt etter fyrste leden, overlata til skjønet å taka avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, eller kva omfang det skal ha.

I heimel etter fyrste eller tredje leden kan det gjevast reglar om korleis heimelen skal nyttast.

0Endra med lover 19 juni 1969 nr. 54, 13 feb 1976 nr. 2, 22 apr 2016 nr. 3 (ikr. 22 apr 2016 iflg. res. 22 apr 2016 nr. 407).
§ 6. Til bate for ein som må tola oreigningsinngrep, kan Kongen - eller nokon med heimel etter § 5 - gjera vedtak om at det skal gjerast oreigningsinngrep hjå ein annan eigar eller rettshavar, så framt skaden og ulempene alt i alt då vert monaleg mindre.
§ 7.Står det hus på grunnen eller anna som har fast tilknyting til grunnen og er viktig for eigaren, bør vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep berre gjerast eller gjevast når det ikkje kan finnast annan tenleg grunn eller når føremonene med at nett den eigedomen vert teken, er så mykje større at det må vera avgjerande. Det same gjeld om dyrka jord og dyrkingsjord.
§ 8.Kjem eigaren eller rettshavaren med krav om det, kan Kongen - eller nokon med heimel etter § 5 - fastsetja at oreigningsinngrepet òg skal gjelda grunn, bygning, rettar og anna som kom til å missa mykje av verdet for eigaren eller rettshavaren, om inngrepet vart sett i verk. I slike høve kan det likeeins verta fastsett at oreignaren skal løysa inn heile eigedomen jamvel om han berre har gjort krav på ein bruksrett eller annan serleg rett i eigedomen.
§ 9.(Oppheva med lov 28 juni 1974 nr. 58.)
§ 10.I vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep kan Kongen - eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 - setja dei vilkår som trengst av omsyn til samfunnet eller eigaren åt eller rettshavar i den eigedomen inngrepet gjeld. Det kan likevel ikkje krevjast at oreignaren skal svara meir enn fullt vederlag til han som let eigedom eller rett frå seg.

Er det sett til vilkår etter fyrste leden at eigedomen eller retten skal nyttast på ein viss måte innan ein viss frist, og fristen vert overdrygd, kan den opphavlege eigaren eller rettshavaren krevja at oreigningsinngrepet skal gjerast om att mot at han legg frå seg vederlaget, så nær som ulempevederlag for den tid som går til dess eigar eller rettshavar atter kan råda over eigedomen eller retten. Påstår nokon av partane at det som i mellomtida er gjort med eigedomen, har minka eller auka eigedomsverdet for førre eigaren eller rettshavaren, skal det gjerast frådrag for slik verdmink eller tillegg for slike verdauke. Kor mykje eigar eller rettshavar i det fall skal svara att, vert fastsett med skjøn. Kravsmålet må gjevast inn til departementet og innehalda dei opplysningane som trengst.

I tilfelle som nemnt i andre leden, kan staten gå inn i oreignarretten og då med rett framføre den opphavlege eigaren eller rettshavaren. Det kan staten gjera jamvel om det ikkje er sett fram kravsmål etter andre leden.

Vil staten nytta oreignarretten (jfr. tredje leden), må det verta sagt frå om dette innan 3 månader frå det er gjeve inn kravsmål etter andre leden.

Når staten tek over eigedom eller rett etter tredje leden, lyt han nytta eigedomen eller retten i samhøve med grunnlaget for oreigningsinngrepet.

Kapitel II. Om førehavingsmåten.

§ 11.I søknad som vert lagd fram for Kongen - eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 - skal det, så langt råd er, vera gjort greie for kven oreigningsinngrepet råkar, kva det går ut på og inngrepsføremålet. Med kart eller rit (skisse) må det likeins vera gjort greie for kva markestykke saka gjeld. Dessutan må det så langt det let seg gjera, vera oppgjeve korleis stykket ligg til, kor stort det er, kva slag det er av og kva det no vert nytta til.
§ 12. Kongen - eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 - avgjer saka, når ho er klårlagd best råd er. Vedkjem saka ting som høyrer under fylkesmannen, helse- og sosialstyret, samferdslenemnda eller andre sakkunnige organ, skal dei til vanleg få høve til å seia si meining. Vedkjem ho kommunal bate skal herads- eller bystyret høyrast.

Partane kan verta oppmoda om å freista få til ei minneleg semje; og kvar ein som inngrepet råkar, skal få høve til å seia si meining. Skulle det henda at vansken med å nå kvar einskild vert urimeleg stor, er det nok at dokumenta vert utlagde til gjennomsyn på ein høveleg stad i den krinsen saka høyrer heime, og at alle ho kjem ved, vert oppmana til å koma fram med det dei har å seia, innan ein viss frist, som ikkje må vera stuttare enn 6 veker. Kunngjering om at dokumenta er utlagde, skal setjast inn i Norsk Lysingsblad og minst to blad som er mykje lesne i krinsen. Fristen vert rekna frå den dagen kunngjeringa står i Norsk Lysingsblad.

Vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep skal grunngjevast etter reglane i § 24 første leden i forvaltningslova.

0Endra med lover 19 juni 1969 nr. 54, 13 juni 1980 nr. 41, 12 juni 1987 nr. 70, 21 juni 1996 nr. 37, 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 26 juni 2009 nr. 848).
§ 13.Kjem det på tale å taka avgjerd i skjønet om oreigningsinngrep etter § 6, skal grunneigaren eller rettshavaren straks få varsel, så framt han ikkje har hatt høve til å seia si meining etter § 12, andre leden, av di spørsmålet om inngrep ikkje har vore oppe føre skjønet. Eigaren eller rettshavaren skal gjerast til saksøkt; og trengst det skal saka mot han verta drygd ut så han kan få rimeleg omrøme til å taka vare på baten sin.
§ 14.(Oppheva med lov 28 juni 1974 nr. 58.)
§ 15.Kostnad som føresegnene i dette kapitel fører med seg, skal søkjaren bera.

Søkjaren skal dessutan svara motparten dei utgiftene som var naudsynlege til å taka vare på baten hans i saka. Dette gjeld òg utgift i klagesak, med unntak for tilfelle der motparten til søkjaren har klaga utan god grunn. Avgjerd om sakskostnader etter leden her skal takast av skjønsstyremakta eller, dersom det ikkje vert halde skjøn, av Kongen.

Tar det lang tid før saka vert avgjort, kan motparten krevja at naudsynlege utgifter som han har hatt over ei viss tid i saka, heilt eller delvis skal verta betalt av søkjaren. Vert partane ikkje samde om slik betaling, kan kvar ein av dei krevja at Kongen - eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 - tek avgjerd om dette. Etter at det er kravd skjøn, er det skjønsstyremakta som tek slik avgjerd.

Utgifter som søkjaren har betalt etter tredje leden kjem til frådrag når det vert fastsett kva søkjaren skal betala etter paragrafen her.

Kvar annen søkjar enn staten lyt gjeva trygd for ansvaret han kan få etter paragrafen her.

Kostnad som søkjaren er pålagt å svara etter fyrste og andre leden, kan søkjast inn etter reglane om fullføring av orskurdar.

0Endra med lover 17 des 1982 nr. 88, 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

Kapitel III. Om skjøn.

§ 16.Vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep fell bort så framt skjøn ikkje er kravd innan eitt år. Kongen - eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 - kan setja stuttare frist.
§ 17.Skjøn som skal fastsetja vederlag for oreigningsinngrep etter § 2, er rettsleg skjøn etter skjønslova om ikkje anna er sagt nedanfor. Skjøn som skal fastsetja vederlag for inngrep etter § 2 nr. 1, 3, 9, 10, 11, 12, 29, 30, 34, 35, 36, 37, 38, 39, 40, 42, 43, 50 og 53 er det lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver som styrer. Det same gjeld inngrep etter § 2 nr. 19 for lågspana kraftline og nr. 47 til bate for høgst fem brukseiningar. Kongen eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 kan likevel gjera vedtak for den einskilde saka om at skjønet skal vera rettsleg.

Føresegnene i fyrste leden gjeld på tilsvarande måte når skjønet i samhøve med § 5 tredje leden tek avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, eller kva omfang det skal ha.

0Endra med lover 18 juni 1965 nr. 5, 24 nov 2000 nr. 82 (ikr. 1 jan 2001, etter res. 24 nov 2000 nr. 1169), 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003, etter res. 20 juni 2003 nr. 712), 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84.
§ 18.Vederlag for inngrep etter § 6 fastset det skjønet som fastset vederlag elles.
§ 19.Skadebot for skade eller ulempe som er valda ved førehandsundersøkingar i samhøve med § 4 fyrste ledd, skal det skjønet fastsetja som fastset vederlag for inngrepet, så framt partane er samde om det. I andre høve vert skadebota fastsett i skjøn som vert styrt av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver. Det same gjeld når det ikkje vert gjort vedtak om eller gjeve samtykke til inngrep.

Vert ikkje inngrepet sett i verk, kan skjønet, så framt eigar eller rettshavar krev det, fastsetja at den ansvarlege for gjennomføringa av førehandsundersøkingane skal vøla skaden i staden for å svara skadebot. Kan ikkje heile skaden vølast, skal det svarast skadebot for resten.

0Endra med lover 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84, 5 juni 2015 nr. 38.
§ 20.I serhøve kan Kongen - eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 - samtykkja i at namnet åt eigar og rettshavar ikkje vert teke med i stemnemålet til skjøn, og at dei saksøkte ikkje treng verta tilsagde på vanleg måte. Stemnemålet skal då lyda på dei eigarar og rettshavarar som saka kjem ved. Slikt stemnemål og sameleis innkallinga skal kunngjerast i Norsk Lysingsblad og i minst to blad som er mykje lesne på dei kantane av landet. Dertil skal stemnemål og innkalling verta oppslegne på høvelege stader. I innkallinga skal det seiast med reine ord at anna tilseiing ikkje vert gjeven. Skjøn kan ikkje haldast før det er gått minst 6 veker frå kunngjeringa stod i Norsk Lysingsblad.
§ 21.Går ikkje inngrepet ut på at saksøkte skal lata frå seg heile eigedomen til eige, og skjønet meiner at det ikkje let seg gjera å få fullt oversyn over skade og ulempe før seinare, kan skjønet taka ved å venta ei viss tid med å fastsetja vederlaget eller noko av det. Saksøkte kan likevel krevja at skjønet straks set takst på skade og ulempe som det er råd å slå fast med det same.

Gjer skjønet vedtak om utsetjing etter fyrste leden, kan det setja eit årleg vederlag som gjeld til så lenge. I alle fall skal det avgjera kor stor sum kvar annan saksøkjar enn staten lyt gjeva trygd for hjå namsmyndigheten, før inngrepet kan setjast i verk. Elles gjeld tvangsfullbyrdelseslova § 3-6 fyrste og andre leden.

0Endra med lov 26 juni 1992 nr. 86.

Kapitel IV. Om vederlag for oreigningsinngrep.

§ 22.Vederlag for oreigningsinngrep som ikkje er tidsavgrensa, skal verta sett til ein sum pengar ein gong for alltid. I andre høve kan skjønet setja vederlaget anten til ein eingongssum eller til ein sum for året eller noko til ein eingongssum og noko til ein sum for året.

Kvar annan saksøkjar enn staten skal gjeva den trygd skjønet fastset, for at årleg vederlag vert rett oppgjort. Eigedomen som det gjeld, er dertil pant for vederlaget. Når skjønnet er endeleg, skal skjønsstyraren tinglyse opplysning om vederlagsskyldnaden og panteretten. Saksøkjaren ber tinglysingskostnaden.

Skyldnad til å svara årleg vederlag varer til utgangen av det året då inngrepet fell bort.

0Endra med lov 8 feb 1980 nr. 2.
§ 23.Årleg vederlag skal prøvast på nytt kvart 5. år, etter rettingsreglar som Kongen fastset i riksråd. Når reglane vert fastsette, skal det serleg leggjast vekt på omskifte i pengeverdet.
0Endra med lov 3 juni 1983 nr. 51 (sjå VI der).
§ 24.Fører oreigningsinngrepet til at ein bruksrett eller annan rett ikkje kan stå ved lag som før, skal det fastsetjast serskilt vederlag til rettshavaren. Eigaren skal gjera greie for alle rettar som han veit hefter på eigedomen, og som inngrepet kan få verknad for, om det vert kravd.

Kapitel V. Om korleis oreigningsinngrep vert gjennomført og fell bort.

§ 25. Kongen - eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 - kan gje samtykke til at oreigningsinngrep vert sett i verk før det ligg føre rettskraftig skjøn. Er skjøn ikkje kravd, kan samtykke berre gjevast i særhøve dersom det kom til å valda urimeleg tidhefte å bia til skjønskravet er framsett. Men då skal avgjerdsmakta setja søkjaren ein frist til å krevja skjøn, og fristen må ikkje vera lengre enn 3 månader. Når skjøn er halde, skal samtykke gjevast om ikkje særlege grunnar talar mot det.

Må det reknast med at arbeid som søkjaren vil gå i gang med før skjønet er halde eller før skjønet er rettskraftig, kjem til å skapa oreigningsemnet om så mykje at det vert monaleg vandare å setja eit rett vederlag, skal avgjerdsmakta setja det vilkåret for samtykke at søkjaren får gjort det som trengst av utgreiingar om staden og lendet, mælingar og granskingar av anna slag, før han set arbeidet i gang.

Når samtykke som nevnt i fyrste leden vert gjeve, skal det etter krav frå ein av partane setjast som vilkår at søkjaren betalar eit forskott på vederlaget. Vert ikkje partane samde om kor stort forskottet bør vera, skal avgjerdsmakta fastsetja det.

Ved utbetalingar etter tredje leden gjeld skjønslova § 53 andre leden. Oreignaren kan krevja pant i eigedomen for det han betalar. Når inngrepet berre gjeld ein del av ein eigedom og denne er fråskild, kan eigaren krevja at panteheftet vert sletta av grunnboka på resten av eigedomen.

Før det vert teke avgjerd etter fyrste, andre og tredje leden, skal partane få høve til å seia si meining. § 12 andre leden andre, tredje og fjerde punktum, gjeld tilsvarande.

Når det er gjeve samtykke etter fyrste leden, står staten inne for at vederlaget vert ytt. For rett oppgjerd skal kvar annen saksøkjar enn staten gje den trygd som departementet fastset.

Er inngrep gjort med heimel i samtykke etter fyrste leden eller i samtykke frå den rettshavaren det gjeld, må oreignaren stå ved inngrepet og svara det vederlaget som vert endeleg fastsett, om ikkje anna er avtala med rettshavaren.

0Endra med lov 26 jan 1973 nr. 4.
§ 26.Gjeld oreigningsinngrepet ein bruksrett og er det tidavgrensa, skal oreignaren eller ettermannen hans rydja grunnen når tida er ute, eller når bruken er slutt om det er før, alt innan den fristen departementet fastset, og så framt det ikkje er sagt noko anna i skjønsføresetnadene. Dryer oreignaren over fristen, kan grunneigaren få gjort det arbeidet som trengst for rekning av oreignaren eller ettermannen hans.

Tvist om omfanget av rydjingsskyldnaden, om alt rydjingsarbeidet er gjort, eller om kva krav grunneigaren har når han lyt gjera arbeidet sjølv, vert avgjort med skjøn som vert styrt av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver.

0Endra med lov 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84.
§ 27.Om det som er stelt til på ein eigedom etter vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep, vert nedlagt, anten av di inngrepet er tidavgrensa eller av annan grunn, skal oreignaren eller ettermannen hans svara skadebot etter skjøn for skade og ulempe som nedlegginga valdar eigar eller rettshavar. Tap av føremon som det tilstelte har skapt, skal det då ikkje takast omsyn til utan det vert ettervist at eiger eller rettshavar har svara vederlag for føremonen med frådrag i sitt vederlag eller på annan måte. For skade og ulempe som tilstelnaden kan valda etter nedlegginga, skal det likeeins svarast skadebot med ein eingongssum.

Skjøn etter fyrste leden vert styrt av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver.

0Endra med lov 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84.

Kapitel VI. Ymse føresegner.

§ 28. Etter at eigar eller rettshavar er gjeven høve til å seia si meining etter § 12, jfr. òg § 13, må han ikkje råda rettsleg over eigedomen det gjeld, utan oreigningssøkjaren samtykkjer, og heller ikkje gjera noko med eller på eigedomen som kan hindra, valda vanskar for eller fordyra det påemna oreigningsinngrepet. Om eigaren eller rettshavaren likevel gjer såvore, skal det gjerast frådrag i vederlaget hans for all skade åtferda har valda oreignaren; og arbeid som elles skulle gjeva eigaren eller rettshavaren rett til auka vederlag, skal det ikkje takast omsyn til når vederlaget vert fastsett.

Får eigaren eller rettshavaren skade eller ulempe av di det er lagt band på rådvaldsretten, så som nemnt i fyrste leden, kan han krevja skadebot av søkjaren. Slik skadebot vert fastsett når vederlaget for inngrepet vert sett, men i serskilt skjøn om inngrepet ikkje vert sett i verk.

§ 29.Kongen kan gjeva føresegner til gjennomføring av lova, såleis om kva det må gjerast greie for i ein søknad, korleis søknaden skal vera oppsett og sameleis om førehavingsmåten. Likeins kan Kongen gjeva reglar til utfylling av føresegnene i kapitel VII.
§ 30.Så framt føresegnene i lova her ikkje med reine ord er avgrensa til å gjelda inngrep i samhøve med § 2, gjeld dei òg, sålangt dei høver og ikkje strider mot serføresegner om tilhøvet, når nokon vil gjera eller det vert gjort oreigningsinngrep med heimel i ei eller fleire av desse lovene:
1.Lov 14 juni 1912 nr. 1 om anlæg av taugbaner og løipestrenger
2.Lov 14 desember 1917 nr. 17 om vasdragsreguleringer
3.Lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova)
4.Lov 17 juli 1925 nr. 11 om Svalbard
5.Lov 14 juli 1950 nr. 2 om forskjellige tiltak til gjennomføring av oppmerking og overvåking av riksgrensen
6.Lov 15 desember 1950 nr. 7 om særlige rådgjerder under krig, krigsfare og liknende forhold
7.Lov 29 juni 1951 nr. 19 om militære rekvisisjoner
8.- - -
9.Lov 17 juli 1953 nr. 9 om sivilforsvaret
10.Lov 2 desember 1955 nr. 2 om helsemessig beredskap
11.Lov 14 desember 1956 nr. 7 om forsynings- og beredskapstiltak
12.Lov 28 juni 1957 nr. 16 om friluftslivet
13.Lov 16 juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål
14.Lov 8 juni 1962 nr. 4 om tiltak mot dyresjukdommer (husdyrloven)1
15.Veglov 21 juni 1963 nr. 23
16.Lov 9 juni 1972 nr. 31 om reinbeiting i henhold til konvensjon av 9 februar 1972 mellom Norge og Sverige om reinbeite
17.- - -
18.Lov 6 juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova)
19.- - -
20.Lov 9 juni 1978 nr. 50 om kulturminner
21.Lov 21. juni 2013 nr. 100 om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)
22.Lov 29 mai 1981 nr. 38 om viltet
23.Lov 21 desember 1984 nr. 101 om reindrift i kommunene Meldal, Midtre Gauldal, Oppdal, Rennebu, Rindal, Sunndal og Surnadal
24.Plan- og bygningsloven
25.Lov av 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi (energiloven)
26.Lov 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart
27.Lov 25 mars 1994 nr. 7 om sikring mot og erstatning for naturskader (naturskadeloven)
28.Lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord
29.Lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann (vannressursloven)
30.Lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon § 12-3
31.Lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift (reindriftsloven)
32.Lov 19. juni 2009 nr. 101 om erverv og utvinning av mineralressurser (mineralloven)
0Endra med lover 16 des 1960 nr. 1, 9 juni 1961 nr. 24, 8 juni 1962 nr. 4 § 21, 21 juni 1963 nr. 23 § 67, 6 mars 1964 § 92, 2 apr 1965 nr. 3, 18 juni 1965 nr. 7 § 121, 28 apr 1967 nr. 1 § 24, 29 nov 1968, 10 des 1971 nr. 103, 9 juni 1972 nr. 31, 30 juni 1972 nr. 70, 1 juni 1973 nr. 29, 2 apr 1976 nr. 15, 9 juni 1978 nr. 49 og 50, 21 des 1984 nr. 101, 8 mars 1985 nr. 9, 14 juni 1985 nr. 77 (nr. 30, 31 og 32), 11 juli 1986 nr. 54, 29 juni 1990 nr. 50, 6 mars 1992 nr. 24, 15 mai 1992 nr. 47, 25 mars 1994 nr. 7 (ikr. 1 jan 1995), 23 juni 1995 nr. 39 (ikr. 1 jan 1996), 29 nov 1996 nr. 73 (ikr. 1 juni 1997), 21 jan 2000 nr. 7 (ikr. 1 juli 2000, etter res. 21 jan 2000 nr. 95), 24 nov 2000 nr. 82 (ikr. 1 jan 2001, etter res. 24 nov 2000 nr. 1169), 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003, etter res. 20 juni 2003 nr. 712), 4 juli 2003 nr. 83 (ikr. 25 juli 2003 iflg. res. 4 juli 2003 nr. 879, formentlig ved en inkurie henviser endringen til § 30 nr. 2), 15 juni 2007 nr. 40 (ikr. 1 juli 2007, etter res. 15 juni 2007 nr. 627), 17 juni 2005 nr. 101 (ikr. 1 jan 2010, etter res. 5 juni 2009 nr. 600), 19 juni 2009 nr. 101 (ikr. 1 jan 2010 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 673), 27 juni 2008 nr. 71 (ikr. 1 juli 2010 iflg. res. 18 juni 2010 nr. 896) som endret ved lov 8 mai 2009 nr. 27, 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736). Vert endra med lov 15 aug 2014 nr. 59 (ikr. 1 jan 2017, etter res. 15 aug 2014 nr. 1084).
1Lova er opphevd. Sjå no lov 19 des 2003 nr. 124.

Kapitel VII. Overgangsføresegner.

- - -

§ 34.Er det, før denne lova tok til å gjelda, gjeve samtykke til oreigningsinngrep med heimel i ei lov som gjev partane rett til å få vederlaget fastsett med nytt skjøn etter ei viss tid, skal dei kunna krevja slikt skjøn seinare òg, jamvel om denne lova set føresegnene om det ut or kraft.

Kapitel VIII. Kva tid lova tek til å gjelda. Lover og lovføresegner som held opp å gjelda eller vert brigda.

§ 35.Kongen fastset kva tid denne lova skal taka til å gjelda.
0Lova gjeld frå 1 juli 1960, etter res. 2 juni 1960.
§ 36. Når denne lova tek til å gjelde, vert desse lovene og lovføresegnene sette ut or kraft eller brigda:

- - -