Lov om ymse beitespørsmål [beitelova].

DatoLOV-1961-06-16-12
DepartementLandbruks- og matdepartementet
Sist endretLOV-2013-06-21-100 fra 01.01.2016, LOV-2015-06-19-65 fra 01.10.2015
PublisertISBN 82-504-1149-8
Ikrafttredelse01.01.1962
Endrer
Kunngjort
KorttittelBeitelova.

Kapitteloversikt:

Jf. tidlegare lover 16 mai 1860 nr. 2 kap. 2-4, 22 mai 1869, 12 feb 1932 § 15. - Jf. lov 29 nov 1968 §§ 14 og 15.

Kap. I. Beiteråd og heistyre.

0Oppheva med lov 13 juni 1980 nr. 41.

Kap. II. Ansvar for husdyr.

§ 6.Eigar og innehavar av husdyr skal syta for at husdyr ikkje kjem inn på område der eigaren eller innehavaren ikkje har rett til å la dyra vera. Same skyldnaden har den som for eigaren eller innehavaren har tilsyn med husdyr. Med husdyr meinar ein i denne lova hest, storfe, gris, sau, geit og fjørfe unnanteke duer.
§ 7. Kjem husdyr inn på område der eigaren eller innehavaren av dyret ikkje har rett til å la det halda til, er eigaren eller innehavaren skyldig å svara skadebot for den skaden dyret valdar på avling og annan eigedom.

Har skadelidne sjølv medverka til skaden med å vanhalda gjerdeskyldnaden sin eller på annan måte, kan skadebota setjast ned eller falla heilt bort alt etter kor stor skuld han har.

§ 8.Den som har fått husdyr inn på sin grunn i strid med § 6 kan setja dyret inn. Han skal snarast råd er, og seinast innan 3 dagar, melda frå til eigaren eller innehavaren om at dyret er sett inn. Veit han ikkje kven eigaren eller innehavaren er og får han heller ikkje greie på det, skal han varsla politiet snarast råd er. Politiet skal freista få greie på kven eigaren eller innehavaren er og skal om turvande med oppslag, lysing i blad eller på annan måte gjere kjent at dyret er sett inn.
0Endra med lov 15 des 1967 nr. 2.
§ 9.Den som har sett inn husdyr i samhøve med § 8 skal gje dyret forsvarleg stell. Han har ikkje rett til å bruke det, men kan nytta den daglege avdråtten av dyret mot avkorting i det kravet han har etter andre leden i denne paragrafen.

Innsetjaren har rett til å halda dyret tilbake til det er reidd ut skadebot som fastsett i § 7 og godtgjering for det arbeidet og dei utlegg innsetjinga og kunngjeringa har ført med seg, eller til det er gjeve full trygd for kravet til innsetjaren. Innsetjaren spiller tilbakehaldsretten om han ikkje fylgjer føresegnene i § 8.

§ 10.Har ikkje eigaren eller innehavaren meldt seg innan 2 veker etter at melding om innsetjinga er komen fram til han eller etter at denne er kunngjord i samsvar med føresegnene i § 8, kan innsetjaren krevja at dyret vert seld gjennom namsmyndighetene etter reglane i tvangsfullbyrdelseslova så langt dei høver. Føresegnene i tvangsfullbyrdelseslova § 8-16 fyrste leden gjeld ikkje i dette høvet.

Føresegnene i fyrste leden gjeld på tilsvarande måte, i fall den summen innsetjaren har krav på etter føresegnene i § 9, andre leden, ikkje vert utreidd innan 3 dagar etter at partane har vorte samde om summen eller, når summen er fastsett med skjøn, innan 3 dagar etter at skjønet er endeleg.

Av salssummen skal innsetjaren få det han har krav på etter § 9. Gjev salet meir enn summen av kravet til innsetjaren, pålagt skjønskostnad og salskostnaden, kjem resten inn under reglane om innkome frå sal av hittegods.

Føresegnene i denne paragraf gjeld på tilsvarande måte når nokon finn bortkomne husdyr.

For dyr som går på beite der det er gjeve føresegner om sams sanking, skal det berre reidas ut finnarløn for dei som vert funne etter sams sanking er avslutta.

Omframt krav på kostnaden, har finnaren rett til finnarløn etter reglane i § 9 i lova om hittegods.

0Endra med lover 15 des 1967 nr. 2, 26 juni 1992 nr. 86, 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 19 aug 2005 nr. 901).
§ 11.Vert det tvist om krav etter § 7 eller § 9, kan kvar av partane krevje at jordskifteretten skal avgjere spørsmålet. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

Kostnaden ved avgjerda ber eigaren eller innehavaren så framt jordskifteretten ikkje finn grunn til ei anna deling.

Pengesummar nokon har krav på etter avgjerd i medhald av denne paragrafen kan søkjast inn etter dei reglar som gjeld om fullføring av domar.

0Endra med lover 18 juni 1965 nr. 5, 26 jan 1973 nr. 3, 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84, 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736).

Kap. III. Beiteregulering.

§ 12.I skogsmark der det er mykje om å gjera at det vert slutt med beite heilt eller for ein del, skal kommunen - i tilfelle i samarbeid med grannekommunane - freista å legge tilhøva slik til rette at området kan verta freda for beiting i den mon dette er turvande. I samband med dette skal kommunen freista å få i stand avtaler mellom grunneigarane og dei som har beiterett om å føre over beiterettane til ein eller fleire inngjerda område eller til å fråfalle beiterettar mot å avtala skadebot når tilhøva ligg til rettes for det.
0Endra med lover 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96.
§ 13.Når kommunen gjer framlegg om det og fylkesmannen har hatt høve til å seia si meining, kan departementet setja forbod mot all beiting eller beiting med visse slags husdyr i nærare oppgjevne skogmarkområde i kommunen i tidsrommet 1. oktober - 24. juni eller i ein bolk av dette tidsrommet.

På same måte kan departementet gjeva førerett for beiting i nærare oppgjevne utmarksområde.

0Endra med lover 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96.
§ 14.Når kommunen gjer framlegg om det og fylkesmannen har hatt høve til å seia si meining, kan departementet setja forbod mot beiting med alle slags dyr heile året. Forbodet kan gjelda for heile kommunen, eller for ein lut av han, men aldri for bygde- eller statsålmenningar.

Den som har beiterett og som vert råka av forbodet i denne paragrafen, kan krevja retten sin avløyst av jordskifteretten. Til avløysing skal det leggjast ut kulturbeite eller annan mark som er skikka til beite eller til opparbeiding av kulturbeite. Der fleire har beiterett, bør rettane avløysast ved oppretting av fellesseter eller andre sams beitetiltak. Vert vederlaget ikkje heilt dekt ved avståing av grunn eller annen beiterett, skal resten ytast i pengar til istandsetting av beite eller turvande anlegg.

Når vilkåra for avløysing ikkje ligg føre eller dersom eigaren av den eigedom beiteretten kviler på, ikkje godtar å svara det vederlaget som er fastsett etter andre leden, kan forbod etter denne paragrafen ikkje gjerast gjeldande mot den som har beiterett. I sambeitestrok kan forbod som nemnt ikkje gjerast gjeldande mot nokon som har beiterett, minder vilkåra for avløysing ligg føre for alle dei som har beiterett.

Forbodet tek til å gjelda 1 år etter det er kunngjort. Departementet fastset kunngjeringsmåten. Mot den som har beiterett og som krev avløysing innan årsfresten, tek ikkje forbodet til å gjelda før det ligg føre endeleg avgjerd i avløysingssaka.

Den som ikkje har kravt avløysing før forbodet tek til å gjelda, kan ikkje krevja skadebot for tap som han har lide for skuld forbodet, eller i tilfelle lid til dess avløysingssaka er avgjord.

0Endra med lover 15 des 1967 nr. 2, lov 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96, 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736).
§ 15.Departementet kan gjeva føresegner om merking av dyr som vert slept på beite, om sams sanking, og om slepping av dyra.

Kap. IV. Ymse føresegner.

§ 16. Den som med vilje eller av aktløyse er årsak til at husdyr kjem ulovleg inn på annan manns grunn vert straffa med bot. Medverknad blir ikkje straffa.

Men straff vert ikkje nytta dersom forsøminga berre har ført med seg at det er kome husdyr ulovleg inn på område ovanfor barskoggrensa.

Brot vert påtala av det offentlege når kommunen krev det. Med påtalekravet skal det fylgja fråsegn frå kommunen.

0Endra med lover 28 mai 1971 nr. 51, lov 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96, 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
§ 17.Denne lova tek til å gjelda frå den tid Kongen fastset. Samstundes held desse føresegnene opp å gjelda:

- - -

Dei beiteforbod som er fastsette etter § 15 i lov om skogvern skal gjelda inntil dei vert brigda eller oppheva med heimel i denne lova.